– Eg hang opp ein genser til tørk i dag. Eg trur det var første vask, og eg lurer allereie på kor lenge den blir brukt før han blir kassert, seier Rønnaug Knutsen.
For genseren til dottera er allereie nuppete. Ein slags ullgenser i hermeteikn, beskriv ho plagget med fleire typar materiale notert på vaskelappen.

Knutsen har alltid vore glad i brukte klede både frå butikkar og i skåpet til foreldre eller besteforeldre. Og dei siste åra har ho jobba som dagleg leiar i bruktbutikken Det gule hus i Haugesund.
Foto: Marthe Synnøve Susort Johannessen / NRK
– Det fanst klede med dårleg kvalitet før og, men det kan liksom ikkje måle seg med nå, seier ho.
Fibrane er tynnare, saumane er dårlege, og før du veit ordet av det er det hol på kneet.
Men er det prisen vi betalar for stretch og behag?
Byrja å gå nedover på 80-talet
– Det har vore eit veldig fokus på at kleda skal vere tynne, mjuke og kløfrie. Det betyr også at dei blir svakare, seier Ingun Grimstad Klepp.
Ho forskar på klede og berekraft, medan kollega Anna Schytte Sigaard har tekstilavfall, syntetiske tekstilar og tekstilfiber som sine felt.
-
Ingun Grimstad Klepp
- Professor i klede og bærekraft på Forbruksforskingsinstituttet SIFO ved Oslo Met.
-
Anna Schytte Sigaard
- Stipendiat i bærekraftig kles- og tekstilforbruk på Forbruksforskingsinstituttet SIFO ved Oslo Met.
Kleda våre byrja å bli dårlegare for fleire tiår sidan.
– Det skjedde veldig mykje med omsetninga av klede på 80-talet, forklarar Klepp og ramsar opp:
- Ei rask utflagging av produksjonen frå Vesten til Austen.
- Endring av materiale – tidlegare brukte ein mykje naturmateriale.
- Raskare produksjon – før tok ein meir omsyn til dei tekniske- og til kvalitetssidene av klede.
Men det finst gode råd å ta med seg neste gong du skal skaffe deg eit nytt plagg:
1/5 Sjekk kva plagget er laga av
– Blandingar av naturmateriale og plast er ofte det som nuppar mest, seier Klepp.
Til dømes om eit plagg er laga av polyester og bomull.

Fleire fibrar i kleda gjer at dei nærmast kranglar med kvarandre. Slik blir det nuppar av.
Foto: Marthe Synnøve Susort Johannessen / NRK
Får du nuppar på genseren av 100 prosent ull kan desse fjernast med ein nuppekam. Nuppane frå blandingsklede kan også fjernast, men då fjernar du fibrane og plagget blir svakare.
Blandingar er delvis gjort for å lage klede som har betre eigenskapar, men også for å lage billegare klede.
– Noko av det som gjer at kleda våre har blitt svakare, handlar faktisk om at vi ønsker andre eigenskapar enn styrke. Til dømes at kleda skal vere tynne, fleksible og mjuke, seier Klepp.
2/5 Kjenn etter
Billige klede kan vere gode og dyre klede kan vere dårlege.
Rådet er å studere det nøye. Ser det slurvete og uordentleg ut, så er det kanskje det.
Og kanskje har det allereie byrja å nuppe.
– Enkelte klede nuppar så å seie i butikken, før du har fått det med deg heim, seier Klepp.

Denne genseren har ei blanding av naturmateriale og polyester. Og eit lag med nuppar.
Foto: Marthe Synnøve Susort Johannessen / NRK
3/5 Studer saumen
Og når du er i gang med å leite etter nuppar, studer saumen også. Her kan det vere lurt å tileigne seg litt saumteknisk kompetanse.
– Er saumane rette og fine. Er det saumband på innsida. Er det kasta over saumane? Om du kan sy, er du meir i stand til å kjenne igjen om noko er laga ordentleg. Men alle kan jo sjå om det ser sjuskete ut, seier Klepp.
– Ein kan også sjekke om saumane allereie har byrja å gå opp. Det er ofte eit teikn på at det er ganske dårleg laga, seier Sigaard.

Saumane i denne t-skjorta er kasta over. Det er eit godt teikn.
Foto: Marthe Synnøve Susort Johannessen / NRK
4/5 Leit på loftet
– Loppemarknadar, kjellarar og loft er fulle av gode, gamle klede. Mange av desse er betre enn dei som blir laga i dag.
Så plukk fram dei gamle kleda. Der er det mykje fin saum og solide, fine materialar. Før alt blei mjukt og maskinstrikka med masse blandingar, er rådet frå Klepp.

Rønnaug Knutsen har funne ei jakke hos svigermor som har fått nytt liv hos henne.
Foto: Marthe Synnøve Susort Johannessen / NRK
5/5 Klag!
Byrjar genseren å nuppe. Klag! Blei det hol på kneet ved vanleg bruk? Klag.
– Vi veit at folk klagar veldig lite, men ein av dei få tinga forbrukarar faktisk kan gjere er å klage, seier Klepp.
For vanlege klede skal tole normal bruk i to år. Turklede, regnklede, bunadar, dressar og vinterjakker, er døme på klede som har fem års reklamasjonsfrist.
Så kvifor er det så få som klagar?
– Folk tenker at det kosta så lite at det ikkje gjer så mykje. Det er lite å vinne på for den enkelte, seier Klepp.
Er du flink til å klage når kleda ikkje held mål?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet.
Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener,
og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Hos Forbrukarrådet er det færre og færre som tek kontakt om klede som ikkje held mål.
I 2025 fekk rettleiingstenesta 1732 meldingar om klede, sko og vesker.
I 2023 fekk dei 2375 slike førespurnader.
– Systemet som heilskap vinner på at ingen klagar. I staden for å lage gode klede, gamblar dei på at ingen klagar og sender ut klede som ikkje burde vore i butikkane, seier Klepp.
– Eg er ikkje flink til å klage. Eg synest det er ubehageleg. Men eg har klaga to gonger, og begge gongene fekk eg pengane tilbake.
Rønnaug Knutsen
Foto: Marthe Synnøve Susort Johannessen / NRK
Foto: Marthe Synnøve Susort Johannessen / NRK
I Forbrukarrådet er dei einige.
– Vi bør bli ennå flinkare til å bruke forbrukarmakta vår og klage på dårlege klede. Då blir det mindre lønnsamt for produsentane å satse på dårleg kvalitet, seier juridisk seniorrådgjevar, Nora Wennberg Gløersen.
Og framover skjer det ting både i Noreg og i EU når det gjeld ansvaret produsentane har for kleda dei produserer:
Hei!
Har du tankar om saka du nettopp las, eller tips til andre saker eg burde lage? Send meg gjerne ein epost!
Publisert


