– Det er jo veldig gøy. Eg har jo vore lenge på sidelinja og sett på og vore tilskodar.
NRK møter Jakob Ingebrigtsen i Zürich, der han spring ein ny 1500 meter torsdag kveld, berre nokre dagar etter at han gjorde comeback på distansen med ein fjerdeplass.
– Det var ikkje så gale i Silesia som eg kanskje hadde frykta. Så er det veldig små marginar som lar meg gå frå første- og andreplass til fjerdeplass, fortel han.
Tysdag kom også nyheita om at både Jakob Ingebrigtsen og rivalen Josh Kerr er invitert til World Athletics Ultimate Championships i Budapest, i midten av september.
Dei to har ikkje møttest på to år. Til arrangøren har Kerr stadfesta at han stiller på 1500 meter, men Jakob Ingebrigtsen seier til NRK at han er usikker på kva distanse han sjølv skal løpe – at det enten blir 1500 eller 5000 meter i Budapest.
– Kva tenker du om å kunne møte Kerr?
– Det tenker eg er fint og flott, som å springe med alle dei andre, seier Ingebrigtsen, som tok EM-gull på 5000 meter i Birmingham.
Avgjerde om kva distanse han spring, tek han seinare.

DUELL: Kerr og Ingebrigtsen to kan møtest for første gong sidan OL i Paris i 2024.
Foto: Aleksandra Szmigiel / REUTERS,NTB
- Tidlegare denne veka gjekk Gjert Ingebrigtsen ut i ein podkast hos Stavanger Aftenblad og sa beklagar til sin familie. Medierådgivaren til løpebrørne svarte at det var vanskeleg å få tak på kva han beklaga for. Jakob Ingebrigtsen ønsker ikkje å kommentere saka overfor NRK.
– Ingen bryr seg
Det skjer svært sjeldan at Kerr spring 5000 meter. Under EM snakka han om distansen i ein løpepodkast.
– Ingen bryr seg om 5000-meteren, det er det som er problemet. Det er ikkje noko morosamt å løpe heller. Det er den hardaste distansen å løpe, og samtidig den folk bryr seg minst om, sa Kerr i podkasten «Paulas run club».

VANT: Josh Kerr jublar for siger på ei mil under Samveldelekane første august i år.
Foto: Kin Cheung / AP,NTB
– Kva tenker du om dei kommentarane? spør NRKs reporter.
– Ein kan jo ikkje nødvendigvis sjå ned på andre øvingar. Det er jo VM, Diamond League og dei beste stemna og konkurransane, og alle dei er verdas beste i sine respektive øvingar, seier Ingebrigtsen og legg til:
– Viss løparar fokuserer på seg sjølv og andre fokuserer på seg, så er jo nivået i utgangspunktet høgt på alle ting.
– Det er jo eit lite svakheitsteikn personlegheitsmessig å måtte rakke ned på kvarandre for å fremme seg sjølv, legg bror Henrik Ingebrigtsen til.

Ingebrigtsen sleit i fjor haust og vinter med ein akillesskade. Etter akillesoperasjonen i februar har han sakte med sikkert jobba seg tilbake mot verdstoppen.
Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK
– Øydeleggande for idretten
I juli viste Kerr kjempeform då han sat ny verdsrekord på ei engelsk mil. Etter løpet sa han at han gledde seg til nordmannen var tilbake frå skaden sin.
Likevel stilte ikkje briten til nokon distansar under EM i Birmingham i starten av august, noko Sandnesbuen var kritisk til.
– Det øydelegg sporten visst dei beste ikkje stiller. Vi har alle ulike planar, men eg kan aldri sjå meg sjølv gjere det (stå over meisterskap), sa Ingebrigtsen til BBC etter gullet på 5000 meteren.

EIN OG TO: Josh Kerr tok VM-gullet på 1500 meter i Budapest, føre Jakob Ingebrigtsen.
Foto: AP
– Var det retta mot ham?
– Det er retta mot dei som føler seg treft. Eg tenker at friidrett i utgangspunktet er ein idrett som har vore i vekst dei siste ti åra, som bygger veldig på konkurransar og spesielt spissing inn mot meisterskap, svarar han NRK.
– Så du meiner han burde vore med i EM?
– Eg meiner alle burde vore med så mykje som ein kan. Det vil alltid vere i ein parentes at «du blei meister, men den og den var ikkje med». Det er sjølvsagt øydeleggande for meisterskapa, arrangementa og absolutt idretten.

KLAR: Jakob Ingebrigtsen spring si tredje konkurransen i år når stiller i Zürich torsdag kveld.
Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK
Kerr har peika ut verdsrekorden på 1500 meteren som sitt neste store mål. Den har Hicham El Guerrouj på 3.26.00 frå 1998. Jakob Ingebrigtsen har sprunge 3:26.73 og Kerr 3:27.62.
- Sjå Diamond League frå Zürich på NRK torsdag frå klokka 20.00
Publisert
Oppdatert


