Då Helene Honningsvåg Formo var ute med hunden for to år sidan, enda ein klumsete augeblink med ei hard landing på skuldrene.
Resultatet blei ein stor ruptur i den eine skuldra og betennelse i den andre.
– Då var det plutseleg både armar og bein som ikkje hang heilt saman. Eg kunne eigentleg ikkje trene noko som helst, fortel Formo.
Frå før av hadde ho også fleire kneskadar etter mange år med handball. Kombinasjonen gjorde terskelen for å komme tilbake tung og frustrerande.
– Det er nok mange som kjenner seg igjen. Ein har vore ute av trening lenge, er motivert for å starte igjen, så går ein altfor hardt ut. Det har eg gjort mange gonger.
Tilbodet kom på rett tidspunkt
Sportssenteret til SiS på Universitetet i Stavanger begynte å tilby reformer pilates i desember 2025.
Gjennom feeden på sosiale medium, hadde Formo allereie oppdaga treningsforma.
-
Sosiale medium har vore med på å løfte reformer-pilates fram i rampelyset.
Faksimile: TikTok
-
Det kryr av videoar og bilete av treningsforma på TikTok og Instagram.
Faksimile: TikTok
-
Emneknaggen #reformerpilates er brukt i over tre millionar innlegg på sosiale medium.
Faksimile: Instagram
– Eg hadde sett det på TikTok, sett kjendisar trene det i USA. Men som student hadde eg ikkje råd til å gå på reformer-timar andre stader. Då SiS tok det inn som ein del av medlemskapen, blei det plutseleg mogleg, seier Formo.
Då ho prøvde sin første time, merka ho raskt at treningsforma trefte noko heilt anna enn vanleg styrke og løping, fordi ho jobbar med andre musklar.
– Det er første gong på fleire år at eg kjenner eg kan trene så mykje eg vil, utan å kompensere, og utan å få vondt.

Formo la ein plan: minst tre økter i veka, over tid. Og det fungerte.
Foto: Ronja Erika Humblen / NRK
Ein del av ei større treningsbølge
SiS merka trenden med ein gong då dei lanserte sine første timar i desember 2025.
– Reformer pilates er ekstremt i vinden akkurat nå. Det når ut til mange ulike typar treningsfolk, fortel Elise Pettersen, som er idrettsrådgivar ved SiS sportssenter.
Denne utviklinga samsvarer godt med det dei ser nasjonalt i bransjen. Aktiv Helse er ein del av hovudorganisasjonen Virke og hjelper treningssenterbransjen.
– Vi får tydelege tilbakemeldingar frå medlemsbedrifter som tilbyr reformer pilates om svært stor pågang og høg etterspørsel, seier bransjeleiar Morten Mørland.
– Sosiale medium er i ferd med å bli den nye helseplattforma vår. Der leitar vi heile tida etter den perfekte treningsforma, seier Ole Petter Hjelle, lege og førsteamanuensis ved Universitetet i Innlandet.
Han peikar på at trendar kjem i bølger.
– Plutseleg skal alle springe fire gonger fire-intervall. Så skal ein springe med munnteip. Deretter kjem det nye treningsformer som reformer. Men sanninga er at ingen har funne éi magisk oppskrift som passar alle.

Ole Petter Hjelle er lege og ekspert på effekten fysisk aktivitet har på hjernen.
Foto: Hege Therese Holtung
Hjelle meiner reformer pilates har fleire eigenskapar som kan forklare kvifor så mange får sansen for treningsforma.
– Du trenar styrke, balanse, koordinasjon, fleksibilitet og kjernemuskulatur på éin gong. Samtidig er det ei veldig skånsam treningsform samanlikna med for eksempel løping, som er mykje tøffare på ledd, sener og musklar.

Hjelle meiner reformer pilates har fleire eigenskapar som kan forklare kvifor så mange får sansen for treningsforma.
Foto: Ronja Erika Humblen / NRK
– Alt er betre enn ingenting
– Viss reformer pilates er det einaste du gjer i løpet av veka, så er det kjempebra. Det største folkehelseproblemet er ikkje at folk ikkje trenar nok eller feil. Det største problemet er at folk er stillesittande, seier Hjelle.
Bodskapen hans til folk er at alt er betre enn ingenting, og ifølge legen er den beste treninga framleis den ein faktisk gjennomfører.
– Den beste typen trening er den du syntest er litt gøy, som kroppen din toler og som du faktisk får gjennomført.
For Formo blei reformer pilates nettopp det.
Ho gjekk frå deltakar til instruktør på få månader, og i dag møter ho både nye og faste deltakarar på timane sine.
– Eg trur mange kjem første gong fordi det er trendy, men dei kjem tilbake fordi dei merkar effekt.
Publisert


