
Kva er grunnen til at studenten ikkje kan få gyldig fråvær og ei moglegheit til å konte?
For å få tilgang til kontinuasjonseksamen må studenten oppfylle vilkåra som følgjer av forskrift om studiar og eksamen ved UiS. I § 6-7 står det at det er berre dei som ikkje har bestått, trekt seg under eksamen, eller som har gyldig fråvær ved ordinær eksamen som har tilgang til kontinuasjonseksamen.
Kva som blir rekna som gyldig fråvær følgjer av § 6-6, og UiS sine reglar og vilkår for godkjenning av gyldig fråvær. For at forholdet skal reknast som gyldig fråvær må det dreie seg om «eigen sjukdom» eller «annan tvingande fråværsgrunn». Dersom søknadsgrunnen ikkje fell under nokon av desse alternativa, vil søknaden bli avslått. Kva som blir rekna som «annan tvingande fråværsgrunn» er nærare angitt i Regler og vilkår for godkjenning av gyldig fråvær. Eksempelvis er dette deltaking i gravferd eller pålegg frå offentleg styresmakt om personleg oppmøte samtidig med eksamen.
Studenten meiner at UiS både kunne og burde godteke søknaden. Er det noko som hindrar UiS å gi gyldig fråvær i dette tilfellet?
Det er fleire grunnar til at studentar sine søknader om gyldig fråvær blir avslått. Fellesnemnaren er at fakultetet meiner at kriteria for godkjenning ikkje blir rekna for å vere oppfylte. Det vil seie at det ikkje ligg føre sjukdom eller annan tvingande fråværsgrunn. Som utdanningsinstitusjon må vi forsikre oss om at vi behandlar studentane i tråd med gjeldande regelverk. Vi må sikre likebehandling og unngå forskjellsbehandling.
Kunne studenten gjort noko annleis for å unngå denne situasjonen?
Vi ønskjer som sagt ikkje å gå inn i den konkrete saka her.
Studenten seier at han hadde fått konte dersom det hadde vore praktisk mogleg for han å møte opp og levere eit blankt svar. Kva er argumenta for at han skal måtte vente heilt til neste år med å få ei ny moglegheit?
For å få tilgang til kontinuasjonseksamen må studenten oppfylle vilkåra i eksamensforskriftas §6-7. Dersom desse ikkje er oppfylte, må eksamen avleggjast ved neste ordinære gjennomføring av emnet. Dette handlar om å sikre likebehandling og at det er føreseieleg for alle studentar.
Kan studenten risikere å hamne i same situasjon neste år?
Studentar som går på to ulike studieprogram, kan hamne i liknande situasjon. Eksamenssystema våre er lagde opp på ein slik måte at dei sørgjer for at det ikkje blir eksamenskollisjon innanfor eit studieprogram, men det vil ikkje vere mogleg slik vi har det i dag, å hindre at det blir kollisjon når studentar vel å ta to studieprogram parallelt. Det er fleire grunnar til at institusjonen ikkje har høve til å leggje til rette for at eksamen på ulike studieprogram ikkje kolliderer. Det er ein logistikk som må gå opp. Kapasitets- og ressursomsyn som tilgjengelegheit på lokale og eksamensvakter, er døme på at det er utfordrande å koordinere eksamenar på tvers. I tillegg skal alt vere i tråd med gjeldande regelverk.


