– Eg bruker KI dagleg eigentleg. Det blir fort brukt til kvar oppgåve, seier Even Flølo (20).
Han tek bachelor i Energi og petroleumsteknologi ved Universitetet i Stavanger, og bruker kunstig intelligens ofte for å finne fram formlar til oppgåver.
– Sit ein fast er det enkelt å ta bilde av boka og sende det til KI. Oppgåva blir løyst, men kor mykje ein lærer er eit godt spørsmål, seier Flølo.
1. årsstudenten seier alle medstudentane hans også er flittige i bruken av KI. Og det er dei ikkje åleine om.

Even Flølo er på sitt første år av bacheloren i Energi og petroleumsteknologi ved Universitetet i Stavanger.
Foto: Fride Audunsdotter Westvik / NRK
For litt over 9 av 10 studentar bruker KI til studiearbeidet, viser Studiebarometeret for 2025, frå Direktoratet for Høgare utdanning og kompetanse.
NRK har tidlegare omtala at fleire studentar droppar heilt å kjøpe pensumbøker.
Og at dei heller vel å bruke ChatGPT framfor boka.
Sjølv om nesten alle studentar bruker kunstig intelligens i studiearbeidet, kjem det også fram i same undersøking at berre 21 prosent svarer at dei får tilstrekkeleg opplæring til å bruke KI som studieverktøy.
Læring er trening
– Vi ser mykje dum bruk av KI- blant studentar, seier Tom Ryen.
Han er instituttleiar ved Institutt for data- og elektroteknologi ved Universitetet i Stavanger. Ryen har fordjupa seg i blant anna KI i utdanning.
Han har sett mange døme der studenten ikkje ein gong prøver å skjule at KI er brukt til å løyse ei oppgåve.

Tom Ryen er instituttleiar ved Institutt for data- og elektroteknologi ved Universitetet i Stavanger.
Foto: Fride Audunsdotter Westvik / NRK
Difor har Ryen fleire råd til studentar om korleis ein kan bruke KI som læringsverktøy på ein god og smart måte:
- Det første er å tenke på den som ein god hjelpar, ein studentassistent. Den kan hjelpe deg vidare viss du står fast med oppgåver, men gjer ikkje oppgåva for deg.
- Ein kan også bruke KI til å formulere seg betre eller språkvaske ein tekst. Det kan vere ei god støtte. Må vere obs på kjeldetilvising, det er viktig at ein sjølv har lest kjeldene KI refererer til.
- Heile poenget med at vi studerer, er at vi skal lære. Om ein ikkje forstår, har ein har dumma seg ut, ifølge Ryen.
Ryen legg vekt på at studenten sjølv må tenke: Korleis skal eg lære på best mogleg måte?
Og ikkje berre lure seg sjølv.
– Nokre seier at bruk av KI gjer oss dumme. Det kan skje om ein bruker det på ein feil måte. Læring er å trene hjernen, same som å bruke vekter når ein trenar musklar. Vi må gjere tungt arbeid når vi skal lære, seier Ryen.
NRK spurte KI sjølv, om korleis ein kan bruke den som eit læringsverktøy til studia.
Slik svarte KI på spørsmålet: «Korleis kan eg bruke KI til å studere på ein smart måte?»
– Kva syntest du om svaret eg fekk av KI?
– Eg synest det var eit veldig bra svar. Akkurat det eg kunne ha svart sjølv, seier Ryen.
KI er kome for å bli
Men uansett om ein bruker KI smart som student: Er det betre å berre droppe KI heilt?
Nei, ikkje heilt, meiner Ryen.
– Det er opplagt at ein skal bruke KI. Du får både støtte og idear, så KI er kome for å bli, seier han.
Men han peikar på at universiteta og høgskulane har eit ansvar for å lage tydlege rammer for studentane. Slik at ein ikkje er redd for å bruke KI som verktøy på ein riktig måte.
– Omgrepet ‘KI-juks’, det bør vi få vekk. Det bør vere eit ikkje-eksisterande tema. Det skal ikkje vere noko tvil om du skal kunne bruke KI, eller på kva måte du skal kunne bruke KI i ein kvar vurderingssituasjon.
Ryen meiner utdanningsinstitusjonane bør ta sjølvkritikk på dette området. Og meiner ein må sjå på korleis KI vil forandre utdanning.
– Eg meiner til dømes at heimeeksamen er utdatert og ikkje ei validert vurdering lenger. Med mindre ein forsvarer oppgåva munnleg.
– Vi har mykje vi må sjå på i framtida når det gjeld korleis studentar skal utdannast framover, seier Ryen.
Vanskeleg å la vere
Sjølv om råda er tydelege på kva som er god bruk av KI, synest likevel den ferske studenten Even Flølo i Stavanger at det kan vere vanskeleg å ikkje la KI gjere heile jobben.
– No i stad fekk eg litt hjelp frå KI, men så la eg det vekk for å prøve å kome vidare sjølv. Og det er jo mykje betre, seier Flølo.

Even Flølo prøver å legge vekk KI for å gjere oppgåver sjølv også.
Foto: Fride Audunsdotter Westvik / NRK
Hei!
Har du tankar om saka du har lest, eller innspel til andre ting eg bør sjekke ut? Send meg gjerne ein e-post!
Les også gjerne andre saker eg har skrive tidlegare.
Publisert


