Med ein utseld Viking stadion i ryggen skal dei mørkeblå kjempe om ein historisk plass i Meisterligaen.
Returoppgjeret mot kroatiske Dinamo Zagreb, går av stabelen klokka 21 onsdag kveld.
– Det er vanskeleg å forklare korleis det vil kjennest. Kjenslene kjem litt der og då. Vi har hatt såpass lenge til å glede oss til den kampen. Vi hadde ei utruleg fin oppleving i Zagreb, seier kaptein Zlatko Tripić om korleis det vil vere å spele på heimebane.

NRK var til stades på Viking-trening i forkant av pressekonferansen.
Foto: NRK
– Vi visste heile tida at vi skulle ha denne kampen på vår heimebane, og vår stadion. Det kjem nok til å kjennest heilt unikt når vi står der, legg han til.
Med 2–2 frå bortekampen i Kroatia, vil ein siger sende dei mørkeblå rett inn i gruppespelet i Meisterligaen.
– Eg kjenner glede, og nedteljing i kroppen. Vi ønsker berre å spele den kampen, seier Viking-trenar Bjarte Lunde Aarsheim.
– Det er ein kamp vi har alt å vinne. Vi veit at vi kan matche motstandaren. Og vi veit at på vårt beste kan vi nå dei største draumane som vi har hatt, held han fram.
Alt å spele for
– At eg kan sitte her og glede meg til ein slik kamp saman med den spelargruppa som er i garderoben, det er eit privilegium, seier kaptein Zlatko Tripić.
– Dette må vi angripe med glede, og så kan vi vere den gruppa med spelarar kan skrive nok eit kapittel i historia til klubben, legg han til.
Europeiske tungvektarar som Real Madrid, Barcelona, Manchester City, Liverpool og Bayern München står då på lista over moglege motstandarar viss Viking tar seg vidare til Meisterligaen.

20 år gamle Tobias Moi herja på banen under det første oppgjeret i Zagreb.
Foto: Nikola Krstic / NTB
Dette vil i så fall vere første gong for klubben.
Viking har ikkje tatt seg forbi ei kvalifisering i Europa sidan laget deltok i Uefa-cupen (i dag Europaligaen) i 2005/06-sesongen.
Viking er sikra plass i den turneringa i år, om det skulle bli tap for Dinamo Zagreb på onsdag.
Kampen mot Dinamo Zagreb går av stabelen same veke som Stavanger allereie kokar over av besøkande.
Ei av dei største oljemessene i verda, ONS, går av stabelen i byen denne veka, og det er pressa kapasitet på fleire hotell i byen.

Viking FK-supporterane markerte seg i Zagreb.
Foto: Nikola Krstic / NTB
Det er venta at rundt 200 bortesupporterar vil sjå kampen på Viking stadion, melder TV 2.
Publisert
Oppdatert


