
Klokka 10.50 onsdag oppstod det ei driftsforstyrring på Kårstø prosessanlegg. Då kunne ein sjå ei stor mørk sky sleppe ut av ein fakkel på anlegget.
Ove Tungesvik, kommunikasjonsleiar for Equinor, Kårstø, seier til NRK at dei no arbeider med å normalisere drifta av anlegget etter feilen.
– Dette skuldast ein elektrofeil på sjøvasspumpene våre, som brukast til å kjøle ned teknisk utstyr. For å få balanse i anlegget att, måtte vi sleppe ut naturgass, forklarar Tungesvik.
Han seier vidare at det er for tidleg å seie noko om kva som var årsaka til feilen, men at dei skal undersøke saka vidare.
– Det er sjeldan at vi har slike utfordringar som dette, seier Tungesvik til NRK.


