Viking-supporter Kurt Hetland fortviler. Bayern München er i Stavanger, og han har ikkje skaffa seg billett.
– Nå er det jo berre svartebørs, og det er så dyrt, seier Hetland.

Knut Hetland har ikkje klart å skaffe seg billettar til kampen.
Foto: Øystein Ellingsen / NRK
Det blir smekkfullt på Viking stadion når meisterliga-hymnen skal spelast tysdag kveld.
– Nå er det ganske ellevilt faktisk. Det er eit trykk som vi aldri har vore borti før. Vi kunne nok seld ut stadion berre til Bayern, seier salssjef i Viking, Børge Moi Nilsen.
Han er glad for at mange vil på kamp, men mindre glad i svartebørshaiane som skor seg på vidaresal.
20.000 for ein billett
– Det vi ser no er at det kostar mellom 4000 og 20.000 kroner for ein billett, seier Moi Nilsen.
– Vi prøver så godt vi kan å stoppe det. Det er mange tusen, titusen av siddisar som kunne tenkt seg å sjå denne kampen. Og så er det folk som har fått tilgang til desse billettane, som så kjøper dei for å tene pengar på dei. Det synest vi ingenting om.
Dei siste dagane har Viking sport opp fleire som forsøker å tene pengar på svartebørssal.
Det får store konsekvensar viss du blir tatt.
– Det har resultert i at dei mistar både europapasset sitt, og den billetten dei har seld vidare vil ikkje fungere. I tillegg så tar vi også sesongkortet frå dei.

Det er store konsekvensar for ulovleg vidaresal, fortel salssjefen i Viking.
Foto: Øystein Ellingsen / NRK
– Vi håpar jo at det er preventivt, og at folk ikkje sel vidare billettane sine.
Korleis dei avslørar dei som forsøker å tene pengar på vidaresal, vil dei halde tett til brystet.
– Det er ulike måtar. Eg har ikkje så lyst å seie så mykje om det, men det er forskjellige måtar vi finn ut av det, seier Moi Nilsen.
Ti personar skal ha møtt sanksjonar
Så langt er det ti personar som har møtt sanksjonar frå klubben.
– Dei som forsøker å tene pengar på vidaresal, korleis går dei fram?
– Det er ulike nettsider, det er eigne sosiale medium. Her er det mange variantar.
– Det er jo ganske skummelt, for du veit jo ikkje kven dei sel de til igjen. Dette har også noko med tryggleik å gjere, for Bayern-fans har jo ingenting å gjere på Felt O.

Billettane til Viking sine heimekampar i Meisterligaen er utselde for lenge sidan.
Men på svartebørsen finst det framleis billettar.
På nettstaden Stubhub som driv med vidaresal, er prisen for neste heimekamp mot Saba frå Aserbajdsjan 39.000 kroner.
– Det er galskap, men nokon nyttar jo sjansen, seier Kurt Hetland.
Han skal sjå kampen heime i sofaen.
Publisert


