«Alle gode ting er tre», heiter det i ordspråket.
Det gjeld i alle fall for Viking-keeper Arild Østbø når han spelar fotballkamp.
Dette er nemleg «tyggis-menyen» på kampdag:
- Ein tyggis til oppvarming.
- Ein tyggis til første omgang.
- Ein tyggis til andre omgang.
Altså tre tyggegummiar i kjeften per kamp for Viking-keeperen som kjempar om seriegull – og møter gullrival Bodø/Glimt i Bodø fredag kveld til det som blir omtala som årets kamp i Eliteserien.
Dei som har sett Viking i serie eller Meisterliga i det siste har nok også kanskje lagt merke til det: Ein målvakt som tygg seg gjennom heile kampen.
– Ja, det blir ein til oppvarming og ein i kvar omgang. Det blir tre i kvar einaste kamp, humrar Østbø når NRK spør han om den høge tygge-frekvensen under kamp.
– Kvifor må du ha tyggis når du står i mål?
– Det er litt koffein i tyggisen. Det hjelper på litt forskjellige ting.
– Det er rett og slett for å få energi?
– Ja, blant anna, forklarer Østbø.

Viking-keeper Arild Østbø i Meisterliga-kampen mot Aston Villa. Som alltid med tyggis i munnen.
Foto: Beate Oma Dahle / Beate Oma Dahle / NTB
Tatt av i England
Koffeintyggis blir brukt av fleire og trenden har tatt heilt av i Premier League-miljøet.
Ein studie viser nemleg at 97 prosent av profesjonelle fotballklubbar i England administrerer koffein til spelarane, ifølge The Athletic.
Landslagsprofil Kristoffer Ajer er blant fotballspelarane som tidlegare har stått fram som ein «tyggis-spelar» under kamp.
For handballkeeper Katrine Lunde har koffeintyggis vore eit fast ritual før kamp i mange år.
NRK sin fotballekspert, Carl-Erik Torp, seier ting som kan få deg til å prestera betre er noko alle spelarar leitar etter heile tida.
Han har så langt ikkje registrert ein «tyggis-trend» blant fotballspelarar i Noreg.
– Men om Østbø sjølv trur på det, vil det jo uansett ha ein positiv effekt på han, tenker eg.

Fotballekspert i NRK, Carl-Erik Torp, synest koffein-tyggis er litt rart blant fotballspelarar.
Foto: Anders Boine Verstad
Torp har sjølv ei spelarkarriere bak seg på det øvste nivået i Noreg, og har vore borti ein del som likar å spela med tyggis.
Det synest han sjølv er litt rart, spesielt blant utespelarar.
– Det blir nok litt annleis for ein keeper som ikkje løper like mykje og er involvert på ein annan måte. Samtidig er jo dei også i ein posisjon kor det i periodar kan vera svært lite å gjera. Då er det avgjerande at ein er hundre prosent klar for det som skjer heilt plutseleg.
Ekspert: – Svært liten effekt
Hans Kristian Stadheim har skrive doktorgrad ved Norges idrettshøgskule om effekten av koffein på idrettsutøvarar. Han har også publisert fleire vitskapelege artiklar om temaet.
– Forsking viser at koffeintyggis kan gi ei lita prestasjonsforbetring. Du kan samanlikna det med placeboeffekt, seier mannen med doktorgrad i fysiologi.
Stadheim viser til studiar med nesten 400 deltakarar som såg på koffeintyggis opp mot placebo. Resultatet blei ein effektstorleik på rundt 0,2.
– Det er det me kallar ein svært liten effekt. Effekten er høgare ved å ta inn koffein gjennom piller eller drikke, konkluderer Stadheim.
– Det er fort små marginar som avgjer gullkampen mellom Viking og Glimt. Kan koffeintyggisen til Viking-keeperen bli avgjerande?
– På generelt grunnlag så aukar koffein konsentrasjonsevna. Det kan vera at du klarer å halda fokus og redda eit skot eller liknande som gjer at du avverjar mål. Teoretisk sett, er svaret ja.

Hans Kristian Stadheim har skrive doktorgrad ved Norges idrettshøgskule om effekten av koffein på idrettsutøvarar.
Foto: Geir Olsen / NTB
Keeperduell i gullspurten
Ein ting er effekten av koffeintyggis, noko anna er tryggleiken til spelarane.
Viking-keeper Østbø er ikkje redd for at all tyggisbruken skal gjera at han tygg av seg tunga eller medføra uhell på andre måtar når kan kastar seg etter ballen.
– Nå har eg togge så mykje at eg er godt vane med det. Men det har hendt at eg har svelgt nokon, flirer Østbø.

Keeper Nikita Haikin blir viktig for Bodø/Glimt i gullspurten.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Gullkampen i Bodø fredag kveld blir også ein keeperduell mellom to av Eliteserien sine beste keeperar, Arild Østbø i Viking-målet og Nikita Haikin i Glimt-buret.
Dei to keeper-profilane har eit like bra snitt når det gjeld mål slept inn per 90 spelte minutt i Eliteserien med 0,8. Det er det beste snittet i serien, ifølge statistikksida FotMob.
Men Østbø har ein litt betre redningsprosent med sine 78,4 prosent (best i Eliteserien), medan Haikin står med 75 prosent så langt i sesongen.
– Keeperduellen er interessant i innspurten. Det er jo ein ekstremt utsett posisjon, så det handlar jo ikkje berre om å redda den eine viktige sjansen, men unngå å gjera feil. Gullet kjem til å bli avgjort på små marginar, seier fotballekspert Carl-Erik Torp.
Publisert


