– Det var ganske billig, så då slo vi til, laga kontrakt og signerte med BankID, seier Sverre Lund Digermul (18) frå Mosjøen.
I september 2025 la Digermul ut store summar for ein buss til russegruppa si. Dei 16 gutane såg føre seg ei feiring utan like.
Dei hadde også leid inn hjelp til å designe bussen.
Alt var klappa og klart, trudde dei.

BUSSEN SOM ALDRI KOM: Klar for lakkering og russedesign.
Foto: Privat
– Folk var forbanna
Så kom dagen gutane skulle overta bussen.
Designarane hadde reist frå Oslo og stod klare med utstyret sitt.
Digermul prøvde også å ringe busseljaren fleire gangar utan svar.
Bussen kom aldri og pengane var borte.
– Det var lite håp då vi fann ut av det. Folk var forbanna, men kva skal ein gjere. Vi får jo ikkje gjort noko. Vi må berre vente på politiet, seier Digermul.

No er det ikkje lenge før russedressen skal takast i bruk.
Foto: Ole-Christian Olsen / NRK
Då kontrakten vart signert, var Digermul den einaste som hadde fylt 18 år. Derfor tok han på seg ansvaret med kontrakten og store delar av betalinga.
– Det vart dyrare for nokon enn andre, spesielt for meg. Eg har lagt ut for ein del av dei andre gutane. Eg har brukt mykje meir enn mange andre.
– Eg hadde ein del pengar etter arv, så eg tenkte eg skulle vere grei og hjelpe gutane. Planen var å få tilbake dei pengane då vi selde bussen og få litt profitt på den.
Internasjonalt etterlyst
Digermul har meldt forholdet til både banken og politiet. Saka bli etterforska av Sør-Vest politidistrikt som ein bedragerisak.
– Etter at forholdet vart meldt, har to personar fått status som mistenkt i saka. Dei opphald seg visstnok i Tyrkia og er internasjonalt etterlyst.
Det seier politifullmektig Astrid Meringen Schjetne til NRK.
Ifølge Schjetne visar overføringar at gutane har tapt til saman 557.000 kroner.
Politiet ønsker ikkje å gå nærare inn på saka ettersom den er under etterforsking.

Saka bli etterforska av Sør-Vest politidistrikt.
Foto: Eirin Larsen/NRK
– Vi har ikkje motteke andre meldingar frå russen utanom desse to gruppene, og oppmodar russ til å melde potensielle bedragerisaka til politiet.
Det viser seg derimot at russegruppa frå Mosjøen ikkje er dei einaste som skal ha vorte svindla.
TV 2 har vore i kontakt med russegruppa «Adelsmenn» i Stjørdal, som betalte 270.000 kroner for ein buss som viste seg å ha ei rekke feil og manglar.
Sør-Vest politidistrikt har lagt bort saka. Årsaka er mangel på rimeleg grunn til å undersøke om det låg føre eit straffbart forhold.
Schjetne oppfordrar russen til å melde frå dersom dei trur dei bli svindla.
Feiring bli det likevel
– Er det lurt å kjøpe buss usett?
– Nei, for all del dra og sjå på bussen. Sjå at den er ekte, sjå at den er slik som dei seier og pass på at det er ordentlege folk, seier Digermul.
– Kva har dykk lært?
– Ikkje ha så dårleg impulskontroll, sjekk litt meir opp og gjer ein bakgrunnskontroll.
Trass i at Digermul har vorte svindla for store summar blir det russefeiring. Han har nemleg meldt seg ut av gruppa og inn i ei ny.
– Eg vil ha ei skikkeleg russefeiring. Eg var russ i fjor og hadde buss då, men vil på rulling i år også.

FEST OG RULLINGS: Det blir ikkje noko fest i denne sofaen, men kanskje i ein anna. Dette er frå ein video Sverre har fått tilsendt.
Foto: Privat
Publisert
Oppdatert


