– Det er for mange som søker om fri. Frå jul til nå har eg fått mellom 50 og 60 søknadar med ferie som grunn, seier rektor på Sandved skole i Sandnes, Siri Britt Selvikvåg Wernø.
I søknadane kan det gjerne stå at dei skal på ferietur fordi det er billegare utanom skuleferien, eller at foreldre ikkje kan ta ferie når skulen har fri.
– Eg synest det er litt enkelt å sende søknad om fri. Denne våren har det vore litt fleire søknadar. Gjerne to til tre i veka. Eg kan bekymre meg for det, seier Wernø.
Siste Syden-sjanse
NRK bad nyleg Norstat spørje folk om det er innafor å søke om fri for å reise på ferie utanom skuleferiane for barn i grunnskulen.
At 42 prosent svarer ja, overraskar Wernø.
– Det er ein høg andel. Då tenker eg at skulen må jobbe godt med å informere om at det er viktig at ein er på skulen, seier ho.
Silje Huse i Haugesund trur økonomi har mykje å seia.
– Det er jo sånn i dag at om ein skal ha råd til å reise på ferie som familie, så må ein kanskje ta det litt utanom dei felles feriane, seier ho.
– Men det kan bli vanskeleg for skulen om mange er borte?
– Det kan godt hende, men kanskje det er litt godt for dei og, med litt færre elevar i klasserommet?

Susann Haaland Karlsen meiner ein skal ha gode grunnar for å søke fri utanom skuleferiane.
Fotografi: Marthe Synnøve Susort Johannessen / NRK
På ein annan kant av byen skal Susann Haaland Karlsen snart pakke koffertane.
Tobarnsmora tar med dottera til Syden. Midt i juni.
– Men det er fordi det er siste sjanse til å ta henne ut av barnehagen, seier ho.
Å ta ungane ut av skulen, er ho derimot heilt imot.
– Eg synest det er litt egoistisk. Eg tråkkar kanskje nokon på tærne, men veit du kva! seier Karlsen, som har ein son i 2. klasse.
Ho meiner likevel det finst unntak.
– Dersom det er noko veldig viktig som bryllaupet til din kjære onkel. Men ikkje at du skal til Syden og ete is og bade.
Mest positive i Oslo
I undersøkinga var dei i Oslo mest positive til å søke om fri utanom feriane. Her svarte 46 prosent at det er greitt.
Solvor Vasshus byrja som rektor på Manglerud skole i Oslo for tre år sidan. Då byrja også arbeidet med å stramme inn på søknadar om fri.
I lag med to naboskular la dei seg på same strenge linje og har hatt god effekt.
– Det var mange som blei frustrerte i starten, men nå har det sett seg at her får ein ikkje fri før ferien, seier ho.

Solvor Vasshus er rektor på den største grunnskulen i Oslo. Ho meiner fri frå skulen kan signalisere at skulen ikkje er så viktig.
Foto: Nadir Alam / NRK
Men rektoren merkar likevel når det nærmar seg sommar- og juleferie.
Då tikkar søknadane inn.
Vasshus minner om kor viktig kvar enkelt elev er for fellesskapet.
– Det er heilt forsvarleg å ta barnet ut av skulen nokre dagar. Det handlar ikkje om det. Men ditt barn betyr noko for klassen kvar einaste dag. Læring skjer i fellesskap, seier ho.
Tar fri sjølv om dei får avslag
Skuleleiarane har ein betydeleg jobb med å administrere permisjonssøknader, seier leiar Mona Søbyskogen i Skolelederforbundet.
Dei opplever også at føresette tar elevane ut av skulen sjølv om dei har fått avslag på frisøknadar.

Billegare flybillettar tre dagar før ferien er ikkje grunn for å gi permisjon frå skulen, seier leiar i Skolelederforbundet Mona Søbyskogen.
Foto: Skolelederforbundet
– Året har 365 dagar. 190 av dei er skuledagar. Det er viktig at elevane er til stades både for eigen del og for fellesskapet, seier Søbyskogen.
Skulane må stå saman
Alle kommunar har eigne forskrifter om permisjon frå skulen.
Ofte er desse inntil ti skuledagar.
Men problemet oppstår gjerne når skular behandlar søknadane ulikt.
– Alle skular må stå saman og ha ein felles praksis. Det trur eg vil ha ein enorm effekt, seier Manglerud-rektor Vasshus.

Rektor Siri Britt Selvikvåg Wernø på Sandved skole i Sandnes håpar færrast mogleg tar ferie utanom skuleferiane framover.
Foto: Erik Waage / NRK
I Sandnes har Siri Britt Selvikvåg Wernø det travelt når skuleåret går mot slutten.
Med søknadar om fri frå dei som vil reise før skuleferien startar.
Ho trur nokon tenker at dei siste dagane på skulen ikkje er så viktige.
Men rigginga, organiseringa, innlevering av bøker og bytte av klasserom er viktig, meiner rektoren:
– Det er ein del av læringa, at vi er i lag som ein klasse. Eit arbeidsfellesskap både fagleg og sosialt på tampen, før vi seier god sommarferie til kvarandre.
Hei!
Har du tankar om saka du nettopp las, eller tips til andre saker eg burde lage? Send meg gjerne ein epost!
Publisert


