Når butikkhyllene blir tømte raskare enn du kan uttale namnet til spelet, minner pågangen om eit digitalt jordskjelv.
Det opplevde Johanna då ho drog i butikken for å kjøpe spelet Tomadachi Life på lanseringsdagen. Det var heller inga lykke å få i neste butikk.
– Eg tenkte «søren altså, nå har eg venta i elleve år», seier 29-åringen.
Ei nyleg undersøking viser at éin av tre nordmenn speler videospel jamleg.
Forskar Kamilla Knutsen Steinnes ved Forbruksforskningsinstituttet SIFO meiner spelmiljøet er prega av fordommar.
– Gamingkulturen har djupe kjønnsoppfatningar om at kvinner ikkje er like gode spelarar som menn, seier ho i ein forskingsartikkel publisert på nettsida til Oslomet (ekstern lenke).
Ifølge Steinnes har det dei seinare åra vore ei aukande marknadsføring retta mot jenter. Desse spela kallast ofte «rosaspel» av forskarar.
I spelbransjen skil ein mellom «core» (typiske gutespel) og «casual» (som Sims og mobilspel). Det er «casual»-spela som ofte appellerer meir til jenter.

Nintendo-spelet som Johanna ville ha tak i, er svært populært. Fleire utsalsstader melder at dei er utselde.
Foto: Lucas Andreassen Storsveen / NRK
Samanliknar speling med Fotball-VM
Spelekspert Kenneth Flage seier at alle slags folk speler.
– Når du tenker på den typiske gamaren, så får du gjerne eit spesifikt bilde i hovudet: Ein tenåring eller ung mann som berre speler skytespel. Men det stemmer ikkje. Kvinner, barn, foreldre og besteforeldre speler også jamleg.
Flage kjenner seg igjen i at spelverda har utfordringane sine, men meiner samtidig at statusen til spelarane i samfunnet har tatt kvantesteg i rett retning.
– For 20 år sidan var det meir stigma. Det var nerdete å spele, seier Flage og fortset:
– Personleg ser eg ikkje forskjellen mellom å sitte i sofaen og game og å sitte der og heie på fotballaget sitt i VM.

I Johannas verd har ho laga plass til kjente og kjære-familiemedlemmer, venner, Kong Harald og Mímir Kristjánsson.
Foto: Lucas Andreassen Storsveen / NRK
Sjølv om dei har vore venner i snart ti år, var det først i fjor Johanna og ei venninne oppdaga at begge deler den same spelinteressa.
– Då eg vaks opp, var dataspel reservert for gutar. Ein blei sett på som rar om ein spelte på fritida som jente, fortel ho.
Ei undervurdert gruppe
På TikTok hadde emneknaggen «tomodachilife» over 200.000 videoar allereie den første veka etter lanseringsdatoen i april. Det er 29.000 videoar kvar dag.
Flage seier at simuleringsspel som det Johanna liker, kjem ein gong i skotåret. Dei har ein tendens til å bli populære blant ei veldig spesifikk gruppe menneske.
– Spelet appellerer til ei stor, men ofte attgløymd gruppe. Dei som liker anime, K-pop og ser til Japan, Kina og Korea for popkultur, forklarer Flage.
Speleksperten opplever det som ekstraordinært at eit spel i den digitale verda av 2026 sel ut.
– Det er spektakulært at eit spel blir utselt av den fysiske kopien sin i butikkane.
Johanna seier at Tomodachi Life: Living the dream kjennest som eit «digitalt dokkehus». Litt slik som simulering-spelgiganten Sims. Det er dette, og ikkje alt det andre frå den asiatiske popkulturen, som interesserer ho.
-
Snusboks laga som eit spelelement av Johanna i Tomodachi life
Foto: Privat
-
Gjenskaping av Hardangerbunaden laga av Johanna
Foto: Privat
-
Tuborg-øl laga av Johanna
Foto: Privat
-
Domkyrkja i Stavanger har også fått plass i Johannas digitale dokkehus
Foto: Privat
Til slutt måtte ho kjøpe spelet i digital form for å sleppe å vente til juni eller lenger.
– Det er definitivt eit I-lands problem, men når ein har venta i elleve år, klarer ein ikkje å vente ein månad til.
Publisert
Oppdatert


