– Det er veldig mykje du kan gjere med ei drone. Dei blir brukt både i Forsvaret og sivilt. Dei blir brukt til å ha inspeksjon, til å ta bilde og til å overvake, mellom anna i leiteaksjonar, seier Mikkel Odden.

Samstundes som statsministeren varslar eit stort droneløft for Forsvaret, ventar droneelevane Mikkel Odden og Sondre Knutsen spent på om det i det heile finst ein læreplass til dei til hausten.
Foto: Ole Andreas Bø / NRK
Han er elev ved dronefaget på Sola vidaregåande skule.
Saman med medelev Sondre Knutsen brukar han store delar av skuledagen på å spesialisere seg innan reparasjon og flyging av dronar.
– I leiteaksjonar så er det som oftast ein som styrer dronen, og så er det ein som styrer kamera. Då kan ein fokusere på å fly, og ein på å leite, legg Knutsen til.
Men vegen frå skulebenken til jobb er prega av uvisse.
Sjølv om droneteknologien flyg høgt, slit mange elevar med å finne fast grunn under føtene i form av ei læretid.

Dei to elevane saman med faglærar Thomas Olsen ved dronelinja.
Foto: Ole Andreas Bø / NRK
Draumen om Forsvaret
For elevane er målet klart. Forsvaret framstår som den mest attraktive arbeidsplassen, men nålauget er ekstremt trongt.
– Draumen er jo å komme inn i Forsvaret, og få jobbe med dronar der, seier Odden.
Knutsen deler ambisjonane, men er førebudd på at han må sjå breiare for å få fullført utdanninga.

– Viss du har lyst, og du brenn for det, så får du ein plass, seier Knutsen.
Foto: Ole Andreas Bø / NRK
– Eg ønsker å gå vidare i Forsvaret, men er fornøgd om eg får nokon som helst jobb innan dronar. Om det er offshore, sivilt eller i Forsvaret er det same, så lenge eg får moglegheit til å jobbe med dronar, seier han.
Tildelinga av læreplassar er ennå ikkje klar, og dei to veit ikkje kor dei skal starte når skuleåret er omme.
I verste fall kan dei ende opp utan læreplass.
Statsministeren varslar droneløft
Samstundes som elevane ventar på svar, signaliserer regjeringa at dronar blir heilt sentrale i framtidas forsvar.
– Vi vil styrkje korleis alle delar av Forsvaret arbeider med å bruke dronar og forsvare seg mot dronar. Det tilpassar vi til det norske forsvarsbehovet. Det inkluderer også opplæring av folk som kan operere dronane, sa statsminister Jonas Gahr Støre til VG denne veka.

Løftet inkluderer også opplæring av folk som kan operere dronane, ifølge Jonas Gahr Støre. Her saman med forsvarsminister Tore O. Sandvik og forsvarssjef Eirik Kristoffersen på pressekonferanse.
Foto: William Jobling / NRK
Tal frå Forsvaret viser at det er stor kamp om læreplassane innan dronefag. I 2023 og 2024 var det berre éin einaste lærlingplass nasjonalt, med høvesvis 19 og 44 søkarar.
For 2026 er det meldt inn behov for fem lærlingar fordelt på Bergen, Rygge og Ørland. Det er 42 søkarar til desse plassane.
Kommunikasjonssjef i Forsvarets personell- og vernepliktssenter, Trine Sylju Arntsen, seier dei ventar eit aukande behov for dronekompetanse i tida som kjem.
– Dette er et fag i stor utvikling, både i Forsvaret og i samfunnet elles. Vi ser at det vil auke i Forsvaret framover også, men det er for tidleg nå å si noko om kor og når, seier Arntsen.
Kor mange læreplassar Forsvaret vil ha i 2027 er ikkje bestemt.
– I fjor var det verste året
Ved opplæringskontoret merkar dei utfordringane med å skaffe nok plassar i ein ung bransje.
– I fjor var det verste året. Då fekk vi berre ut tre lærlingar, seier dagleg leiar for offshorefag, Hanne Grete Kvamsø.
Sjølv om situasjonen har betra seg frå fjoråret, er det framleis sårbart. Eit nyleg oppbod i ei bedrift har ført til at to planlagde læreplassar forsvann.
Kvamsø meiner det finst seigliva misforståingar om kva faget faktisk inneber ute i næringslivet.

– Vi ønsker at dei private bedriftene kjem på banen, seier Hanne Grete Kvamsø ved opplæringskontoret.
Foto: NRK
– Det er ein misforståing ute blant bedriftene, om at ein dronelærling skal fly heile tida, men dei skal ikkje det. Det er jo masse arbeid som dronepilotar gjer utanom, seier Kvamsø.
Ho understrekar at Rogaland gjer det relativt bra samanlikna med resten av landet, men etterlyser eit større engasjement frå fleire aktørar.
– Vi ønsker at dei private bedriftene kjem på banen, og at forsvaret også tar ansvar for å ta inn dronelærlingar. Det gjer dei ikkje no, seier ho.
Avdelingsleiar Arnstein Brekk ved Sola vidaregåande skule stadfestar at det er eit gap mellom interessa for faget, og opne dører i arbeidslivet. Han presiserer likevel:

Vi treng fleire læreplassar, seier dronelærar Arnstein Brekk.
Foto: NRK
– Dette utdanningstilbodet er jo starta fordi bedriftene ønsker at det skal vere her. Linja er trygg og vi har god søking.
– Men vi treng fleire læreplassar. Bransjen er flink, men det er ein ung bransje og det er ein bransje som skal vekse, seier Brekk.
Publisert


