– Eg føler meg ikkje høyrd i det heile tatt.
Elina Haavik Dale er heime i leilegheita hennar på Karmøy, som ho bur i ved hjelp av brukarstyrt personleg assistanse (BPA).
På denne måten kan ho kome seg på sykkelturar, festivalar og generelt leve eit aktivt og fritt liv, samtidig som ho har diagnosen cerebral parese (CP).
Elina har tolv assistentar som til saman jobbar 203 timar i veka, for å leggje til rette for denne livsstilen.
Kva er BPA?
-
Assistanse
BPA (brukarstyrt personleg assistanse) er ei ordning der personar med langvarig og stort behov for hjelp får tildelt assistentar til praktiske og personlege gjeremål i kvardagen, slik som personleg stell, husarbeid eller deltaking i fritidsaktivitetar.
-
Selvkontroll
I staden for at kommunen bestemmer når og korleis hjelpa skal kome, er det personen sjølv som styrer kvardagen, vel assistentar og bestemmer kva som skal gjerast til kva tid.
-
Frihet
Målet er at alle skal kunne leve eit aktivt og sjølvstendig liv på eigne premissar, utan å måtte planleggje heile dagen sin rundt når heimetenesta har tid til å stikke innom.

1. januar 2027 må Elina flytte frå leilegheita.
Foto: Håkon Kummermo / NRK
– Eg har ingen kognitiv svikt
I mars skreiv Karmøy kommune at ho fekk for mange BPA-timar, og varsla planar om å redusere timane til 168.
Det var etter familien klaga på dette vedtaket, og Statsforvaltaren i Rogaland blei involvert, at situasjonen blei slik han er no.
For:
Statsforvaltaren i Rogaland har – etter ein nærmare titt på ordninga – konkludert med at BPA til Elina ikkje er forsvarleg.
Dette førte til at Karmøy kommune fjerna alle timane, og erstatta dei med ein plass i omsorgsbustad.
Elina vart skremt av vedtaket.
– Eg har ingen kognitiv svikt. Dei som bur der har utfordringar som eg ikkje har, seier 27 åringen fortvila.
Les svaret til Karmøy kommune og Statsforvaltaren i Rogaland lenger nede i saka.

Elina får mykje omsyn heime. I dag er to av dei tolv assistentane hennar på plass.
Foto: Håkon Kummermo / NRK
Elina har takka nei til omsorgsbustad fleire gonger.
– Det gjorde eg fordi eg veit at det hadde vore forferdeleg.
Ho ønskjer å bu heime.
Gjeld stadig fleire
Tove Linnea Brandvik er leiar i Norges Handikapforbund. Ho seier at det Elina no går gjennom, gjeld mange.
– Eg skulle gjerne ønskje at dette var ein heilt unik historie. Men i realiteten gjeld dette alt for mange, og trenden er aukande, seier Brandvik.
Ho kallar det for «grove overgrep».
– Det er uforståeleg. Vi vil kjempe hardt i arbeidet, og vil jobbe opp mot Statsforvaltaren, kommunen og Regjeringa om dette.

Forbundsleiar Tove Linnea Brandvik i Norges Handikapforbund reagerer sterkt på at Linnea må flytte inn i omsorgsbustad.
Foto: Isabel Trandum
Det finst ingen offisiell nasjonal statistikk over kor mange som mistar BPA-ordninga og må flytte i omsorgsbustad.
Likevel peikar både norsk forsking og offentlege utgreiingar på ei utvikling som støttar biletet til Handikapforbundet.
I 2021 slo regjeringa sitt eige BPA-utval (NOU 2021: 11) fast at kommunar og statsforvaltarar ofte bruker kravet om «forsvarleg helsehjelp» til å avslå eller avvikle BPA for personar med samansette diagnosar.
Samtidig dokumenterer forsking frå NTNU ein tydeleg trend mot såkalla re-institusjonalisering (eksterne lenker).
– Har drukna i byråkratiet
Statsforvaltaren i Rogaland grunngir vedtaket med dei komplekse og samansette diagnosane til Elina, og meiner ho i større grad treng kvalifisert helsehjelp.
Mor til Elina, Inger Lise Haavik, meiner dei ikkje har blitt høyrt i prosessen.
– Eg er redd Elina har drukna i medisinske utsegner og terminologi i dette byråkratiet. Dei ser ikkje personen bak, seier Haavik Dale, som også er BPA koordinator i Prima Assistanse.

Inger Lise Haavik Dale er usikker på kva som vil skje den 1. januar 2027, og seier at de ikkje har fått noko informasjon om prosessen.
Foto: Håkon Kummermo / NRK
Ho bur i barndomsheimen til Elina, som er vegg i vegg med leilegheita. Slik at 27-åringen kan leve for seg sjølv.
Dette er det slutt på frå 1. januar 2027.
Kommunalsjefen for helse og omsorg i Karmøy kommune viser til ein tidlegare kommentar til Haugesunds avis, som først omtalte saka:
– Kommunen har ansvar for å sikre forsvarlege tenester til den enkelte innbyggar, og me vil gi dette også i denne samanhengen.
Ho har ingen ytterlegare kommentarar til NRK og grunngir det med at dette er ein pågåande klagesak.
NRK har vore i kontakt med fleire familiar i Rogaland som står i liknande prosessar, der dei hevdar at Statsforvaltaren plutseleg har vurdert BPA-ordningane deira som uforsvarlege.
Fylkeslege: – Ikkje forsvarleg
Fylkeslege Kaisa Earl Haugland i Rogaland meiner Elina har ein alvorleg og samansett helsetilstand som krev oppfølging av helsepersonell heile døgnet.
Ho meiner derfor det er for sårbart å organisere helsehjelpa gjennom ei BPA-ordning.
Kva er BPA?
-
Assistanse
BPA (brukarstyrt personleg assistanse) er ei ordning der personar med langvarig og stort behov for hjelp får tildelt assistentar til praktiske og personlege gjeremål i kvardagen, slik som personleg stell, husarbeid eller deltaking i fritidsaktivitetar.
-
Selvkontroll
I staden for at kommunen bestemmer når og korleis hjelpa skal kome, er det personen sjølv som styrer kvardagen, vel assistentar og bestemmer kva som skal gjerast til kva tid.
-
Frihet
Målet er at alle skal kunne leve eit aktivt og sjølvstendig liv på eigne premissar, utan å måtte planleggje heile dagen sin rundt når heimetenesta har tid til å stikke innom.
– Vi er under oppfattinga av at helsehjelpa Elina får, skal vere forsvarleg. Eg forstår at Elina og familien ønsker å ha det gjennom ein BPA-ordning, det meiner vi ikkje er forsvarleg.
Haugland seier det viktigaste er at ho får forsvarleg helsehjelp.
Publisert
Oppdatert


