– Soningsforholda i britiske fengsel er alltid tøffe. Men for folk med slike dommar er dei både umenneskeleg og vanskelege. Det er vanskeleg å sjå for seg at guten vil overleve det, seier jusprofessor, Mads Andenæs om 19-åringen.
Andenæs sine hovudområde er blant anna internasjonal rett og menneskerettar. Og han seier sjølv at han har vore i fengselet som 19-åringen sitter inne i.
Han er også medlem av FNs arbeidsgruppe for vilkårleg fengsling.

Mads Andenæs er jusprofessor, med hovudområde på internasjonal rett og menneskerettar.
Foto: Benjamin Vorland Andersrød
Onsdag vart 19-åringen frå Stavanger, som er fengsla i London dømd for drapsplanlegging i England.
I mars i fjor blei den då 18 år gamle mannen pågripen på eit hotellrom i Huddersfield med to våpen. På oppdrag frå den svenske kriminelle gruppa Foxtrot skal han ha planlagd å drepe ein ukjend person i England.
Etter to rundar i retten er no 19-åringen funne skuldig og kan risikere opp mot 45 år i fengsel.
Meiner myndigheitene er fråverande
Jusprofessor, Andenæs meiner det er ei sjølvfølge at norske myndigheiter må be om at soninga skal skje i Noreg.
– Men det vil krevje eit initiativ og oppfølging. For norske myndigheiter har ikkje vist noko aktivitet i denne saka, seier Andenæs.
Som også peikar på at 19-åringen var ein ung mann då han vart rekruttert og at han hadde dårleg psykiske helse då han vart pågripen av politiet i England.
– Han kjem til å få ei streng straff, og difor er det endå viktigare at han får sone i Noreg, seier jusprofessoren.
Over 70 prosent av fengsela i England og Wales er kategoriserte som overbefolka.
For at 19-åringen skal få kome heim må Justisdepartementet ta kontakt med britiske myndigheiter, der dei må bli einige om at 19-åringen kan sone i Noreg.
– Ei straffesak i England kan overførast til Noreg dersom handlinga er straffbar i begge land og begge landa samtykker via formelle internasjonale avtalar, seier Agnes Beate Morland Hemiø, fungerande leiar for retts- og påtaleavdelinga.
Som også peikar på at vilkåra kjem fram av lov om overføring av straffeforfølging frå eit eller til eit anna europeisk land.
Advokaten til 19-åringen seier at arbeidet med å få han overført til Noreg er i gang for fullt.
– Vi håpar og forventar at norske myndigheiter involverer seg aktivt i dette arbeidet. Han må hentast heim til Noreg, seier advokat Saqib Razaq.
– Ein krevjande situasjon
Leiar for justiskomiteen, Jon Engen-Helgheim (Frp) seier til NRK at han ikkje kjenner godt nok til saka om 19-åringen og viser difor vidare til justisdepartementet.
– Men vi i Frp er tilhengarar av soningsoverføring, både av at norske statsborgarar skal få sone i Noreg og at utanlandske i Noreg skal få sone i deira heimland, seier Engen-Helgheim.

Leiar for justiskomiteen, Jon Engen-Helgheim viser støtte til familie til 19-åringen som er dømd for drapsplanlegging i England.
Foto: Jonas Fæste Laksekjøn / NTB
Han viser også støtte til familien til 19-åringen.
– Det er veldig forståeleg at dei vil ha han heim, for familien står i ein veldig krevjande situasjon.
NRK har vore i kontakt med Justis- og beredskapsdepartementet, men dei hadde ikkje tid til å kommentere saka i dag.
Publisert


