– Eg synest kong Harald var ein fantastisk god konge, også for oss republikanarar.
Den tidlege SV-profilen Hallgeir Langeland sit med ølglaset i handa på Alexander pub, ei brun bule midt i Stavanger sentrum.
For det er ikkje berre i norske kyrkjer at kong Harald blir minna og hylla om dagen.
Men det spesielle med den tidlegare SV-profilen frå Rogaland er at han er imot kongehuset av prinsipp.

– Han inkluderte alle, seier Langeland om kong Harald V.
Foto: Ole Andreas Bø, / NRK
Fire gonger, mellom 1997 og 2013, stemte han for å avvikla monarkiet.
– Du skal ikkje arva ei stilling. Du skal bli valt til ei stilling.
Men SV-veteranen er full av lovord om vår avdøde konge. Han har alltid likt kong Harald godt.
Han trekker spesielt fram talen frå hagefesten i Slottsparken i 2016 – som gjekk verda rundt.
– Han inkluderte alle, og sa at Noreg det er «vi». Det var ein fantastisk tale.
Var ein folkekjær konge
Kong Harald V var ein folkekjær konge, også blant republikanarar, skriv Klassekampen.
Avisa har stilt spørsmålet: Kvifor har kongen vore så populær blant republikanarar og venstreradikale?
For kong Haralds død har også prega republikanarar. Sjølv organisasjonar som jobbar aktivt for å avskaffa monarkiet held no igjen.
Leiar Craig Aaen-Stockdale, som er leiar i foreininga «Noreg som republikk», understrekar at dei ikkje ønsker ein prinsippdebatt nå i respekt for dei sørgande.
Han viser til ei pressemelding foreininga har sendt ut.
– Noreg som republikk jobbar for å avvikle monarkiet, men dette dreier seg om prinsipp og ikkje personar. Ein prinsippdebatt vi lèt ligge i ein periode av respekt for dei sørgjande, heiter det i pressemeldinga.
Men foreininga, som vil ha slutt på at kongetitlar går i arv, har ikkje den store medvinden om dagen.
Ei fersk NRK undersøking viser at sju av ti vil behalde monarkiet. Dette er ei oppgang frå sist måling.
Var vanskeleg å mislike
– Kong Harald, han var det så veldig, veldig vanskeleg å mislike, seier forfattar og vaklande republikanar Tore Renberg.
Renberg vedgår at det har vore utfordrande å halde på prinsippa frå ungdommen i møte med kong Harald.
Forfattaren meiner det handlar om det utrøyttelege nærværet kongeparet hadde blant folk.
– Denne kongen vår har vandra frå gard til gard, med staven sin og kona si ved sida av, og har sett folk rett i auga, med denne uthalda. Han har sett ut som han elskar å gå på jobb.

Forfattar Tore Renberg var republikanar i ungdommen, men seier det har vore vanskeleg å vere mot monarkiet under kong Harald si tid.
Foto: Petter Sandell
– Den maktkritikken meg og mange andre målbar som unge studentar har det vore vanskeleg å stå i, seier Renberg og held fram:
– Fordi kongen vår har sjølv sett dette til side og sagt: Mi type makt er ikkje slik. Mi type makt som konge, den er ikkje herfrå og ned. Eg snakkar med dykk. Eg er ein av dykk.
Gjorde Noreg større
Kjell Terje Ringdal, som er førstelektor ved Institutt for kommunikasjon ved Høgskulen Kristiania, peiker på at det største avtrykket til kongehuset ligg i nettopp evna til å samle.
-
Kjell Terje Ringdal
- Førstelektor i retorikk ved Høyskolen Kristiania
– Det kong Harald gjorde, og som kong Haakon sannsynlegvis kjem til å halde fram med, er at han altså har gjort Noreg større utan å flytte ei grense.
– Rett og slett ved å inkludere fleire og ha større grad av toleranse både for dei skeive, for barn, unge og dei som elles kunne seiast å vere utanfor. Det er jo ein god funksjon å ha når ein er konge.
Fekk kjeft frå stortingspresidenten
For Langeland var det meir enn berre talane som gjorde at han likte kong Harald. Han har også ei meir personleg erfaring.
På ein kongemiddag fleire år tilbake gjorde den tidlegare SV-politikaren ein tabbe han ikkje visste om.
– Eg blei sittande ganske nære dronning Sonja og kong Harald, og kunne liksom vinka bort til dei. Etter tre-fire rettar tenkte eg: «Nå tar eg ein røyk».
Langeland tok ikkje berre ein røyk, men to.

Middagen til kongeparet for stortingsrepresentantane i 2024. Dette er eit anna arrangement enn det Langeland omtalar.
Foto: NTB
– Då middagen var slutt kom stortingspresidenten springande og skjelte meg ut: «Ingen har reist seg før kongen på 100 år». Eg måtte berre seia at eg ikkje var klar over reglane.
– Så ser eg at det kjem masse folk bort til meg, mellom anna kongen og dronninga. Kongen tar meg i handa og seier: Langeland, vi trudde du var sjuk, men du var berre røyksjuk.
– Så han redda på ein måte dagen for meg.
Publisert


