– Eg visste jo at eg ville jobbe i barnehage. Det er den beste jobben.
Det seier Odd Hugo Bulling. Han studerer barnehagelærarutdanninga på Dronning Mauds Minnes Høgskole i Trondheim.
Barnehagelærarutdanninga har hatt seks år med samanhengande nedgang. Men i år er det ein oppgang på 2,65 prosent.
– 2200 personar har barnehagelærarutdanninga som førsteval i år. Det er veldig positivt at søkartalet no aukar litt og ikkje fortset nedover, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland.
I Trondheim er ikkje Bulling i tvil om kvifor barnehagelærar er rett yrke for han.
– Eg får gjere litt som eg vil kvar dag og viss eg har ein idé så får eg med meg barna på det. Eg liker musikk og får spele gitar kvar dag, til dømes, seier Bulling.
– Og så får eg høyre frå barna kvar dag at eg er ein superhelt, den smartaste, sterkaste, tøffaste og kulaste, legg han smilande til.
Rekordmange søkarar til høgare utdanning
– Eg er veldig glad for at vi har mange søkjarar til høgare utdanning, for Noreg har store kompetansebehov i årene som kjem, seier Aasland.
Om lag 9000 fleire har søkt om studieplass i høgare utdanning i år.
Helsefag er det klart største utdanningsområdet, med ein oppgang på rundt tusen søkarar frå i fjor.
I 2025 begynte rekordmange på ei sjukepleiarutdanning, men søknaden har gått noko ned i år.
– Vi forventa at søkinga ville gå litt ned i år, etter den veldige veksten i fjor. Eg er veldig glad for at mange søker seg til eit svært viktig yrke, og at søkinga ser ut til å ha stabilisert seg på eit høgt nivå, seier Aasland.

Sigrun Aasland, forskings- og høgare utdanningsminister.
Foto: Inger Kristine Lee / NRK
– Noreg treng fleire med høgare utdanningskompetanse, og dagens søkartal viser at mange ønsker å bidra til samfunnet.
Det seier leiar i Norsk studentorganisasjon, Sigve Næss Røtvold.
– Søkartala viser igjen at studentar tenker på jobbmoglegheiter når de vel utdanning.
Fleire vil bli lærar
I år er det ein oppgang på 2,6 prosent for alle typar lærarutdanningar samla og nesten 7800 har ei lærarutdanning som sitt førsteval i år.
Søkinga til grunnskuleutdanningane steig kraftig i fjor og søkinga er omtrent lik i år.
Etter sju år med nedgang har søkinga til lektorutdanninga auka med over 10 prosent i år.
Trass i auka til barnehageutdanninga, meiner utdanningsforbundet at søkartala framleis er kritisk låge.
– Ein bitte liten oppgang endrar ikkje det store bilete, seier leiar i Utdanningsforbundet Geir Røsvoll.
Utdanningsforbundet trur forklaringa er at barnehagelæraryrket blir oppfatta som svært krevjande på grunn av bemanningssituasjonen i barnehagane, og at løna er for dårleg.

– – Alle som har ansvar, må no bidra til å legge til rette for at barnehagelærarane får gjort jobben sin, seier leiar i Utdanningsforbundet, Geir Røsvoll.
Foto: Harald Åker/Utdanningsforbundet
Det er barnehagelærarstudenten i Trondheim, einig i.
– Kvart år får me fleire arbeidsoppgåver, mindre tid og mindre budsjett. Og sånn har det vore. Det er litt hardare å jobbe i barnehage i dag enn det var for 10–15 år sidan, seier Bulling.
Stabil søknad til teknologistudium
– Eg trur det berre kjem til å bli meir som skal utviklast og meir som skal bli digitalisert. Og då treng ein fleire folk innan teknologi.
Det seier Mads Bårnes. Han går fjerde året på informatikk på NTNU, og skal snart ut i jobb med ei spesialisering innan informasjonssystem.
– Det er jo berre å hoppe på og lære seg å bruke KI, for vi treng menneske i loopen, seier han.

Mads Bårnes seier han kan bli ein betre og meir effektiv utviklar viss han bruker KI på ein god måte.
Foto: Sunniva Skurtveit / NRK
I fjor gjekk talet som hadde ei IKT-utdanning som sitt førsteval ned med 22 prosent. På NTNU trur dei det skuldast meir og betre kunstig intelligens.
Årets søkartal til IKT er om lag som i fjor og har stabilisert seg på rundt 5500 søkarar.
– Eg er ikkje redd for at KI skal ta over jobben min. Eg vil lære meg å bruke KI på ein veldig god måte sånn at eg kan bli ein betre utviklar, seier Bårnes om utviklinga.
Det er eit nytt studium, ansvarleg digitalisering, ved Universitetet i Agder, som trekk opp søkartala.
Publisert
Oppdatert


