Dataspel, mem, koding og internettkultur er stikkord for prosjektet til den stavangerbaserte kunstnaren med det storslåtte namnet Cory Arcangel.
Amerikanaren står på plakaten når Stavanger kunstmuseum endeleg gjenopnar etter å ha vore stengt for oppussing i åtte månader.
SIDDIS-AMERIKANAR: Cory Arcangel kom til verda i 1978 i New York, USA. Han flytta til Stavanger i 2015. «Family Office» er den første soloutstillinga hans på norsk jord. Foto: Helle Navratil
Skummelt og interessant
På veg mot museet er eg både spent og engsteleg. Dette lyder jo interessant, men samtidig også nokså skummelt.
Der eg går på den morgonfrosne skogsstien langs Mosvatnet, grublar eg litt uroleg over om eg eigentleg kan vurdere kunst der hacking, spelestetikk og programmering står så sentralt.
Kanskje burde eg hatt større IT-kompetanse og helst litt erfaring som gamer?
Men eg konkluderer med at sidan ein absolutt ikkje treng å kunne veve, dreie eller male for å sette pris på meir tradisjonelle kunstnariske uttrykksformer, kan teknisk spisskompetanse heller ikkje vere eit krav her.
Å STEIKE EIT BILDE: Cory Arcangel har brukt ein app til å komprimere eit skjermbilde av ei solglitrande vassflate så mykje at motivet blir heilt forandra. Bildet liknar ikkje lenger på røyndomen – i staden er det den digitale støyen som blir kunstverket. Denne teknikken blir gjerne kalla å «koke» eller «steike» eit bilde. Her formulerer Arcangel både eit tankemessig og visuelt poeng: korleis kvaliteten blir skada kvar gong eit digitalt bilde blir delt, men òg korleis den visuelle overstimuleringa i dag påverkar opplevinga vår av verda omkring oss. Foto: Rute Ventura / Stavanger Kunstmuseum
Dyster klangbotn
Den vesle nervøsiteten min slepp uansett raskt taket når eg kjem inn. Cory Arcangel sitt visuelle språk er ikkje spesielt vanskeleg å forstå.
Men undervegs merker eg ein heilt annan type uro. For prosjektet har verkeleg ein ganske dyster klangbotn.
Tonen blir sett allereie med det aller første verket: eit fotografi som viser Justin Bieber på Forus Stadion ein blygrå julidag i 2017.
«BELIEVE» (2017): Dette fotografiet frå ein utandørskonsert med Justin Bieber er ganske talande. Vi ser dei slitne lokala i bakgrunnen med skiltet «Til leie», som kanskje kan tolkast som eit bilde på nedgangstider. Den grå vestlandshimmelen er dyster og skapar ein melankolsk kontrast til den unge stjerna. Eg likar òg komposisjonen, der den ekstremt låge horisontlinja skapar visuell spenning. Foto: Cory Arcangel
Ein spinkel skikkelse står på ei regnvåt scene, mesteparten av bildeflata er fylt av ein truande himmel.
Bieber står strak ytst på scenekanten opplyst mot den mørke bakgrunnen, som ein slags populærkulturell frelsarfigur.
Kanskje er det eit symbol på korleis vi klyngar oss til kjendisen som eit flyktig og kommersielt glansbilde, i mangel av noko meir ekte og varig å tilbe og tru på?
Eit anna iaugefallande verk i utstillinga er «Photoshop Gradient Demonstrations» frå 2020.
Dette er eit monumentalt bilde som består av regnbogefargar.
REGNBOGE: Som abstrakt måleri fell «Photoshop Gradient Demonstrations» gjennom med sin klisjéprega regnbogeestetikk. Dessutan blir det altfor mykje på éin gong. Men heile poenget her er jo at kunstnaren nyttar seg av Photoshop-skalaen, så då må heile fargespekteret vere med. Foto: Galerie Thaddaeus Ropac / Stavanger Kunstmuseum
Som tittelen avslører, tar verket utgangspunkt i fargeskalaen i bildebehandlingsprogrammet Adobe Photoshop.
På nykonseptualistisk vis er bildet både eit faktisk kvardagsfenomen i den digitale sfæren, samtidig som det inneheld referansar til «color field»-målarar som Marc Rothko og Elseworth Kelly frå modernismen.
At fargane er litt flate, platte og opplagde, er gitt, sidan det må vere nettopp denne fargepaletten.
Men eg trur at Arcangel både komposisjonelt og koloristisk kunne fått meir ut av verket utan å tape referansane til programvara.
