Er det behov for å gå gjennom pengebruken – ein gong til – når staten skal bruke 35 milliardar kroner på å få til flytande havvind i Noreg?
Ja, meiner Høgre, Raudt og KrF – og no altså Framstegspartiet.
– No sløser ein vekk enorme milliardbeløp på ei ulønnsam næring, seier Kristoffer Sivertsen.

Kristoffer Sivertsen i Framstegspartiet.
Foto: Ulrik Haug / NRK
Stortingspolitikaren frå Rogaland meiner det finst betre måtar å bruke skattebetalaranes pengar på.
– Så finst det alternativ for å gi fleire arbeidsplassar og aktivitet i verfta. Det er å satse meir på olje- og gassnæringa.
Bakgrunnen her er at Høgre har foreslått i Stortinget at ein skal gjere ein ny gjennomgang av kostnadane ved den norske satsinga på flytande havvind.
Satsinga på 35 milliardar kroner vart forhandla fram av SV for to år sidan.
Framstegspartiet vil no stemme subsidiært for Høgres forslag.

Denne vindmølla tilhøyrer METCentre, og står utanfor Karmøy. Selskapet testar flytande fornybar energiproduksjon.
Foto: NTB
Politisk splitting
Det er ikkje tvil om at havvind splittar sterkt politisk.
Det tilhengarane meiner er ei satsing på framtidas klimavennlege industrieventyr, meiner kritikarane er sløsing på ei næring som aldri blir lønnsam.
Mykje av søkelyset rettast no mot Raudt, som sviktar dei raudgrøne og går saman med Høgre, Frp og KrF.
– Eg trur dette blir mykje dyrare enn det ein hadde sett for seg, og da meiner eg at Stortinget bør få ærlege tal på det, seier Raudts nestleiar Sofie Marhaug i energi- og miljøkomiteen.

– Eg er ueinig i at dette sett tusenvis av arbeidsplassar i spel, fordi vi veit ikkje eingong om desse oppdraga kjem til norske verft, seier Raudt-nestleiar Sofie Marhaug.
Foto: Ole Andreas Bø / NRK
Havvindsatsinga vart nyleg tatt opp i forhandlingane om revidert nasjonalbudsjett.
Men da avtalen vart klar, stod det ingenting eksplisitt om at satsinga skal fortsette.
Marhaug meiner det Stortinget skal ta stilling til i dag, er eit «eit nøkternt forslag om å få oppdaterte kostnadsanslag».
– Men ein produserer jo utstyr til havvindmøller no på verft i Noreg. Kva har du å seie til dei som er redd for å miste jobben sin?
– Det er riktig at det produserast til havvind på verft i Noreg. Men det er ikkje oppdrag i Noreg, det er utanlandske oppdrag, så dette vil ikkje påverke det, seier Marhaug.

Sveising på Worley Rosenberg i produksjonshallen, på øya Hundvåg i Stavanger.
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK
– Natur og Ungdom meiner at dette sett Raudts truverd som klimaparti på spel. Kva har du å seie til det?
– Vi er nøydde å redusere forbruket. Eg trur at dei 35 milliardane i subsidiar ville vore brukt mykje betre viss dei gjekk til ting som kan redusere energiforbruket, heller enn at det går til eit luftslott, seier Marhaug.
Fryktar for industrien
Det blir allereie bygga utstyr til havvind. Mellom anna på Worley Rosenbergs verft i Stavanger.
Her er frykta stor for det som no skjer på Stortinget.
– No som olje og gass er litt på hell, så er vi jo avhengige av andre satsingar, slik at verftsindustrien langs kysten skal overleve, seier klubbleiar Aleksander Eriksen ved verftet.
-
Aleksander Eriksen
- Klubbleiar ved Worley Rosenberg-verftet
Men med FrPs avklaring, så tyder alt på at det blir fleirtal for forslaget frå Høgre om å gå gjennom kostnadane i havvindsatsinga på nytt.
Det skjer trass i sterke åtvaringar frå Arbeidarpartiets stortingspolitikar Morten Sandanger frå Rogaland.

Morten Sandanger i Arbeidarpartiet.
Foto: Rakel Sofie Paulsen / NRK
– Det er ein samla front med arbeidsgjevarar, arbeidstakarar, næringsforeiningar, som seier til desse partia: de må stoppe med dette her.
Sandanger meiner Høgre, Frp og KrF må lytte til næringslivet, og at Raudt må lytte til fagrørsla.
Publisert


