– Vi har funne framtida for bedrifta. Det er ein marknad i sterk vekst.
Knut Roar Wiig er dagleg leiar i droneprodusenten Rift Dynamics på Jæren.
Dei har uvikla og produsert ei norsk drone laga for å utføra militære oppdrag.
– Det handlar om å komma med løysingar kunden vil ha. Og så må ein levera dette til ein pris som er fornuftig, seier Wiig.
Vil nærme seg olje og gass i 2030
Måndag arrangerte Næringsforeningen i Stavanger-regionen Forsvarskonferansen Rogaland for første gong.
Interessa for å høyra om moglegheitene oljebedrifter har i forsvarindustrien var så stor at arrangøren måtte utvida frå 260 til 300 deltakarar.
– Det er eit stort poensiale langs heile vestlandskysten. Vi har lenge snakka om den nye olja, men for vår industri er dette ekstremt relevant, seier leiar i Næringsforeningen i Stavanger-regionen, Harald Minge.

Harald Minge er leiar i Næringsforeningen i Stavanger-regionen.
Foto: Ole Andreas Bø / NRK
Ein ny rapport frå konsulentselskapet PwC (sjå fakta), som blei lagt fram på konferansen, viser at berre Rogaland fylke har potensial til å tredobla talet på sekskap inn mot forsvarsindustrien.
Dessutan påpeikar rapporten at investeringane i forsvarsindustrien vil nærma seg nivåa til olje- og gassbransjen i 2030.
– Vi har størst sjanse med å lukkast med næringsutvikling om vi satsar på såkalla nærståande næringar. Og vi vil jo gjerne ha produksjon i Noreg. Her er det mykje aktivitet innanfor vedlikehald, helikopter, nybygg og undervassteknologi, seier Minge.
Forsvarsinvesteringar aukar
Minge påpeikar også at store verft langs kysten, som Aker Stord og Rosenberg i Stavanger, har ledig kapasitet.
Aktiviteten på norsk sokkel har nådd toppen, og kutt, permitteringar og uro breier seg i oljebransjen.
Fleire oljeselskap i Noreg har allereie nedbemanna.
Da kan det vera attraktivt å få nye bein å stå på for norske bedrifter som tradisjoenelt har levert til olje- og gassindustrien.

Verftet Worley Rosenberg i Stavanger har ledig kapasitet. Forsvarsindustrien kan by på nye moglegheiter.
Foto: Erik Waage / NRK
Samtidig aukar forsvarsinvesteringane kraftig i Noreg og Europa som følge av ein meir uroleg sikkerheitssituasjon.
Noreg sitt forsvarsbruk nærmar seg 3,5 prosent av BNP med budsjettert bruk i 2026 på 3,2 prosent, inkludert militær støtte til Ukraina.
Noreg sin direkte forsvarsbruk er venta å auka med 8 prosent årleg fram til 2036.
– Både Noreg og våre allierte er nå i ein fase der vi rustar opp, og vi skal produsera meir forsvarsmateriell. Vi treng å auka volumet, men også evna til å omstilla oss og ta i bruk ny teknologi, seier statssekretær Marte Gerhardsen (Ap) i Forsvarsdepartementet.

Marte Gerhardsen (Ap) er statssekretær i Forsvarsdepartementet.
Foto: Tom Edvindsen / NRK
100 milliardar i omsetning
Kartlegginga i rapporten viser at 54 selskap i oljefylket leverer til forsvarsindustrien i dag, men potensialet er 147 selskap
Dagens leverandørar omset for 37 milliardar kroner og har 9.000 årsverk.
Produkta er for eksempel elektronikk, sensor- og styringssystem, kommunikasjonsutstyr, akttmedisinsk utstyr og dronar, står det i rapporten.
Med potensielt rundt 150 leverandørar, vil omsetninga bli 105 milliardar kroner og 25.000 årsverk.
Nasjonalt har Foreininga i forsvars- og sikkerheitsindustrien (FSi) rundt 250 medlemsbedrifter, og interessa er aukande.
Medlemmene leverer produkt og tenester innan forsvars-, sikkerheits- og beredskapssektoren.
I tillegg er det mange underleverandørar.
Ifølge Forsvarsdepartementet er fregattaer, ubåtar og jagarfly noko av behovet.
– Men vi må også ha kompetanse og verktøy til elektronisk krigføring. Det er ganske mykje vi må bli gode på for å vera førebudde på framtidas krig, og ikkje minst avskrekka, slik at vi unngår krig i framtida, seier statssekretær Gerhardsen.

Militær drone utvikla av Rift Dynamics på Jæren.
Foto: Tom Edvindsen / NRK
Europa og USA
Ifølge Næringsforeningen i Stavanger-regionen ligg den størte marknaden utanfor Noreg.
– Vi jobbar veldig aktivt både med europeiske kundar og USA. Budsjetta er vesentleg mykje større i dei store landa, seier leiar Harald Minge.
Han påpeikar at det er tverrpolitisk einigheit på Stortinget om satsing på forsvarsindustrien.
– Dette fordi vi må forsvara oss sjølve. I tillegg har vi ei viktig rolle innanfor energisikkerheit. Vi vil vera den trygge leverandøren til Europa, og energi har jo nå blitt eit våpen.
Publisert


