Denne helga inviterer Jakob, Filip og Henrik Ingebrigtsen til løpefest i Sandnes sentrum.
Alle dei tre stjernebrørne skal sjølv delta i løpet.
Med distansar frå 1500 meter til halvmaraton er eit av måla å gi vanlege løparar smaken på nye distansar.
Og det er særleg éin distanse dei har lyst til å framheve.

Jakob, Henrik, Filip og Kristoffer Ingebrigtsen er initiativtakarane bak arrangementet.
Foto: Øystein Otterdal / NRK
– 1500 meter er jo ein utradisjonell distanse i gateløp, seier Jakob Ingebrigtsen til NRK.
– Det er ingen som har eit forhold til 1500-meteren. Ein har gjerne fått eit forhold til 3 kilometer i forsvaret, eller 60 meteren på ungdomsskulen, seier han vidare.
– Det er jo ei jokerøving som er ganske interessant og ganske kompleks.
– Henrik og Jakob hadde jo ein idé om at vanlege folk hadde sjukt lyst å prøve 1500-meter. Det er derfor vi har det på programmet, seier Filip Ingebrigtsen.

Vi har lyst til at vanlege folk skal få prøve 1500 meter, seier Henrik Ingebrigtsen.
Foto: Øystein Otterdal / NRK
– Motsett, vi har lyst til at vanlege folk skal få prøve 1500 meter. Dei har ikkje så lyst trur eg, bryt Henrik Ingebrigtsen inn.
Mettingspunkt for antal løp
Brørne har sett seg eit hårete mål om at løpet etter kvart skal ha rundt 10.000 deltakarar.
Enn så lenge så må dei nøye seg at rundt 2500 løparar så langt er påmelde. Arrangøren ventar at nærmare 3000 vil stå på startstreken.

Brørne har sett seg eit mål om eit oppmøte på 10.000 på sikt.
Foto: Øystein Otterdal / Øystein Otterdal/NRK
– Eg veit at med utsikt til 3000 så er folk fornøgde, seier Øystein Jarlsbo, pressekontakt for Runfest og mediekontakt i Noregs friidrettsforbund.
– Viss dette blir ein suksess, så har vi ei forhåpning om at det på sikt blir 10.000, seier han vidare.
Det har lenge blitt peikt på at vi er i ei såkalla løpebølge, og det dukkar stadig opp nye løp rundt om i Noreg.
Berre i Rogaland er det etablert fem nye løp i 2026, og Runfest er eitt av dei.
– Eg trur ikkje vi har nått eit mettingspunkt for løping, men vi nærmar oss kanskje eit mettingspunkt for antal løp, seier Espen Tønnessen, professor i treningsvitskap ved Høyskolen Kristiania.
Espen Tønnessen
Professor i treningsvitskap ved Høyskolen Kristiania
– Mange vel seg nokre få hovudløp i året. Dermed konkurrerer arrangørane om både dei same løparane og dei same helgene. I område der det allereie blir arrangert mange løp, kan det derfor bli vanskeleg for nye løp å etablere seg, seier Tønnesen og held fram:
– Målet om 10.000 er ambisiøst, men ikkje urealistisk dersom dei klarer å gjere arrangementet til noko folk ønsker å komme tilbake til, seier professoren.

Stavanger maraton er blant dei mest populære løpa i Rogaland.
Foto: Odd Rune Kyllingstad
Tar tid å etablere nye løpstradisjonar
Sjølv om dei tre brørne vil slå eit slag for 1500-meteren, så er det halvmaraton og 10-kilometeren som er dei mest populære distansane.
Professor Espen Tønnessen trur det kan vere ein høgare terskel for mosjonistar å melde seg på 1500 meter.
– Samtidig synest eg ideen er god. Det tar tid å etablere nye løpstradisjonar, og korte løp kan absolutt få ein større plass, særleg blant ungdom, løpeklubbar og mosjonistar som ønsker noko anna enn stadig lengre distansar.

Gateløpsfestivalen blir arrangert i Sandnes.
Foto: Ole Andreas Bø / NRK
Filip Ingebrigtsen peiker på at fordelen med gateløp er at ein for stå på same startstrek som ein olympisk- eller verdsmeister.
– Det er ikkje ofte ein får spele fotballkamp mot den beste fotballspelaren i verda, seier Ingebrigtsen.
Jakob Ingebrigtsen trur det vil vere gode moglegheiter til å levere sterke tider under løpet i helga.
– Kjem du under 3.30 på 1500 meter?
– Viss vi slepper svingane på banen, og er litt heldig med vindretninga så er det jo ingen grenser, seier Jakob, som forsikrar om at løypene vil vere kontrollmålte.

Jakob Ingebrigtsen lovar flate og raske løyper under løpet i Sandnes.
Foto: Øystein Otterdal / Øystein Otterdal/NRK
Har slite med skadar
Etter å ha slite stort med skadar i lang tid gjorde Jakob Ingebrigtsen comeback under EM i Birmingham i august. Den olympiske meisteren stiller både til 5000 meter og 1500 meter denne helga.
– Er du halvredd før du skal springe?
– Eg er fullstendig uredd.
– Du fryktar ikkje nye skadar?
– Eg driv med løping fordi det er kjekt. Eg synest det er kjekt med trening og, men det er i konkurransar at eg verkeleg kan ta meg ut. Det er det eg brenn for.
Etter arrangementet i Sandnes ventar trening på heimebane, før treningsleir og førebuingar til det neste store målet i 2027.
– Det er å vinne VM, seier Jakob.

Jakob Ingebrigtsen vann overlegent på 5000 meter under Worlds Athletics Ultimate Championship i september.
Foto: AP
Publisert


