Onsdag speler Viking sin første kamp i Meisterligaen på bortebane mot tyske Stuttgart.
Ein knapp månad seinare kjem stjernegalleriet i Bayern München til Stavanger og Viking stadion.
Kampen er allereie utseld, og på svartebørsen blir billettane no lagt ut for skyhøge summar.
NRK har funne billettar for nærmare 26.000 kroner på enkelte nettsider for vidaresal.
Viking FK sel europapass for vaksne til mellom 1549 og 2399 kr. Passet gir tilgang til alle kvalifiserings- og meisterligakampar, medan enkeltbillettar til Bayern München-kampen kostar mellom 329 og 499 kroner.

Full jubel blant Viking-spelarane etter bragda i Zagreb.
Foto: Carina Johansen / NTB
Men sjølv om praksisen er ulovleg, finst det få sanksjonsmoglegheiter i møte med svartebørssal.
Ikkje straffesanksjonar for privatpersonar
I Noreg er det forbod mot prispåslag ved vidaresal av billettar til kultur- og idrettsarrangement, populært kalla svartebørsloven.
Likevel blir det ikkje straffa.
– Per i dag er det ikkje straffesanksjonar for privatpersonar som bryt reglane i svartebørslova, fortel Nora E. Wennberg Gløersen, som er seniorjurist i Forbrukarrådet.

– Det blei vurdert som usikkert om straff faktisk ville gjere forbodet meir effektivt, seier Wennberg Gløsen.
Foto: Forbrukerrådet / PRIVAT
– Viss du derimot vidaresel billettar i stor skala, kan det bli vurdert som næringsverksemd. Då kan Forbrukarrådet gripe inn, held ho fram.
Wennberg Gløersen forklarar at då svartebørslova blei laga låg departementet til grunn at eit forbod kunne ha stor effekt på folks handlemønster, sjølv utan straff.
– Det blei vurdert som usikkert om straff faktisk ville gjere forbodet meir effektivt, og om det var riktig bruk av politiets ressursar å etterforske denne typen saker, held ho fram.
Her finn du alt om Viking i Meisterligaen:
– Knallhard indre justis
Supporterfeltet til Viking FK, Felt O, er blant dei som reagerer kraftig på at billettar til storoppgjeret på Viking stadion blir lagt ut for fleire tusen kroner.

Fleire supporterar reiste til Zagreb for å følge Viking i kvalifiseringskampen til Meisterligaen.
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK
Det fekk dei til å rykke kraftig ut på Facebook:
– Ein tydeleg beskjed frå oss, om at viss vi tar folk i å selje billettar på Felt O for å tene pengar, så skal vi dedikere all vår tid til å spore dei opp og sørge for at dei aldri set sin fot på supporterfeltet vårt igjen. Dette handlar om lidenskap, ikkje økonomisk vinning, var beskjeden.

Roar Åkerlund er supporterleiaren i Vikinghordene, som er den største supportergruppa på Felt O.
Foto: Sivert Sandvik Eldøen / NRK
Vikings supporterleiar Roar Åkerlund er sterkt kritisk til at folk på supporterfeltet sel billettane sine.
– Vi kan ikkje stenge folk ute frå stadion, men vi kan stenge dei ute frå supporterklubben og feltet vårt. Det er ein knallhard indre justis, seier han.
Han oppfordrar folk til å selje billetten til pålydande eller til nokon som ikkje har råd til billetten.
– Dette er folk du veit kjem på stadion for å støtte Viking. Det er det viktigaste, seier han.
I verste fall fryktar Åkerlund at folk som ikkje forstår supporterkulturen kjem på kampane.

Kampen mellom Viking og Bayern München blir spelt på Viking stadion den 13.10.
Foto: NRK
– Vi risikerer å få folk som lager kvalm på feltet, som for eksempel kjeftar på at flagga kjem i vegen for sikten. Det kan fort skje når billettane seljast til folk som ikkje nødvendigvis høyrer heime på feltet, seier han.
– Det er ulovleg
Leiinga i Viking reagerer også på praksisen.
Salsansvarleg Børge Moi Nilsen understrekar at dette bryt med regelverket.
– Det er ikkje lov å tene pengar på vidaresal, seier han.

Børge Moi Nilsen, her saman med Bjarte Lunde Aarsheim, Zlatko Tripic, og Veton Berisha.
Foto: Carina Johansen / NTB
– Vi synest ikkje noko om det. Det er ulovleg, og vi liker det ikkje. Vi tilrår ikkje å gjere det, seier Moi Nilsen vidare.
Nora Wennberg Gløersen i Forbrukarrådet seier at det kan vere risikabelt å kjøpe billettar via vidaresalssider.
– I dag er dei fleste billettar digitale, og ein QR-kode er alt som trengst. Personar med uærlege hensikter kan enkelt forfalske billettar, eller selje same billett fleire gonger.
Publisert


