
To bustadhus på Lura i Sandnes blei i ettermiddag evakuerte etter meldingar om kraftig røykutvikling frå eit murbygg og ein tilknytt garasje på Lura i Sandnes.
Klokka 16.26 fortel brannvesenet at brannen er lokalisert.
– Vi er framleis på staden, men bygget skal vere søkt gjennom. Vi ventilerer no, seier vaktleiar Joakim Stangeland i brannvesenet.
Det har vore mykje røyk i området, og politiet oppfordra bebuarar i området til å lukke vindauge, dører og ventilasjonsanlegg.
– Bygget tilhøyrande garasjen blir evakuert og i tillegg blir eit nabohus evakuert, sa operasjonsleiar Dag Steinkopf klokka 15.42.


