– Det er veldig bekymringsfullt at vi i ein situasjon kan kome i mangel og måtte rasjonere. Vi er heilt avhengige av tilgang på diesel. Både for å få køyre våronn og for å få inn avlingane når den tid kjem.
Ståle Hustoft er bondelagsleiar i Rogaland, og sjølv bonde.
No fryktar han at mangel på drivstoff skal påverke matproduksjonen i Noreg i ein mogleg krisesituasjon.
– Diesel er ein veldig viktig innsatsfaktor. Og vi har ikkje mogelegheit til å omstille oss til andre energikjelder. Det er tunge maskiner som er langt ifrå ein ladeleidning.

Hustoft meiner at bønder må bli ein prioritet i ein eventuell rasjoneringssituasjon.
Grafikk: Marthe Synnøve Susort Johannessen / Marthe Synnøve Johannessen
Han representerer ein av dei mest aktive landbruksregionane i Noreg, med over 4100 aktive gardsbruk.
No har han ei klar oppfordring til myndigheitene.
– Bønder må bli prioritert i ein rasjoneringssituasjon. Det er kritisk at vi kan oppretthalde norsk matproduksjon. Da må tilgang på drivstoff til bønder vere prioritert.
Framleis god tilgang
Statssekretær i Næringsdepartementet, Ragnhild Sjoner Syrstad, seier at vi i dag har god tilgang på drivstoff i Noreg.
– Vi har ikkje mangel på drivstoff i Noreg no. Men situasjonen i Midtausten er alvorleg og endrar seg fort, så vi førebur oss på at situasjonen kan endre seg.
Ho fortel at regjeringa jobbar for å hindre at vi endar opp i ei drivstoffkrise.
– No er det to ting som gjeld. Det første er å auke produksjonskapasiteten i Noreg til maks. Det har Mongstad gjort.
Equinor sitt raffineri i Nordhordland auka nyleg produksjonen.

Ragnhild Sjoner Syrstad, statssekretær i Næringsdepartementet.
Foto: NFD / David Berg Tvetene / NFD
– I tillegg så vurderer regjeringa tiltaka for å redusere forbruket som IEA har foreslått. Ein fellesnemnar for dei er at dei reduserer etterspørselen etter drivstoff. Sånn at dei som treng det mest, er fremst i køen når vi eventuelt må prioritere, seier Syrstad.
Men kor langt fram bøndene står i den eventuelle køen, kan ho ikkje seie noko om.
– Landbruket er viktig for norsk matproduksjon. Men det er diverre for tidleg å seie noko om kven som blir prioritert på noverande tidspunkt. Utover at tenester som er kritiske for liv og helse, står høgt i prioriteringslista.
Må planlegge for eigen beredskap
Etter krigen i Midtausten har drivstoffprisane auka grunna mangel på tilgang på olje. Blokadar og uro i Hormuzsundet gjer at store mengder olje og gass ikkje kjem ut.
Som eit hastetiltak sette Stortinget ned drivstoffprisane.
Dessutan vurderar regjeringa å auke beredskapslagera. No har vi 20 dagar med drivstofflager, medan Sverige og Finland har 90.
Jonas Gahr Støre har tidlegare sagt at bønder må «planlegge for eigen beredskap», men avviser at folk bør hamstre.

