– Eg får gåsehud berre du spør meg, seier Per Egil Hagen.
Denne hausten skal han reise Europa rundt for å følge Viking. Første stopp er Bergen og Brann – etter kvart ventar Sevilla, Bayern og Madrid.
– Eg synest berre det er heilt sinnssjukt at eg får lov til å oppleve dette.
For det er mykje å oppleve denne hausten om du er Viking eller Glimt-supporter.
Eit nådelaust kampprogram gir lite tid til at verken supporterar eller spelarar kan kvile mellom slaga.
Krevjande for spelarar og familiar
– Nå handlar det mest om å spele kampar, og restituere godt mellom kampane, seier Viking-kaptein Zlatko Tripic.

– Nå handlar det mest om å spele kampar, seier kaptein Zlatko Tripic.
Foto: Carina Johansen / NTB
Etter landslagspausen er det fullt køyr igjen, med åtte kampar på fire veker for dei mørkeblå.
– Det blir ein tøff månad, ikkje berre for oss i Viking, men også for familiane. Det er ikkje så mykje dei får sjå til oss denne månaden, seier Viking-trenar Morten Jensen.

– Det er serien som er det viktigaste, seier Viking-trenar Morten Jensen.
Foto: Ole Andreas Bø / NRK
– Men slik er det. Vi har kvalifisert oss for det gjævaste selskapet, og då får vi gjere det vi kan for å konkurrere både i Eliteserien og Meisterligaen.
Ikkje berekraftig over tid
Med ni kampar igjen av sesongen står både Bodø/Glimt og Viking med 50 poeng.
Dei to laga knivar om førsteplassen i eliteserien, samtidig som begge tøffe oppgjer i Meisterligaen.

Glimt-trenaren har tidlegare uttrykt bekymring for eit tett kampprogram.
Foto: Martin Steinholt / NRK
Bodø/Glimt møter også eit knallhardt kampprogram dei neste vekene, med oppgjer mellom anna mot Napoli og Borussia Dortmund.
Laget skal spele heile fem kampar på 15 dagar, og Glimt-trener Kjetil Knutsen har mellom anna uttrykt bekymring for det heftige kampprogrammet.
– Det er tøft og utfordrande, men vi må berre optimalisere alt som går på restitusjon og søvn, har Knudsen tidlegare sagt til NRK.
– Fotballen må bli betre til å ta vare på helsa til spelarane. Det kampkøyret dei står i, vil ikkje vere berekraftig over tid.

– Eg trur det skal gå helt fint, seier Helmersen.
Foto: NTB
Glimt-spiss Andreas Helmersen har på si side vist liten uro for den høge kampbelastninga.
– Eg har gjort mykje riktig, så eg trur det skal gå helt fint.
Kjem ikkje til å bruke det unnskylding.
Viking-trenar Morten Jensen er også mindre uroa for slitasje på spelarar.
– Eg forstår det når ein snakkar om Haaland og det kaliberet der, som har ekstremt mange kampar i Premier League, ulike cupar og går langt inn i Meisterligaen. Men eg ser ikkje heilt utfordringa for våre gutar, seier Jensen.
– Vi har ein stor stall som er rigga for dette, og det er ikkje så mange kampar i Meisterligaen vi skal spele. Det er vel fem til, og så er det vinterpause og eliteserien er over.
Publisert