Om panela blei dregne litt meir til kvar si side, ville fargespelet og flateinndelinga kome betre til sin rett og ikkje ropt så mykje i munnen på kvarandre.
INDUSTRIELT OG VAKKERT: Eg liker desse skulpturane. Uttrykket overraskar: Frå den eine sida ser objektet heilt industrielt ut, men frå den andre ser vi organiske, vakre snittflater som skaper kontrastar. Dei maskinelle skulpturane i aluminium spring ut frå kunstnaren sin fascinasjon for oljeindustrien sine binæringar. Foto: Mona Pahle Bjerke/NRK, Helle Navratil/Arcangel Surfware
Ein visuell DJ
Cory Arcangel opererer som ein visuell DJ som samplar inn ulike element, uttrykk og sitat frå konsumkulturen så vel som frå den digitale skjermverkelegheita.
Han låner og stel frå reklame, Youtube-videoar og gamle dataprogram og set uttrykka inn i ein ny kunstnarisk samanheng.
Med humor, nostalgi og kritisk brodd speglar han den digitale kvardagen vår.
GAMMAL PROGRAMVARE SKAPER NY KUNST: Fleire av Arcangel sine prosjekt får meg til å tenke på den tyske filosofen Walter Benjamin sine idear om det moderne utdaterte: Fenomen som i går var uttrykk for nyvinning, står no som monument over fortida. Dei får oss til å erkjenne at det moderne samfunnet er skapt, og dermed òg noko som kan forvandlast. Her har Cory Arcangel nytta den utdaterte programvara Lake for å gi bilda ein speglingseffekt. Det ber i seg referansar til myten om Narkissos, som eit symbol på vår eiga sjølvsentrerte tid. Foto: Mona Pahle Bjerke/NRK
I verket «Hail Mary» set han i gang på cageansk vis ein prosess som er utanfor kontrollen hans.
Arcangel, som er utdanna komponist og musikkteknolog, har utvikla ein såkalla twitterbot som er ein slags partiturmaskin. Den genererer kvar dag eit nytt lydverk for klokkespel.
Dette skal så framførast i Stavanger domkyrkje på torsdagar gjennom utstillingsperioden.
Partituret består av tekst, emojiar, stemningsbeskrivingar og akkordinstruksar i staden for vanlege lydnotasjonar.
KLOKKESPEL: «Hail Mary» er ikkje skapt av generativ KI eller maskinlæring, men av ein algoritme som Cory Arcangel sjølv har koda. I verket foreiner han noko teknologisk og noko menneskeleg ved å setje inn ein musikar som tolkar dei opne instruksjonane skapte av twitterboten (øvst). Foto: Frida Feline Nilsen og Mikkel Brekne Munkvold / Stavanger Kunstmuseum
Klokkenist Tore Bols vel ut og omset desse kryptiske meldingane til musikk.
Kunstnaren bruker algoritmen til å trekke ei linje mellom klokketårnet som ein eldgamal kommunikasjonsinstans (som varsla innbyggarane om tidas gong, men også om krisesituasjonar) og dagens sosiale medium.
Fascinerande og skremmande
Cory Arcangel sitt aller mest kjende verk er «Super Mario Clouds» (2002).
Der har han fjerna alt frå det originale «Super Mario»-spelet bortsett frå dei drivande skyene og den blå himmelen. Han har forvandla den utdaterte spelgrafikken til eit slags naivistisk landskapsmåleri.
INGEN MARIO: Mange vil nok vere skuffa over at «Super Mario Clouds» (2002) ikkje er ein del av utstillinga i Stavanger. Verket er eit typisk eksempel på korleis kunsten til Arcangel dveler ved gårsdagens teknologi. Han peikar på det digitale avfallet som oppstår med den raske teknologiutviklinga – og det evige jaget etter det flunkande nye. Foto: Whitney Museum of American Art, New York. © Cory Arcangel. Courtesy of the artist and Team Gallery, New York
Dette verket er diverre ikkje ein del av utstillinga i Stavanger.
Likevel synest eg at «Family Office» er både fascinerande og skremmande.
Cory Arcangel viser oss det veldige nettet som vi alle er fullstendig spunne inn i, og den djupe framandgjeringa dette representerer.
For det er ei verd dei færraste av oss er i stand til å forstå. Han gjer oss rett og slett litt klokare.
Om utstillinga
Tittel: «Family Office»
Kunstnar: Cory Arcangel
Stad: Stavanger kunstmuseum
Tid: 14. november 2026–29. mars 2027
Estimert tid: 40–60 minutt
Kurator: Helga Nyman
Hei!
Publisert
Oppdatert


