– Det vi visste frå før av, var at våpenkvila mellom USA og Iran var veldig skjør. Nå har det oppstått tydelege brot på den, seier Kjersti Haugland, som er sjeføkonom i DNB.
Spenninga i Midtausten aukar etter at USA og Iran har gått til angrep på kvarandre det siste døgnet.
Då Trump erklærte at han såg på avtalen om våpenkvile med Iran som avslutta, reagerte marknaden med ein tydeleg oppgang i oljeprisen.
Eit fat nordsjøolje blir rett før klokka 12 norsk tid handla for 78,8 dollar. Tysdag ettermiddag låg prisen på rundt 73,7 dollar.

Få minutt etter utsegnene til Trump om at intensjonsavtalen er over, gjorde oljeprisen et kraftig byks.
Faksimile: Nordnet
– Det er i alvorleg i den forstand at ein potensielt kan hamne tilbake i den situasjonen vi var i for ei stund sidan, da det var nesten full stans i trafikken gjennom dette viktige sundet, seier Haugland.

Kjersti Haugland er sjeføkonom i DNB.
Foto: Ismail Burak Akkan / NRK
Trump vil halde oljeprisen nede
Haugland i DNB peikar på at den store usikkerheita er om konflikten vil eskalere til ei langvarig krise med full stans i trafikken gjennom det strategisk viktige Hormuzsundet, noko som kan drive energiprisane i vêret.
– Spørsmålet er nå om vi kjem tilbake til den situasjonen vi hadde før. Slik at vi igjen må begynne å bekymre oss for ein meir langvarig og alvorleg episode med høge energiprisar? Eller om partane igjen blir samde, og at dette var eit meir mellombels stans i våpenkvila, seier ho.
Ho seier at det no ser ut til at våpenkvila i det minste er midlertidig broten.
– Dersom det nå ikkje blir nokon teikn til at partane finn saman, og krigshandlingane blir tatt opp att både i Hormuzsundet og elles i Iran og i Midtausten. Då vil vi kunne sjå ein rask retur til oljeprisar over 100 dollar fatet.
Thina Margrethe Saltvedt, som er sjefanalytikar i Nordea, peiker på det same.

– Det kunne ikkje vere utenkeleg at Iran vil svare med å stenge ned Hormuzsundet igjen, seier Thina Margrethe Saltvedt.
Foto: Johan E. Bull / NRK
– Det ville ikkje vere utenkeleg at Iran vil svarer med å stenge ned Hormuzsundet igjen. Då kan han gå betydeleg høgare, og over 100 dollar fatet igjen. Men eg trur nok at dette er meir for å vise musklar, seier ho.
Høg oljepris for amerikanarane
Haugland i DNB peikar likevel på at den amerikanske presidenten er sterkt motivert for å halde oljeprisen nede av omsyn til amerikanske bensinprisar fram mot mellomvalet i november.

Det iranske militærhovudkvarteret åtvarar USA mot å blande seg inn i kontrollen over Hormuzsundet, melder Reuters i dag.
Foto: Aerial View – stock.adobe.com
Saltvedt i Nordea meiner også at den amerikanske presidenten er svært interessert i å halde oljeprisen låg.
– No har bensinprisane kome under fire dollar, og det er veldig høgt for amerikanarane. Skulle han sprette over fire dollar igjen, så vil populariteten hans falle betrakteleg.
– Vi nærmar oss stadig dette mellomvalet. Så eg trur dette er ein kortvarig trussel heller enn at det kjem til å vare, men ein veit jo aldri, seier Saltvedt.
Kan merkast på lommeboka
For norsk økonomi vil dette i første omgang slå ut i ein sterkare kronekurs, men Haugland påpeikar at ein vedvarande høg oljepris på sikt også kan tvinge fram eit høgare norsk rentenivå enn det som elles ville vore tilfellet.

For norsk økonomi vil dette i første omgang slå ut i ein sterkare kronekurs, seier Haugland.
Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK
– For norsk pengepolitikk så vil det vere sånn at ein vedvarande høg oljepris sannsynlegvis vil føre til høgare renter enn det som elles ville vore tilfellet, seier Haugland.
Publisert
Oppdatert


