– Vi må dyrke mat som bygger opp jordhelsa og økosystema, slik at vi blir meir robuste mot ekstremvêr og kriser, seier Thea Isdal Bringsjord.
På hytta i Ryfylke, like utanfor Stavanger, skal ho straks i gang med ein ny sesong i hagen. Interessa for å dyrke eigen mat starta då ho skreiv masteroppgåve om klimarett og menneskerettar. Då innsåg ho kor tett maten vår heng saman med naturen rundt oss.
– Eg elskar å vere ute i frisk luft. I hagen får eg brukt kroppen, og det er ein hobby som faktisk ber frukter, seier ho.

Interessa for hagebruk vakna for alvor då Thea var ferdig med masteroppgåva. I dag kombinerer ho tilværet som advokat og snart tobarnsmor med vekentlege økter i hagen gjennom sesongen.
Foto: Privat
Dette er musikk i øyra til Ole Geir Skjæveland, styreleiar i Rogaland Hageselskap. Etter eit langt yrkesliv i brannvesenet har han bytt ut brannslangen med hageslangen.
I dag stortrivst han i sitt 200 kvadratmeter store drivhus i Stavanger. Herfrå reiser han no rundt og held foredrag for å lære bort korleis ein kan skape sin eigen beredskapshage.
Interessa for dyrking av plantar starta med blomstrar i ulike fargar og fasongar. I dag dyrkar han også etande vekstar, her er det planta mange jordbærplantar i eit langt røyr som han heiser opp under taket.
Julie Borsheim Endregaard/NRK
Hageglede og hageberedskap
– Eg hadde kanskje vore redd om eg ikkje hadde hatt eit godt lager med grønsaker, men no er eg nesten sjølvforsynt heile året, seier Thea.
Dette er hennar fjerde sesong i hagen. Her dyrkar ho alt frå tomatar og rotgrønsaker til salatar, vassmelon og agurk. Ho liker spesielt vekstar som gir stor avling.
– Tenk at eitt frø kan gi femten squash i løpet av ein sesong. Det er som rein magi, seier ho.
Gjennom Instagram-kontoen sin inspirerer ho følgarar over heile verda, og videoane med store grønsaker er spesielt populære.
Thea Isdal Bringsjord har blitt populær på Instagram. Profilen Planeat_a, med videoar frå hagen i Ryfylke, har fått over 55.000 likarklikk.
Video: Privat
Thea sine grøne fingrar har nemleg vist seg å vere smittsame. Det som starta med at vennene følgde spent med på tips frå sofaen, har no enda med jord under neglene og iherdige forsøk på sjølvberging.
For ein treng ikkje nødvendigvis ha ein diger hage for å leike gartnar. Fleire i vennegjengen til Thea bur i blokk midt i Oslo, men dei lèt ikkje mangelen på plen stoppe dei. Dei har i staden forvandla små balkongar til sine eigne grøne paradis der dei dyrkar fram grønsaker.
Din eigen hageflekk kan vere nøkkelen i ei krise
Noreg er i dag svært avhengig av mat frå utlandet. I 2024 importerte vi matvarer for rekordhøge 118 milliardar kroner, ein auke på 6 prosent på berre eitt år.
Med stadig færre kornbønder, og berre 3,5 prosent matjord, er vi sårbare. Over halvparten av grønsakene vi et er importerte frå utlandet.

Talet på gardsbruk i 2025 var 36.627, som er ein nedgang på 12,8 prosent frå ti år før, 9566 av gardsbruka i 2024 dyrka korn.
Foto: Nadir Alam / NRK
Tal frå Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) viser at ein del av løysinga kan ligge hos byfolket. Sjølv i Oslo, der sju av ti bur i blokk, kan vanlege folk bidra til sjølvforsyninga.
– Problemet er at mange ikkje kan nok, eller lærer feil ting på nett, seier Ole Geir.
Han vil lære bort småskala dyrking slik at Noreg står stødigare, éin kvadratmeter av gongen.
Det trengst faktisk berre mellom tre og seks kvadratmeter med jord for å kunne dekke den andelen av hushalda sine behov for viktige basisvarer som poteter, løk og gulrøter – som per i dag blir importerte frå utlandet.

Over 1000 pluggplantar er planta i drivhuset dei siste dagane. Det er mykje blomstrar, men også etande vekstar.
Foto: Julie Borsheim Endregaard / NRK
Det betyr i praksis at ein liten flekk i bakgarden, eller nokre pallekarmar, kan utgjere ein stor forskjell dersom forsyningslinjene sviktar.
Å dyrke i god jord gjer jobben enklare
– Mange mistar motivasjonen når ingenting gror. Bruk heller litt tid på å skape ei god jord der grønsakene trivst, rår Thea.

