Saka oppsummert
• Ei ny kartlegging frå Noradapt og Vestlandsforsking viser kva delar av vegnettet som kan vere mest utsette for klimaendringar fram mot 2050.• Trollstigen blir vurdert som vegen med høgast klimarisiko, mellom anna på grunn av bratt terreng, skredfare, vind og nedbør.• Oslo sentrum og Bergen sentrum kjem også høgt på lista fordi mykje trafikk og viktig infrastruktur er samla på små område.• Forskar Carlo Aall meiner norske vegar ligg langt etter i klimatilpassinga og at etterslep i vedlikehald må takast igjen.• Statens vegvesen er samd i at behovet for klimatilpassing er stort, men meiner det vil bli svært dyrt å sikre alle vegar mot all risiko.• Vegvesenet peikar på at beredskap og klare planar ved skadar blir ein viktig del av klimatilpassinga framover.
– Vegane i landet ligg langt etter.
Det seier professor Carlo Aall i Vestlandsforsking
Han meiner norske vegar ikkje er godt nok rusta for meir ekstremvêr, meir nedbør og større belastningar i åra som kjem.
Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden, er samd.
– Det er vanskeleg å vere ueinig i det, seier han.
Samtidig meiner han det avgjerande spørsmålet er kor godt rusta vegnettet skal vere.
– Viss du skal vere førebudd på alt, heile tida, vil det ha ein veldig stor kostnad.
Bergen har blant dei mest utsette vegane i landet, blant anna grunna flom. Biletet er tatt i 2020. Foto: Ingvild Ulset / Ingvild Ulset
Trollstigen på topp
Ei ny kartlegging frå Noradapt og Vestlandsforsking viser kva delar av vegnettet som kan vere mest utsett fram mot 2050.
Trollstigen i Møre og Romsdal kjem høgast.
På tredje- og sjuandeplass kjem kanskje meir overraskande område: Oslo sentrum og Bergen sentrum.
Her dei ti mest utsette vegane i landet:
Forskarane har sett på fylkesvegar, riksvegar og europavegar i heile landet.
Dei har vurdert risiko for mellom anna kraftig nedbør, vind, skred, stormflo og overvatn.
Men vêr er berre ein del av reknestykket.
Difor kjem byane høgt
Forskarane har også teke med kor mykje trafikk som går på vegane, kor sårbare dei er, og kva sikringstiltak som allereie finst.
– Vi kombinerer data om klimaendringar med samfunnsendringar, seier Aall.
Difor kan ein veg i ein stor by kome høgt på lista, sjølv om han ikkje ligg i området med det mest ekstreme vêret.
Seniorforsker Carlo Aall seier vegane i landet må bli mykje betre rusta for klimaendringar. Aall er leiande seniorforskar ved Vestlandsforsking og leiar av Norsk senter for bærekraftig klimatilpasning. Foto: Oddgeir Øystese
I Oslo og Bergen er store mengder trafikk og infrastruktur samla på små område.
– I Oslo er det mengda trafikk som slår ut. Det er ikkje berre klima, men også korleis trafikkmengda er, at det korkar seg, seier Aall.
På Trollstigen er forklaringa annleis. Der trekkjer bratt terreng, skredfare, vind og nedbør risikoen opp.
Både vegvesenet og forskarane seier seg samde om at det er fleire vegar i landet med klimarisiko. Eit av dei er vegen over Strynefjellet.
Slik vurderer forskarane vegane
Forskarane deler vegnettet inn i ruter på éin kvadratkilometer og gir kvar rute ein samla klimarisiko. Dei ser på fire hovudområde:
Fare: Kor utsett området er for mellom anna kraftig nedbør, sterk vind og temperaturar som passerer null grader.
Eksponering: Om vegen ligg utsett til for skred, stormflo og overvatn.
Sårbarheit: Kor mykje trafikk som går på vegen, og kor stor del som er tunge køyretøy.
Respons: Kva sikringstiltak som allereie finst, som fanggjerde, skredoverbygg, erosjonssikring og overvaking.
Desse faktorane blir vekta saman til ein samla klimarisikoindeks. Fare og eksponering tel mest.
– Har ikkje gjort jobben med dagens klima
Aall meiner kartlegginga bør brukast til å prioritere kvar pengane til sikring og vedlikehald skal gå.
Han meiner Noreg allereie har eit etterslep.
– Vi har ikkje gjort jobben med dagens klima. Dersom vi gjer den, er halve jobben med framtidas klima gjort.
Han meiner det ikkje er mogleg å byggje seg ut av alle problema.
– Det blir for dyrt å berre fortsette å byggje seg ut av problemet. Vi klarer ikkje det.
Svenn Evil Finden, avdelingsdirektør drift og vedlikehold i Statens vegvesen, seier det er umogleg å skulle gjere kvar veg i landet fritt for klimarisiko. Foto: Tale Hauso
Finden i Statens vegvesen er eining i at vegnettet har eit stort behov for klimatilpassing.
Men legg til at klimatilpassing også handlar om å vere førebudd når skaden først skjer.
– Det er ein balanse i kva som er godt nok rusta. Mykje blir også gjort gjennom beredskap og ved å ha klare planar dersom noko skulle skje.
Vegen gjennom Bjørvika i Oslo er nummer tre av dei mest utsatte vegane i landet. Foto: Ørn E. Borgen / NTB
Publisert
Oppdatert


