– Eg forstår at dei tek vanlege arbeidarar ut i streik, men lærlingar som snart skal ta fagbrev? Seriøst, liksom.
Det seier kokkelærlingen Håkon Skancke Eriksen, som er tilbake på kjøkkenet i Quality Hotel Maritim etter ein lang streik som kom på eit uheldig tidspunkt.
– No prøver eg berre å leggje streiken bak meg og halde hovudet kaldt. Eg har jo mista tre veker av læretida mi på dette.

Håkon Skancke Eriksen er lærling og vil gjerne ha fagbrevet sitt.
Foto: Håkon Kummermo / NRK
Nede i resepsjonen, på det same hotellet, tek Amalie Klewe Larssen imot gjestane som strøymer inn, ei veke før ho skal opp til fagprøve.
– Eg engstar meg dagleg for at eg kjem til å stryke på grunn av streiken. Eg føler meg trygg i faget, men det er ei lita stemme som seier at eg har mista for mange dagar til å klare det.
– Læretida varer i over to år. Om ein er vekk ein periode på grunn av til dømes sjukdom, vil ikkje det påverke resultatet. Det same gjeld streik, seier regionleiar i Fellesforbundet Sør-Vest, Morten Larsen.
Les meir av svaret frå Fellesforbundet lenger nede i saka.

Fellesforbundet og Caiano vart samde om å sende lærlingane tilbake på jobb to dagar før streiken var over. Då hadde dei vore ute i tre veker. Morten Larsen (biletet) er regionleiar i Fellesforbundet Sør-Vest.
Foto: Rolv Christian Topdahl
Usemja mellom partane held fram
Etter seks veker med forhandlingar er den landsdekkande hotell- og restaurantstreiken over. 4400 medlemmar streika for auka kjøpekraft og forskottering av sjukepengar, der Fellesforbundet til slutt vann fram.
Men sjølv om streiken er over, held usemja mellom partane fram. Politisk rådgjevar for kompetanse og rekruttering i NHO Reiseliv, Henrik Hamborg, skriv følgjande i ein e-post til NRK:
– Me er svært kritiske til at eit titals lærlingar i vår næring har blitt tekne ut i årets streik. Hovudregelen er at lærlingar skal skjermast frå arbeidskonfliktar. Dette går òg fram av hovudavtalen mellom LO og NHO.

Aslak Askeland hotelldirektør på Quality Hotel Maritim og Quality Hotel Saga. Begge hotella er eigde av Strawberry.
Foto: Håkon Kummermo / NRK
Hotelldirektøren Aslak Askeland meiner det er uhøyrd at Fellesforbundet har tatt lærlingane på hotellet hans ut i streik.
– Det blir feil å bruke lærlingar som våpen i ein konflikt mellom to forbund. Dei burde aldri ha vore involvert i denne saka.
– Me bruker dei ikkje som våpen i ein konflikt. NHO Reiseliv har tidlegare brukt lærlingar som streikebrytarar. Derfor er dette den einaste streiken der me har tatt dei ut, seier Morten Larsen i Fellesforbundet.
Henrik Hamborg i NHO Reiseliv avviser påstanden om streikebryteri:
– Våre medlemsbedrifter er opptekne av å halde seg til spelereglane under streik, og det er beklageleg at Fellesforbundet ikkje skjermar lærlingar, som er i eit utdanningsløp, i ein arbeidskonflikt
– Uheldig
Tore Stalsberg er sensor for kokkelærlingar som skal ta fagprøve. Han legg vekt på at dei siste vekene før fagprøve er svært viktige.
– Det er viktig å påpeike at dei har hatt to heile år på å lære seg faget sitt. Samstundes er den siste tida ein periode med mykje øving og repetisjon.

Tore Stalsberg er nordsjøkokk og sensor i prøvenemnda. I juni skal han vere sensor for fire kokkelærlingar.
Foto: Håkon Kummermo / NRK
– Det er jo veldig uheldig for lærlingane det er snakk om. Streiken burde nok ikkje råka lærlingane som skal ut i streik. Spesielt dei som snart skal ta fagprøve.
– Til neste streik håpar eg dei tenkjer to gonger før dei tek ut lærlingar. Det gjer meir skade enn godt, seier lærlingen Håkon Skancke Eriksen.
Publisert
Oppdatert


