– Me reagerer sterkt på at avlivinga er vedteken utan at det først er tekne prøver av dyra i desse husa, skriv garden i ein pressemelding.
Tysdag vedtok Mattilsynet at garden må avlive 225.000 unghøner for å hindra smitte av fugleinfluensa.
No varslar Salte Kyllingoppdrett at dei vil klaga på vedtaket.
Stavanger Aftenblad omtalte saka først.
– Me veit kor alvorleg fugleinfluensa er, og at det er Mattilsynet som bestemmer, skriv garden og legg til:
– Men det gjer ikkje fortvilinga noko mindre. Derfor arbeidar me no med ei klage.
Det pågåande utbrotet av fugleinfluensa er det største i Noreg nokon gong.
Det er påvist smite i åtte kommersielle fjørfehald i Noreg. Fem i Rogaland, to i Agder og eitt i Akershus.
– Fortvilt situasjon
– Sjølv om det ikkje er påvist smitte i alle husa som blir omfatta av vedtaket, blir dei vurderte som del av same smittemessige eining som huset der fugleinfluensa er påvist, seier administrerande direktør i Mattilsynet, Ingunn Midttun Godal.
Ingunn Midttun Godal
Direktør i Mattilsynet
Foto: Jonas Kroken Sævereide / NRK
Ho påpeiker at dei aktuelle husa med unghøner mellom anna har hatt stell frå same personell som huset med påvist smitte.
– Det inneber ein stor risiko for at smitte kan ha vorte overført mellom husa, også utan at det ligg prøvesvar føre som påviser sjukdom.
Godal seier at det er denne risikoen samt krava i regelverket som gjer at Mattilsynet krev at alle fuglane i desse husa må avlivast.
Anlegget har også to hus med produksjon av rugegg, men det er berre eitt av husa som er råka av vedtaket til Mattilsynet. Tilsynet seier at det er fordi stellet i desse husa har vore åtskilt.
Støttar klaga
Rogaland fjørfelag føler med Salte Kyllingoppdrett i saka.
– Han er i sin fulle rett til å klaga, og me forstår det er ein fortvilt situasjon for Salte rugeri. Det er veldig forståeleg at dei klagar når det er friske dyr, seier leiar Anne-Synnøve Eiane.
Ho legg til at dei forstår Mattilsynet òg, og at tilsynet har eit regelverk dei skal forhalda seg til.
– Dette er ei sak Mattilsynet må handtera i tråd med reglane dei har, seier leiar i Rogaland Bondelag, Ståle Hustoft.

Leiar i Rogaland Bondelag Ståle Hustoft (t.v.) og leiar i Rogaland fjørfelag Anne-Synnøve Eiane (t.h.).
Foto: Ole Andreas Bø / NRK
Han påpeiker at Salte har rundt halvparten av marknaden for levering av verpehøner i Noreg.
Bondelagsleiaren seier at det ikkje vil få konsekvensar for levering av egg før jul, men at ein truleg vil merke det neste år.
Det var 15. november at det blei påvist smitte av fugleinfluensa hos Salte Kyllingoppdrett.
Tre hobbyfjørfehald som har fått dyr frå anlegget, må også avliva dyra sine, skriv Mattilsynet i ei pressemelding.
Anlegget fekk tommel opp av Mattilsynet til å sende unghøner vidare til garder rundt om i Noreg – sjølv om det var fugleinfluensa i området, og dei var underlagde restriksjonar.
Tilsynet har sagt at garden skal ha transportert fuglar utan løyve og ikkje gitt tilsynet fullstendig informasjon.
Får konsekvensar
Mattilsynet seier at vurderinga om avliving er mellom anna basert på ein særskilt risikovurdering frå Veterinærinstituttet.

Mattilsynet vedtok avliving av 225.000 unghøner.
Foto: NRK
Salte Kyllingoppdrett seier vedtaket om avliving får konsekvensar for andre bønder som ventar unghøner frå dei.
– Fleire kan bli ståande med tomme fjøs og utan produksjonen dei hadde planlagt.
Garden seier at situasjonen er krevjande.
– Dette er ei frykteleg vanskeleg tid for oss. Me har 225.000 fine unghøner som no skal avlivast, skriv dei i pressemeldinga.
– Dyra et og drikk som normalt, dødelegheita er låg, og me har ikkje sett teikn til sjukdom i dei andre oppdrettshusa. Slik har det vore i alle dagane sidan smitten vart oppdaga i det første huset. Dette er dyr me har stelt og teke vare på kvar einaste dag, skriv dei vidare.
Publisert
Oppdatert


