– Dei er store i arbeidsplassar, men dei er også store i å øydeleggje, seier Kjell Solheim, som bur i Økstrafjorden.
Han snakkar om pukkverket Mibau Stema, som ikkje står høgt i kurs hos mange fastbuande og hyttefolk.
I Suldal kommune i Ryfylke ligg det største pukkverket i Europa. Kvart år eksporterer dei 13 millionar tonn med singel, grus og sand.
Dette blir brukt til grunnlag for vegar og jernbanar, og til byggestein og betong, for å nemne nokre bruksområde.
Selskapet ønskjer nå ei gigantisk utviding. Planen er å dobla uttaksområdet, noko som tilsvarar ei auke i areal på nærare 400 fotballbanar. Då har dei råmateriale til 80–100 års vidare drift.
Sjølv om mange heiar på planane, er også mange kritiske.
Kjell Solheim er ein av dei.
– Vi som vaks opp her, vi levde i naturen, av naturen og med naturen, seier han med låg røyst.

Kjell Solheim frå Økstrafjorden. Til venstre Bjørg Wigestrand.
Foto: Ingvald Nordmark / NRK
– Det er derfor me blir så himla sinte når nokon vil øydeleggje han, slår Solheim fast, mest utan å heva stemma.
Solheim er ein av dei 50–60 fastbuande langs fjorden.
Det er i den ytre og opne delen av Økstrafjorden. Det er også der det står eit par hundre hytter.
Kart over området rundt Økstrafjorden.
Men der brua kryssar fjorden, er den berre nokre meter brei. Så vier fjorden seg litt ut igjen før den når botnen eit par kilometer lengre inne.
Ser du opp derfrå ser du Kolbergnuten, Det er den som selskapet Mibau Stema vil gjera om til singel, grus og sand.
Økstrafjorden er ein såkalla dobbel terskelfjord, der to tersklar bidrar til å hindre utskifting av sjøvatn, spesielt i den inste delen. Det er det som gjer han sårbar.
Motstanden samla seg
For kort tid sidan blei Bevár Økstrafjorden formelt stifta. Om lag 35 innbyggjarar var til stades på grendehuset. Tre dagar seinare hadde Facebook-gruppa 134 medlemmar.

Stiftingsmøte Bevár Økstrafjorden i Foreneset grendehus
Foto: Pål Mathiesen, Bevár Økstrafjorden / NRK
Og dei står framføre ei skikkeleg vanskeleg oppgåve.
For det jobbar 340 menneske i eit steinbrot langs nabofjorden til Økstrafjorden, på Berakvam, langs Sandsfjorden.

Frå Berakvam-området blir steinen knust til sand, grus og singel.
Foto: Ingvald Nordmark / NRK
Mange av dei kjem frå fråflyttingskommunen Suldal i Ryfylke, som også Økstrafjorden er ein del av.
Olav Lindseth representerer partiet Venstre i kommunestyret.

Olav Lindseth, Suldal Venstre.
Foto: Ingvald Nordmark / NRK
– Dette er arbeidsplassar vi kjenner. Det er ikkje hypotetiske arbeidsplassar. Det er arbeidsplassen til naboguten som er lærling, og til dei du møter på butikken.
Lindseth er klar på at det må stillast strenge krav for å hindre utslepp til Økstrafjorden, for å redusere støvskyene og for å få støyen ned på eit akseptabelt nivå for dei som bur der.
Men han kjem ikkje til å stemma imot utvidingsplanane til selskapet.
– Og det har heller ikkje 18 av 19 kommunestyremedlemmer signalisert hittil, seier han.
Natur mot arbeidsplassar
Styremedlem i Bevar Økstrafjorden, Bjørg Wigestrand, forstår at arbeidsplassar er viktige i kommunen, men:

Bjørg Wigestrand, er Bevár Økstrafjorden. Koldalsnuten i bakgrunnen
Foto: Ingvald Nordmark / NRK
– Du kan ikkje føre tilbake naturen. Øydelegg du han, så er den øydelagt for alltid. Men ein arbeidsplass, den er tidsbestemt, seier Wigestrand og legg til.
– Det er ein skandale om politikarane gir selskapet løyve til å vinne ut stein frå fjellet i 80 år framover!
Ho meiner løyvet bør vera tidsavgrensa til 10–15 år. Eller så må utvinninga av stein gå føre seg inne i fjellet, i fjellhallar.
Gjer tiltak
Leiinga i Mibau Stema legg ikkje skjul på at det kjem til å bli ein del støy. Men dei lovar å gjera grep for å redusere støyen, blant anna ved å grave ned grovknusemaskinen.
Dei lovar også å sende vatn som hopar seg opp i steinuttaket, gjennom ein tunnel og tilbake til steinbrotet på Berakvam.
I tillegg har dei planar for å hindre at steinstøv blir tatt av vinden og endar som avrenning til Økstrafjorden. Alt dette stadfestar administrerande direktør Tor Helge Hilmarsen i Mibau Stema Noreg.

Tor Helge Hilmarsen er administrerande direktør i Mibau Stema Noreg.
Foto: Ole Andreas Bø / NRK
Idyllen blir ikkje som før
Einar Midtun ser rett på Koldalsnuten når han står på terrassen på hytta si. Er han nede på brygga så ser han rett på fjellet derfrå også.
Hytta stod ferdig 2003, og her er familien ofte, mellom mai og oktober.

Hyttefolk i samtale med sentrale folk i Bevar Økstrafjorden. Frå venstre: Pål Mathiesen, Anne Britt Midtun, Einar Midtun, Øyvind Wigestrand.
Foto: Ingvald Nordmark / NRK
– Vi høyrer det kan bli sprenging seks dagar i veka, og banking og knusing døgnet rundt. Så for oss er det støyen vi er mest redd for. Og så snakkar dei om støvskyer i tillegg.
– Det kan øydeleggje heile idyllen og fjerne gleda av å vere her, seier Midtun.
Alt kan ikkje reparerast
Kjell Solheim har jobba som tømmermann og snekker i mange år.
Han er god på renovering av gamle og verna bygg. Nå har han lest seg opp på byggeplanane frå Mibau Stema og han er uroa for det han har lest.

Det går føre seg boring døgnet rundt i Berakvam. Ein gong i døgnet skjer sprenginga.
Foto: Ingvald Nordmark / NRK
– Det står at dei skal gjera «tilbakeføring av natur», når steinuttaket er ferdig. Men eg har ikkje lyst til at Økstrafjorden, Sandsfjorden og området rundt skal bli et oppussingsprosjekt, slår han fast.
Og då har han heva stemma, litt.
Publisert


