
Statsforvaltaren i Rogaland opprettheld motsegn mot Lyse Kraft sin justerte søknad om nye kraftverk i Røldal-Suldalvassdraget.
Eit motsegn er kort fortald ein formell juridisk protest. Statsforvaltaren kan fremme eit motsegn viss dei meiner noko er i konflikt med nasjonale eller regionale interesser.
Årsaka til motsegnet er at Statsforvaltaren meiner forslaga som er lagt fram for å skåne villreinen mot konsekvensane av kraftutbygginga, ikkje er konkrete nok.
«Forslaget frå Lyse, slik det no ligg føre, er likevel ikkje konkret nok til at vi kan vurdere i kva grad dei negative konsekvensane for villreinen vil bli redusert. Vi ser det derfor som naudsynt å vidareføre motsegn», heiter det i utsegna frå Statsforvaltaren i Rogaland.
Planane i Røldal-Suldalvassdraget er Noregs største kraftutbygging på 40 år. Planen er å utvida frå 9 til 13 kraftverk, og prosjektet har ein prislapp på 8–9 milliardar kroner.
Men gigantplanane har møtt motstand. Fleire fryktar at utbygginga vil få konsekvensar for Noregs nest største villreinstamme, og lokalbefolkninga i område som fryktar negative konsekvensar for natur- og friluftsliv.