Thina Saltvedt meiner at om vi ikkje senkar forbruket no, blir det mindre til alle seinare.
Foto: Johan E. Bull / NRK
Thina Saltvedt er sjefanalytikar i Nordea, og ekspert på oljemarknaden. Ho meiner at om vi ikkje senkar forbruket no, blir det mindre til alle seinare.
– Andre land har begynt å sette ned forbruket sitt, mens vi held igjen. Det kan gjere at det blir meir utfordrande for alle på lang sikt.
Å sette ned drivstoffprisane gjer at vi opprettheld eit høgt forbruk, meiner ho.
– Vi må hugse at dette er ein fysisk vare som det har blitt mindre av. Om vi endrar på prisane slik at forbruket vårt blir endra, så hjelper ikkje det på situasjonen andre stader i verda.
-
Geir Pollestad (Sp)
– Det var eit heilt nødvendig tiltak. Vi såg at prisane steig, og vi ønsker å hjelpe entreprenørane, og vi ønsker å bidra til å halde prisane for alle i Noreg nede. Da var det nødvendig å kutte i avgiftene. Men det vi må gjere no er å bygge opp nasjonal beredskap, slik at vi har den sikkerheita. Vi treng tilgang på drivstoff i ein framtidig knappheitssituasjon, og vi må også produsere diesel i Noreg. Vi har mykje olje, men vi produserer ikkje diesel, og det må vi fikse opp i.
-
Nikolai Astrup (Høgre)
– Høgre står fast ved at det var rett å gi folk ei midlertidig avgiftslette i ein krevjande økonomisk situasjon. Samtidig har Høgre vore klare på at det hadde vore betre med skattelette. Det hadde gjort at alle fekk betre økonomi, uavhengig av om dei har bil eller kor mykje dei køyrer, og sjølv kunne prioritere pengane. Samtidig er det viktig å understreke at lågare avgifter på drivstoff ikkje setter marknadskreftene ut av spill. I ein mangelsituasjon vil det framleis vere tilbod og etterspørsel som setter prisen.
-
Harald Andreassen, sjeføkonom
Å sette ned drivstoffprisane var politikk på sitt verste. Bortimot alle økonomar eg har snakka med meiner at dette var dumt. Det var fysisk mangel på olje og oljeprodukt. Og den einaste måten praktisk å få sortert ut kven som skal få bruke denne oljen, det er prisen. Høg pris gir ein indikasjon på at det er mangel, og da må ein redusere bruken, for han finst ikkje.
Dessutan blei dette bestemt av Stortinget i løpet av 24 timar, utan at alternativ eller konsekvensar blei greia ut. Det er ikkje normalt i Noreg at vi gjennomfører så store løyvingar utan å ha tenkt gjennom det skikkeleg.
-
Bård Hoksrud
Grunnen til at vi har fjerna avgifta på drivstoff no, handlar om at vi har eit næringsliv, det handlar om lommeboka til folk. Hadde vi ikkje gjort dette så hadde det sett press mot renta. Derfor er det viktig å redusere drivstoffprisane.
Det viktige for Noreg er at vi har eit næringsliv, og vi har drivstoff og prisar som gjer at folk og næringsliv får det til å gå rundt. Vi har sett og møtt folk som seier at livsverket er i ferd med å gå i grus og ruinar på grunn av dei høge drivstoffprisane.
-
Thina Saltvedt, sjefanalytikar i Nordea
Vi må hugse at det finst ein global marknad med avgrensa tilgang på drivstoff. Og når denne kaka vi skal dele blir mindre betyr det at vi må bruke mindre. Den fysiske tilgangen er meir avgrensa, og situasjonen kan forverre seg. Da er det klart at det hjelper ikkje på viss vi held eit forbruk som ikkje tar omsyn til utfordringa vi står ovanfor.
-
Cecilie Myrseth, næringsminister (Ap)
Eg har forståelse for at auka prisar skapar bekymring, men vi må ta på alvor at det er ein global mangelsituasjon på drivstoff som også får betydning for Noreg.
Noreg er førebudd og vi har også kontroll på situasjonen sånn den er i dag. Folk i Norge skal vite at beredskap og trygghet er veldig viktig for regjeringen.
Hustoft forstår kvifor myndigheitene sette ned drivstoffprisane.
– Men det er jo urovekkande at vi ikkje har tiltak for å bremse det unødvendige forbruket.
No har han ei oppfordring til regjeringa.
– Vi må sikre at landbruket kjem i ein dialog, slik at vi blir prioritert ved ein rasjonering. På lengre sikt må nok vi bønder òg rigge oss med meir beredskapslager på gardsnivå av dei innsatsfaktorane vi trenger.
Publisert
Oppdatert


