Ein av fem kvinner, og ein av ti menn utviklar demens grunna Alzheimers sjukdom i løpet av livet.
For Magne Helland frå Sandnes er sjukdommen allereie godt i gang.
– Det er veldig tøft, fordi ein endrar seg, nesten frå dag til dag. Du blir sint, du blir frustrert. Du blir alt mogleg, fordi du ikkje forstår det. Eg synest det er frykteleg tungt, fortel kona Bjørg Helland.
Ho og mannen skulle gjerne visst om sjukdommen før.
– Det hadde vore veldig viktig å vite meir.
Teknologien som kan avdekke sjukdommen gjennom ei enkel blodprøve finst allereie.
Professor og demensforskar Dag Aarsland meiner testen er moden for bruk ute i primærhelsetenesta, men Helsedirektoratet held foreløpig igjen.
– Ein relativt billig test
– Dette er ei moglegheit for fastlegar til å bidra i mykje større grad inn i diagnostikk enn dei har kunna gjere til nå. Så det er ein ny, veldig spennande reiskap, seier Dag Aarsland
Han er ein av verdas fremste demensforskarar.
Dag Årsland
Professor ved King’s College London og forskningsleiar ved Regionalt kompetansesenter for eldremedisin og samhandling (SESAM).
Foto: Hanne Høyland / NRK
Aarsland peikar på at testen ikkje er meint som eit generelt screeningprogram for befolkninga. Det er først og fremst eit verktøy for pasientar som opplever symptom.
Tidleg avklaring gir pasientar og pårørande høve til å planlegge framtida, få oppfølging og til å sette i gang livsstilsendringar, seier forskaren.

Blodprøva kan brukast i diagnostiseringa av Alzheimers sjukdom på eit tidleg stadium, gjennom å påvise ein såkalla biomarkør for sjukdommen.
Foto: Azad Razaei
Samtidig peikar han på nye medisinar som det nå blir jobba med.
– Vi håpar medisinen skal bli tilgjengeleg, og jobbar hardt for å påverke myndigheitene til å få han på refusjon. Då kan folk med sjukdommen få medisinar som gir ei langsamare utvikling mot demens, seier Aarsland.
I tillegg meiner han testen vil vere samfunnsøkonomisk lønnsam.
– Dette er ein relativt billig test, og den vil sikkert vere kostnadssparande. Det vil vere folk som har normale prøver, som ikkje treng å sendast til sjukehus for dyre utgreiingar fordi blodprøvane vil vere normale.
Risiko for falske svar
Helsemyndigheitene er likevel meir tilbakehaldne.
Testen har vore i bruk i spesialisthelsetenesta i eitt år på pasientar som allereie har fått påvist kognitiv svikt.
– Det vi har sett etter eitt års bruk nå i spesialisthelsetenesta, er jo at vi treng tid på å bli kjente med korleis desse blodprøvene fungerer på pasientar, seier Karin Persson, som er overlege ved geriatrisk avdeling ved OUS og registerleiar for NorKog.
– Viss vi begynner å ta desse testane på folk flest, som kanskje ikkje har symptom, men som berre er uroa. Så er det ein risiko for at ein får falske svar, held ho fram.
Helsedirektoratet er også restriktive. Dei vil ikkje sleppe blodprøva ut på fastlegekontora før ho er testa, og funnen god nok.

Helga Katharina Haug er avdelingsdirektør i Helsedirektoratet.
Foto: Helsedirektoratet
– Helsedirektoratet anbefaler ikkje denne blodprøva fordi vi har for lite kunnskap om kor god den testen er, seier avdelingsdirektør Helga Katarina Haug.
– Når det kjem ny kunnskap som viser at det fungerer godt nok, vil vi sjølvsagt vurdere på nytt om vi skal ta det inn i oppfordringane våre, seier avdelingsdirektør Helga Katarina Haug.
Aarsland er likevel overtydd om at blodprøva snart vil komme på norske legekontor.
– Eg er sikker på at det vil komme, om ikkje altfor lang tid, seier Aarsland.
Publisert


