– Det er ganske krevjande når kornet er veldig fuktig, seier Christian Todnem.
Det våte vêret har ført til travle tider for Todnem, som i tillegg til å vere bonde sjølv, hjelper til med innhaustinga ved ei rekke gardar på Jæren.

Årets kornhaust er den dårlegaste på fleire tiår på Jæren.
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK
– Eg har aldri sett det er så ille som det her før, seier han og held fram:
– Eg mistar hår kvar dag regnet kjem. Det blir mindre og mindre avlingar kvar dag det regnar. Det er ganske fortvilande.

Christian Todnem seier det blir mindre avlingar for kvar dag det regnar.
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK
Mens sjølv om Todnem nå køyrer frå gard til gard, gjer det tette regnet det vanskeleg å komme ut med maskina.
Årets kornhaust er den dårlegaste på fleire tiår på Jæren, og nå fryktar dei at store delar av kornet kan gå tapt.
Ser på Yr og blir deprimerte
Halvparten av kornet på Jæren står framleis ute. Det bekymrar landbruksrådgivar Arne Vagle.

Landbruksrådgivar Arne Vagle seier at jorda i verste fall må stå til våren og pløyast opp igjen.
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK
– Som vi ser i dei legdene her. Dei bryt saman kvar dag, og så begynner det å spire igjen, seier Vagle, medan han viser fram korn som er i ferd med å bli øydelagt.
– Då er det ikkje vits i å hauste i det heile, for det kan ikkje brukast til noko. I verste tilfelle kjem mykje av desse åkrane berre til å stå til våren og må pløyast opp igjen.
Landbruksrådgivaren seier han dagleg blir kontakta av fortvilte bønder.
– Heile avlinga står ute, og dei får ikkje hausta. Dei sit og ser på Yr og blir deprimerte.

– Det er dei som har nokså mange hundre mål ståande ute ennå. Og det er jo masse pengar, seier landbruksrådgivar Arne Vagle.
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK
– Eg synest dette er vanskeleg. Det er vel noko av det tyngste i jobben min, når du ikkje har råd eller hjelp til desse stakkars bøndene som har mykje korn uteståande nå.
– Det er dei som framleis har nokså mange hundre mål ståande ute. Det er jo masse pengar.
Fryktar klimaendringar
Kornbonde Tor Anders Haga ser dystert ut på jorda sine. Han fryktar klimaendringar kan gjere det tungt å dyrke korn i åra som kjem.

Kornbonde Tor Anders Haga (t.h) ser dystert ut på jorda på garden sin.
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK
– Heldigvis har eg ikkje så mykje. Det er verre for dei som lever av det. Eg har heldigvis storfe utanom som eg kan dyrke gras til.
Sjølv som situasjonen er krevjande på Jæren, melder Norsk landbruksrådgiving om gode avlingar i andre delar av landet.

Andre stader i landet ser korhausten betre ut.
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK
Det ligg an til å bli hausta 77.000 tonn meir matkveite i år enn i fjor.
Det er heile 59 prosent over gjennomsnittet dei siste fem åra, melder Felleskjøpet Agri marknadsregulering.
– Ekstra gledeleg er det at ein stor del av kveiten held matkvalitet. Det gir svært god tilgang på norsk matkveite denne sesongen, seier Seniorrådgivar Astrid Een Thuen.
Det er særleg på Austlandet at kornhausten har innfridd. Her har avlingane for kveite og havre gjort det langt betre enn venta.
I Trøndelag har også kornhausten vore krevjande. Likevel blir det meldt om gode avlingar enkelte stader i fylket.
Publisert
Oppdatert


