– Du må kjøpa mat i fredstid for å ha det i krigstid.
Kornbonde Jon Lea er i full gang med å pløya åkeren sin på Varhaug på Jæren i Rogaland.
Etterpå skal han så frø av kveite i jorda.
Det skal bli til 30.000 brød.
Åkrar med kveite som skal bli til brød er svært sjeldan kost på Jæren.
På denne kanten av landet blir det dyrka mest bygg som blir brukt til kraftfôr.
Men krigen i Ukraina og kornmangel gjorde at Lea kjende på eit moralsk ansvar i 2022.
– Det er lærerikt og kjekt. Og eg har merka auka etterspørsel etter matkorn.
Det merkar også norske møller (sveip under):
-
Magnus Stokka / NRK
Stangeland Mølle
Marianne Aareskjold, produksjon- og innkjøpssjef:
– Det er nok mange grunnar til auka etterspurnad etter norske kornprodukt. Men nå handlar det nok litt om krig og beredskap.
Mølla etterlyser beredskapslager der det blir dyrka korn.
Det handlar om å spreia risiko, ifølge Aareskjold.
– Det kan bli dyrka meir matkorn på Jæren, men då må det bli lagt til rette for det.
-
Regal
Ei av dei to største mølleprodusentane i Noreg, som forsyner daglegvaremarknaden med mjøl. Karen Huffman er administrerende direktør:
– Interessa for kor maten kjem frå har auka betydeleg, og stadig fleire forbrukarar etterspør mjøl og korn basert på norsk råvare og norsk produksjon.
– Kvifor er det slik?
– Mange har blitt meir medvitne på kor viktig den nasjonale matproduksjonen er. Ikkje minst etter urolege år med pandemi, krig i Europa og auka søkelys på beredskap.
-
Norgesmøllene
Ei av dei to største mølleprodusentane i Noreg, som forsyner daglegvaremarknaden med mjøl. Vidar Haugsdal er leiar for kommunikasjon og bærekraft:
– Fleire undersøkingar viser at tilliten til norske matprodusentar er høg, og mange i Noreg føretrekkjer norske produkt viss dei finst. Men norsk matindustri opplever sterk konkurranse frå importerte varer.
– Kvifor er det slik?
– Me tenker at norsk mat både kjennes trygt, og det blir opplevd som meir bærekraftig. Dei siste åra står det også mykje klarare for mange at det ikkje er gitt at me har nok mat i verda i krise.
– Gjer oss sårbare ved krig eller krise
Kornbonden meiner det er svært viktig for den norske beredskapen at det er produksjon og kunnskap om matkorn over heile landet.
Men med auka uro i verda er han kritisk til regjeringa sin plan for beredskapslager for matkorn som blei signert i 2024.
Innan 2029 er planen å ha beredskapslager for tre månaders forbruk av matkveite.
Det vil seia 82.500 tonn korn (les meir i faktaboks).
– Det er altfor lite og gjer oss veldig sårbare ved krig eller krise, seier Lea.

Bonde Jon Lea med frø i neven, av typen vårkveite.
Foto: Magnus Stokka / NRK
Kornbonden meiner det også er for dårleg med berre ein korntype på lager, nemleg kveite.
– Me burde også hatt bygg, havre og rug på lager rundt om i landet. Dagens planar ser fint ut på papiret, men ingenting anna.
Lea ber styresmaktene sjå til Finland. Dei kallar seg ei supermakt innan beredskap og har kornlager til ni månader.

Jon Lea er opptatt av det blir dyrka matkorn der me kan i landet vårt. Det er den aller viktigaste matberedskapen, ifølge han.
Foto: Magnus Stokka / NRK
Har skifta meining
Geir Pollestad frå Senterpartiet var landbruks- og matminister i 2024 då regjeringa fekk gjennomslag for beredskapslager for matkorn for tre månader.
Dette trass i at Totalberedskapskommisjonen i sin rapport tilrådde eit kornlager på seks månaders forbruk.
– Me var på null, og det hadde vore null i fleire tiår. Då var det viktig å komma i gang. Verda har endra seg mykje sidan den tid og me meiner nå at seks månader er det rette, seier stortingsrepresentant Pollestad.
– Men tilrådinga då du var ansvarleg statsråd i 2024 var seks månader. Kvifor gjekk de for tre?
– Logikken var at me måtte komma i gang, og at tre månader ville vera eit kjempesteg framover. Nå må me bygga vidare på det. Men den aller viktigaste beredskapen er løpande kornproduksjon og at me har anlegg til å ta imot kornet som blir produsert i Noreg.

Geir Pollestad frå Senterpartiet er tidlegare landbruksminister.
Foto: Magnus Stokka / NRK
Forsvarer planane
Men regjeringa meiner dagens planar er gode nok.
Dei fortel at arbeidet er godt i gang, med mål om å bygga opp lager tilsvarande tre månaders forbruk at matkveite innan 2029.
Det er laga beredskapskontraktar med fem ulike aktørar i kornmarknaden.
– Dette er ei betydeleg styrking samanlikna med situasjonen der Noreg ikkje hadde statleg kornlager, seier landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen (Ap).

Landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen (Ap).
Foto: Hallgeir Braastad / NRK
– Kva tenker du om kritikken om at ein korntype på lager er for lite, og at kapasiteten på tre månader er for dårleg?
– Beredskap må bli sett på som ein heilskap med både beredskapslager og sterk norsk produksjon i heile landet. Lagring av matkveite gir viktig fleksibilitet i ein krisesituasjon og bidrar til å sikra tilgangen på basisvarer.
Statsråden fortel at valet om kornlager for tre månader blei gjort etter ei samla vurdering av risiko, kostnader og gjennomførbarheit.
– Arbeidet er særleg viktig i ei tid med større sikkerheitspolitisk uro, klimaendringar og sårbare forsyningslinjer. Derfor prioriterer regjeringa både beredskapslagring og tiltak for å styrka norsk korn- og matproduksjon, seier Sandtrøen.

Bonde Jon Lea pløyer jorda før vårkveiten blir sådd. Han har hatt gode erfaringar med å dyrka matkorn på Jæren, noko som har vore uvanleg på desse kantar av landet.
Foto: Magnus Stokka / NRK
Publisert


