– Viking er inne i ein hektisk periode med viktige kampar som kjem veldig tett, seier NRK sin fotballekspert, Carl-Erik Torp.
Etter 3-1-tapet mot Aston Villa i Meisterligaen onsdag kveld, står nøkkelkampane i kø for fjorårets seriemeistrar frå Stavanger.
Søndag kjem Tromsø til Jåttåvågen, medan det blir gullkamp mot Bodø/Glimt i Bodø neste fredag (30. oktober).
Berre fem dagar seinare ventar overraskingslaget Sabah FK i Meisterligaen – eit lag Viking bør ha tre poeng mot om dei skal ha håp om vidare avansement i verdas gjevast klubbturnering.
– Eg er ikkje i tvil om kva eg meiner er viktigast. For meg så må Viking prioritera Eliteserien. Dersom dei ikkje gjer jobben der, er Meisterligaen eit eingongseventyr, seier Torp.
– Inngangen til det Viking opplever i Europa er seriegullet i fjor, og det trur eg dei skjønar sjølv også. At dei må gjera jobben i serien. Men dei kjempar mot eit frykteleg godt Bodø/Glimt-lag, så det blir ein intens innspurt, held NRK-eksperten fram.

Carl-Erik Torp er fotballekspert i NRK og er klar på kva som er viktigast for Viking i haust.
Foto: Roy Kenneth Sydnes Jacobsen / NRK
– Nytt for Viking
To seriegull på rad vil stikka seg veldig fram i den lange historia til Viking, ifølge Torp.
– Blir det eit dilemma når dei møter Sabah i neste kamp i Meisterligaen, som dei bør vinna mot for å ha ein sjanse for avansement?
– Ja, og dette er er jo noko som er litt nytt for Viking. Det blir spanande å sjå korleis dei handterer det. Dei har ein brei stall, men bruker kanskje litt for lite av den, og kanskje kvaliteten er for dårleg totalt sett.
NRK-eksperten peikar på at Bodø/Glimt stod overfor same dilemma i fjor, då Viking ikkje spelte i Europa.
– Balansen mellom serie og Meisterliga blir ein nøkkel. Det å klara å vera skikkeleg konkurransedyktig på to arenaer samtidig. Kampane kjem så tett dei neste vekene at det kjem til å bli ei ekstrem påkjenning.

Opp mot 2.000 vikingfans laga god stemning på Villa Park.
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK
– Heimleg liga er viktigast
Henrik Bjørdal har vore ein bauta og særs viktig bidragsytar for Viking etter overgangen frå Vålerenga.
Mot Aston Villa i Birmingham starta han på benken, men kom inn i andre omgang.
– Kva er viktigast, Bjørdal: Seriegull eller vidare spel i Meisterligaen?
– Sjølvsagt vil me vinna Eliteserien. Men det er ein vanskeleg balansegang fordi me vil visa oss fram i Meisterligaen også. Målet er å prestera på begge arenaer, men heimleg liga er viktigast.

Viking har fått brynt seg skikkeleg mot topp Europeisk motstand i Meisterligaen. Her mot Premier League-klubben Aston Villa i Birmingham.
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK
I Meisterliga-kampen mot Aston Villa blei sentrale Viking-spelarar som kaptein Zlatko Tripic og spiss Erik Botheim tatt av bana ut i andre omgang.
Men Tripic går ikkje med på at det handlar om at heimleg Eliteserie er viktigast.
– Nei, det var tunge bein. Eg synest alle som kom inn gjorde Viking betre. Det krev mykje å spela borte i Europa, så det var gode innhopp.

Viking-kaptein Zlatko Tripic.
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK
Seriefinale i Bodø
På toppen av tabellen i Eliteserien står det nå heilt likt poengmessig mellom Bodø/Glimt og Viking.
Laget frå Bodø leiar tabellen med minst mogleg margin – med berre eit mål betre målforskjell enn laget frå Stavanger.
NRK-ekspert Torp er klar på at kampen mellom Glimt og Viking neste fredag blir seriefinalen.
– Eg vil nok seia at Bodø/Glimt er små favorittar til å ta gullet til slutt. Det handlar kanskje mest om at dei har levd i den verda dei er i nå med to kampar i veka, som er litt nytt for Viking.
Publisert


