Onsdag kveld er det verdt å kike opp på himmelen. Då kan store delar av Noreg sjå den største solformørkinga sidan 2015.
Mellom 81 og 90 prosent av sola bli dekt av månen, avhengig av kor i landet du er.
I Stavanger er det strålande blå himmel og perfekte forhold. På Byhaugen har det samla seg mykje folk som alle gløttar oppover.
Ei av dei er Marit Alfsvåg. Ho har vore kreativ for å ikkje øydelegge auga sine, og dukka opp med ei skoeske som kikkert.

Marit Alfsvåg har laga seg ein kikkert av ei skoeske.
Foto: Julie Borsheim Endregaard / NRK
Grått i Ålesund
Det er ikkje like gode forhold alle stader.
Landets mest kjende astrofysikar, Knut Jørgen Røed Ødegaard, trudde Ålesund skulle vere den optimale plassen å sjå solformørkinga, men landa på flyplassen til gråvêr og duskregn.
– I forhold til vêrutsiktene her er det litt bom, men vi får krysse fingrar og tær for at det lettar opp, ler Røed Ødegaard. Han held foredrag for fleire hundre personar ved akvariet i Ålesund.

Folk er samla utanfor Atlanterhavsparken i Ålesund for å få med seg solformørkinga.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK
Blir mørkare
Solformørkinga skjer mellom klokka 18:29 og 20:53 onsdag kveld, avhengig av kvar ein er.
Det treng slett ikkje vere skyfritt for at du skal få det med deg. Det held at skyene er tynne nok. Ifylgje astrofysikaren er det artig å sjå solformørkinga på den måten.
– Skulle det ikkje klarne opp ser du at det blir mørkare, seier Røed Ødegaard.

Leif Magne Svendsen er observasjonsleiar i Stavanger Astronomiske Forening (SAF). Han førebur seg til solformørkinga på Byhaugen i Stavanger.
Foto: Arild Eskeland / NRK

Kan vere skadeleg
Dette er den største solformørkinga vi får før 2039, og Røed Ødegaard meiner folk må få det med seg.
Men det kan vere skadeleg for synet å sjå direkte på sola.
Har du ikkje fått tak i solformørkingsbriller, er ikkje alt håp ute.
Her viser Hallvard Sandberg deg korleis du kan bruke 15 minutt på å lage ei trygg ordning sjølv.
Det kan vere farleg å sjå direkte på sola. Journalist Hallvard Sandberg viser eit enkelt triks for å få med deg solformørkinga på ein trygg måte.
Ein kan skilje mellom ei total solformørking, der heile sola blir dekt av månen, og ei partiell (delvis) solformørking, der delar av sola blir dekt av månen.
I Spania, på Island og Grønland er solformørkinga total:
Publisert
Oppdatert


