
Ein mann er frakta til Stavanger universitetssjukehus (SUS) med alvorlege skadar etter ei valdshending på ei adresse på Tjensvoll i Stavanger laurdag ettermiddag.
Politiet rykte ut til staden med fleire patruljebilar etter at meldinga kom inn klokka 15.43. Dei seier dei framleis ikkje har kontroll på gjerningspersonen.
– Politiet har ikkje kontroll på gjerningspersonen, og tar i mot forklaring frå personar på staden, seier operasjonsleiar Dag Steinkopf klokka 16.48.
Politiet vil så langt ikkje seie noko om kva skadar mannen har blitt påført.
Innsatsleiaren på staden, Sten Kristian Lund, seier at kriminalteknikarar vil gjere undersøkingar i løpet av kort tid.


