Noreg har tidlegare berre arrangert VM i mixed double, og denne tildelinga gjer at Stavanger nå kan ta opp kampen om den gjæve herremeisterskapen.
– Desse pengane gir oss høve til å søke og å arrangere, seier Pål Trulsen til NRK. Han er generalsekretær og sportssjef i Noregs curlingforbund.
– Vi trur ein slik meisterskap vil bety mykje for curlingen, både i Noreg og lokalt i Stavanger-området, seier Trulsen vidare.

Pål Trulsen er både generalsekretær og sportssjef i Noregs curlingforbund
Foto: Johan E Bull / NRK
Sjølv om det er langt fram til ein eventuell tildeling av eit meisterskap, peikar Trulsen på at mykje allereie er tilrettelagd på Nord-Jæren for å arrangere ein slik meisterskap.
– Med oss på laget vil vi ha Folkehallane på Nord-Jæren, som er veldig flinke på all den logistikken ein slik meisterskap vil krevje, seier Trulsen.

Noreg med Peder Kongshaug t.v.., Hallgeir Engebråten og Sverre Lunde Pedersen under lagtempo for menn under World Cup skøytar i Sørmarka i Stavanger.
Foto: NTB
Etter det internasjonale gjennombrotet med OL-gull i 2002 har dei norske curlinglaga levert sterke resultat med både VM-gull og VM-sølv for herrar og kvinner.
I tillegg har laget vore med å skape globale overskrifter med dei fargerike buksene sine under OL i 2010, der dei også tok sølv.

Under OL i Vancouver i 2010 spilte det norske herrelaget seg fram til nok ein finale. Laget, som da bestod av Christoffer Svae, Håvard Vad Petersson, Torger Nergård, Thomas Løvold og Thomas Ulsrud.
Foto: SCANPIX
Fire andre forbund får støtte
VM i curling er eit av dei utvalde meisterskapane som mottar middel.
Kultur- og likestillingsdepartementet gir totalt 8 850 000 kroner i støtte til fem internasjonale idrettsarrangement i Noreg.
– Gjennom denne ordninga legg vi til rette for et breitt idrettsmangfald og for at Noreg kan vere et attraktivt vertsland for internasjonale meisterskap, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

– Disse arrangementa setter Noreg på kartet internasjonalt og skaper engasjement og aktivitet i lokalmiljøa der de arrangerast, seier Jaffery.
Foto: Inger Kristine Lee / NRK
Desse forbunda får også støtte:
- Ål IL og Norges Skiforbund mottar 1 750 000 kroner til VM i Telemark i Ål i 2027.
- Noregs Orienteringsforbund mottar 1 850 000 kroner til VM i skiorientering på Lillehammer, med arena på Birkebeineren Skistadion i 2027.
- Noregs Motorsportforbund mottar 1 500 000 kroner til EM-runde i Dragbike på Gardermoen i 2027.
- Noregs Luftsportforbund mottar 450 000 kroner til VM-runde i seilflyging i 2026.
Publisert
Oppdatert


