– Det var litt dumt. Det er ikkje noko vi får gjort med det. Det blei for byråkratisk, fortel Mæland.
NRK møter han i det han sjølv har døypt Kongsdalen på Lauperak i Bjerkreim.
Planen var å få på plass ei 30 gonger 20 meter stor maske av kong Harald på ein fjellvegg på garden.

Vi kjem til å sakne kongen, men vi er utruleg heldige som har fått levd under hans tid, seier Mæland.
Foto: Arild Eskeland / NRK
Prosjektet var tenkt som ein hyllest til Kong Harald, men kom aldri i skikkeleg i gang. No sørger han over kong Haralds bortgang.
– Han var ein folkekonge av dimensjonar. Tenk å få vere på post til det siste. Vi kjem til å sakna kongen, men no ser vi sonen hans. Han kjem til bli ein like konge, konge.

Slik blei idéen presentert for første gong.
Foto: Fotomontasje
Mæland blei kjend for folk flest gjennom NRK-serien «Cowboyen og kongen», der vi mellom anna følger han i forsøket på å reise monumentet av kong Harald.
Arvid vil lage sitt eige Mount Rushmore av kongen i fjellet. Det høyrest umogleg ut, men ikkje for Arvid.
Fekk idéen på Mount Rushmore
Idéen til det mektige monumentet fekk Mæland etter ein tur til USA.
– Bror min sa eg måtte få malt ein cowboy der oppe i fjellet, men så hadde eg akkurat vore på Mount Rushmore. Då tente idéen seg, fortel han.

Mount Rushmore i South Dakota er eit nasjonalt minnesmerke der hovuda til presidentane Washington, Jefferson, Roosevelt og Lincoln er hogde ut i berget.
Foto: AFP
Mæland meinte nemleg synet på kongefamilien hadde endra seg.
– Då eg var liten hadde folk bilete av kongen og dronninga i heimane sine, men så forsvann dei til utedoen. Det synest eg var veldig gale, seier Mæland.
– Eit folk må ha ein samlande leiar, statsministrar kjem og går, held han fram.
Sende melding til hoffet
Sjølv om prosjektet møtte byråkratiske hindringar, seier Mæland at han opplevde stor støtte frå folk flest. Han tok også kontakt med kongehuset fleire gonger for å opplyse om prosjektet.

– Vi har døypt det Kongsdalen her inne, seier Mæland om garden på Lauperak.
Foto: Arild Eskeland / NRK
– Eg sende melding til hoffet tre gonger. Dei svara at dei ikkje kunne uttale seg om saka, men eg høyrde via omvegar at kongen synest det var ganske kult.
Sjølv om monumentet i fjellet manglar, har kong Harald set avtrykk i dalen.
– Vi har døypt det Kongsdalen her inne, sjølv om det ikkje viser på «GPS-en» endå.
– Og så har vi ein statue av han i tre oppi i svingen. Kongen er ein del av dalen.

Arvid Mæland har laga ein statue av kongen (t.h.) som står på garden i Lauperak.
Foto: Arild Eskeland / NRK
Kan kome fleire der oppe etter kvart
Trass i sorga over at kong Harald no er borte, meiner Mæland at kongen fekk ein verdig slutt på eit langt liv i teneste for landet.

– Eg meiner kong Harald var veldig flott, seier Mæland. Her fotografert i samband med serien «Cowboyen og kongen».
Foto: NRK
– Tenk å få vere på post til det siste og døy på topp. Vi kjem til å sakne kongen, men vi er utruleg heldige som har fått levd under hans tid.
Vil du no ha eit monument av kong Haakon i fjellet?
– Eg meiner kong Harald var veldig flott, men fjellet er stort og det kan kome fleire der oppe etter kvart.
Publisert