Kålen i hagen veks som store grøne plantar, med blomsterliknande blad rundt.
Foto: Privat
Ho bruker metoden «No-dig». I staden for å bruke traktor eller vende jorda med store spadar, legg ho papp rett på bakken for å kvele ugras, og fyller på med kompost av lauv, tang og tare. Dette bygger opp ei luftig jord som toler ekstremnedbør mykje betre enn komprimert jord, forklarer ho.
Landbruks- og matdepartementet bekreftar at hageentusiastane er inne på noko viktig. Dei ser på den praktiske kunnskapen i befolkninga om matdyrking som ein relevant faktor for den totale beredskapen i landet.
– Urbant landbruk kan bidra til matproduksjon, betre ressursbruk og auka kunnskap i samfunnet. Verdien av at befolkninga har denne kompetansen er ein del av den nasjonale strategien, uttaler departementet.
Fem vekstar du enkelt kan dyrke i din eigen hage
-
Julie Borsheim Endregaard / NRK
Poteter
«Beredskapskongen» er rik på komplekse karbohydrat som held deg mett lenge og gir kroppen stabilt drivstoff.
Potetdyrking er lett og morosamt anten du vil dyrke i hagen eller i krukker på balkongen. Kan lagrast lenge.
-
SIGURD SCHAATHUN / NRK
Reddik
Ei av dei enklaste grønsakene å dyrke heime. Kan plantast frå tidleg vår til haust, gror raskt og kan haustast 3–4 veker etter han er sådd.
Sprø konsistens, frisk og lett peparaktig smak.
-
Julie Borsheim Endregaard / NRK
Raudbete
Næringsrik grønsak som er enkel å dyrke, og som er lite utsett for sjukdommar og skadedyr. Kan haustast seint og lagrast lenge.
Rik på kostfiber og har lågt kaloriinnhald.
-
LORI CAIN Lori Cain
Spinat
Perfekt å så rett i potte eller bed, trivast i kjøligare forhold og kan derfor såast på nyåret.
Inneheld mykje antioksidantar og vitamin som er bra for både cellene i kroppen, skjelettet, hjernen og synet.
-
Ingvald Nordmark / NRK
Løk
Essensiell grønsak for smak. Så frø tidleg på året og forkultiver eller plant settelauk i april når faren for nattefrost er over.
Styrker immunforsvaret og gir betre tarmhelse ved å redusere betennelsar i kroppen.
Løkknollen er fiberrik og det etande løkgraset er næringsrikt.
-
Anette Skafjeld
Grønkål
«Supermat» full av næringsstoff, vitamin og antioksidantar. Toler frost og kan haustast året rundt. Når jorda har blitt varm nok, rundt 8 grader, kan frøa såast utandørs.
Inneheld omega-3-feittsyrer, som reduserer risikoen for hjarte- og karsjukdommar og hjerneslag.
Beredskap med låge skuldrer
– Beredskap gir tryggleik for meg og familien min. Eg veit at eg kan dyrke fram mykje mat og vi i familien kan klare oss lenge, seier Thea.
I hagen til Ole Geir blir henta det ferske egget kvar morgon. Etter 32 år i brannvesenet veit han at ekte beredskap ikkje handlar om stress.
– Kunnskap er beredskap, men det skal ikkje vere eit slit, seier Ole Geir.
Ein hane som traskar rundt og høner som legg egg, lykkeleg uvitande om både verdssituasjonen og krisehandtering.
Julie Borsheim Endregaard/NRK
Thea påpeikar at i Noreg importerer mykje mat, og at klimaendringane vil påverke matjorda.
– Sjølv om eg håpar vi slepp krig, er det fint om dei av oss som kan dyrke noko sjølv, avlastar resten av samfunnet, seier ho.
Ole Geir dyrkar fram vekstar som han sjølv liker å ete. Det er både raude og kvite jordbær, paprika, 25 ulike sortar tomatar og grasløk som han bruker i matlaging.
Julie Borsheim Endregaard/NRK
Theas beste tips for å komme i gang med eiga dyrking:

Squash er ein av Thea sine absolutte favorittar. Det er fascinerande korleis eit lite frø kan forvandlast til ein frodig plante som berre fortset å levere nye frukter jo meir du haustar.
Foto: Privat
– Det er overraskande lite jobb. Så lenge du har god jord, held det med nokre timar hagearbeid i veka. Det treng ikkje sjå heilt perfekt ut.
Kunne du tenkt deg å dyrke mat til egen beredskap?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet.
Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener,
og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Publisert


