Opp ei knirkande tretrapp, kikkande ned på rekke og rad med kyr, der står bondekona Heidi Line med mannen og storbonden Jon Line i eit lite minimeieri.
Dei tappar mjølk på pose.
Og den mjølka får nå ein ny og større marknad.

Kyrne står rett nedanfor minimeieriet.
Foto: Borghild Kvæven / NRK
– Alle kan jo komme hit, til gardsbutikken, men det er mykje enklare når det er ute i butikk, seier Heidi Line.

Tappinga av tankmjølka skjer i andre etasje i fjøset, rett ovanfor kyrne.
Foto: Borghild Kvæven / NRK
Ho og mannen fordeler arbeidet i det vesle klamme rommet: Heidi tappar og Jon skrur på kork før mjølkeposane blir skylt og lagt i ein iskald frys. Med eit islag på toppen.

Rett etter tapping kjøles mjølka raskt ned.
Foto: Borghild Kvæven / NRK
– Den er så lite behandla som i det heile tatt lovleg for å selja i butikk, seier Jon Line, og utdjupar:
– Denne mjølka er på hakket rett etter mjølk frå kua. Me har berre pasteurisert det som me er nøydd for å kunne selje i butikk.

Mjølka har eit lag fløyte på toppen, og må derfor vendast.
Foto: Borghild Kvæven / NRK
Både Jon og Heidi er opptatt av rein og kortreist mat.
Det er dei ikkje åleine om.
Eit overveldande fleirtal av oss vil handle kortreist, ifølgje forskingsinstituttet SIFO. Salet av lokalmat veks raskare enn matmarknaden generelt, ifølgje Landbruksdepartementet.
– Eit problem i Noreg
Inne på Rema 1000 Grannes i Stavanger har dei nettopp fått inn tankmjølka frå Line Gård og ventar allereie på neste levering.
– Me ser ein veldig stigande trend på produkt som ikkje er så prosessert. Det er definitivt ein marknad for det, seier butikksjef på Rema 1000 Grannes, Ole Christian Johnsen.

Sjølv om Rema 1000 er ein lågpriskjede, fortel butikksjefen at dei også har plass til litt anna utanom sortiment også.
Foto: Borghild Kvæven / NRK
Også seniorforskar ved Nofima, Paula Varela-Tomasco, som forskar på mat, ser folk er meir interessert og merksemd på reinare mat.
Ho er positiv til at tilgangen på slike typar råvarer blir betre, men per nå meiner ho at den ikkje er god nok:

Paula Varela-Tomasco leiar også forskingsprosjektet Food Link som ser på samanhengar mellom ultraprosessert mat, miljø og folkehelse.
Foto: JON-ARE BERG-JACOBSEN / JON-ARE BERG-JACOBSEN
– Det er kanskje eit problem i Noreg at det ikkje er gode nok moglegheiter for forbrukarane å få tak i lokalprodukt, seier ho og held fram:
– Andre stader i Europa er det veldig vanleg med marknader der forbrukarane kan kjøpe direkte frå produsentane. Her i Noreg er det ikkje like vanleg.
Ho legg til at Reko-ringar er eit godt alternativ og at det sjølvsagt finst marknader i Noreg også, men at dei ikkje er like utbreitt og hyppige som fleire andre stader i Europa.

Mjølk på pose, i disken hos Rema 1000 Grannes.
Foto: Borghild Kvæven / NRK
Varela-Tomasco presiserer at vanleg mjølk frå dei store meieriprodusentane som seljast i daglegvarebutikken i Noreg ikkje er ultraprosessert. Altså at det ikkje er problematisk å drikke denne.
Både Q-Meieriene og Tine heier på lokalprodusentar.
Tine skriv til NRK at det er kjekt det finst fleire meieribaserte produkt basert på norsk mjølk. Q-Meieriene fortel at dei heier på konkurranse som gir større mangfald for forbrukar.
– Aldri sett før
Men kva tenker potensielle forbrukarar sjølv?

Tor-Andreas Horne på handletur på Rema 1000 Grannes.
Foto: Borghild Kvæven / NRK
– Dette syns eg er kult fordi det er jo kortreist og du får eit større utval slik at du kan gjere meir bevisste val, seier Tor-Andreas Horne når han ser tankmjølka i Rema 1000 hylla.
Også Andreas Brovold blir interessert, og overraska over tankmjølka:
– Dette har eg aldri sett før, men det er spennande. Eg må nesten prøve, seier han og tar opp ein mjølkepose.

Andreas Brovold tar sjansen og testar ut tankmjølka.
Foto: Borghild Kvæven / NRK
– Så får me sjå om det smaker annleis då, seier han med eit smil.
Tilbake hos Line Gård fortel bøndene at dei håper å utvide til andre butikkjeder også, men ikkje kan utvide for mykje.

Jon Line tar ansvar for korking, skyljing og nedkjøling av tankmjølka under produksjonen.
Foto: Borghild Kvæven / NRK
– Dette er handarbeid, så det er ein del arbeid med kvar pose, så det er grense for kor mykje me kan produsere, seier Jon Line.
Produksjonen i dag er på ca. 200 liter og mens Heidi tapper mjølk i posar, fortel ho at det vil ta ca. 1 time.
– Men så skal det jo vaskast her etterpå og ordnast, legg ho til.

Dei starta med å selje tankmjølka i gardsbutikken sin, men etter stor etterspurnad har dei nå utvida salet til daglegvarebutikk også.
Foto: Borghild Kvæven / NRK
Publisert


