– Det er med stor sorg at både eg, alle gjesdalbuar og nordmenn tek imot bodskapen om at kongen er gått bort. Eg hugsar godt då me hadde kongen på besøk, seier Frode Fjeldsbø.
Gjesdal-ordførar Frode Fjeldsbø møtte kongen då han besøkte kommunen i 2017.
– Det var eit fantastisk møte for både meg og alle som fekk møte han. Eg kjenner på mange kjensler ved hans bortgang.
Heidra av Eidsvåg og Haaland
– Dette er ein vemodig dag, vi har mista ein slags far, eller bestefar, seier artist Bjørn Eidsvåg.
Han skildrar kongen som ein flott og samlande figur for landet vårt, og dreg særleg fram det varme humøret hans.
Eidsvåg minnest eit spesielt audiensmøte der han sjølv sleit med ryggen og kom med rullator, berre for å oppdage at kongen tok imot han på krykkjer.

Artist Bjørn Eidsvåg skildrar kongen som ein samlande figur for landet.
Foto: SCANPIX
– Det var det første vi lo av begge to, to gamle menn som knapt klarte å reise seg, fortel Eidsvåg.
Bjørn Eidsvåg spelar i dag ein planlagd, lukka konsert i Stavanger konserthus.
Han skal i tillegg opptre på Utopia-festivalen laurdag.
– Det trur eg blir fint. Dersom det er noko som kan foreine oss, og vere med på å trøyste, så er det musikk.
Erling Braut Haaland har også kome med ei helsing til kong Harald.
– Kvil i fred, kong Harald. Takk for alt du har vore for Noreg. Det var ei ære å møte deg, skriv han i eit innlegg på Instagram.

Erling Braut Haaland saman med landslaget fekk møte kongen på slottet etter VM i sommar.
Kondolanseprotokoll over heile Rogaland
Rogaland fylkeskommune uttrykker sorg og opplyser at det blir lagt ut kondolanseprotokollar i rådhus og kommunehus i alle kommunar, i tillegg til i fylkeskommunen sin resepsjon.
Også domkyrkja i Stavanger har opna dørene for dei som kjem dit, og har lagt fram ein kondolanseprotokoll.
Fleire tek turen for å legge ned blomar til minne om kongen.

Thor Wolden legger ned blomster til minne om kongen.
Foto: Henrik Storm Henriksen / NRK
Janken Stokkeland var ein av dei som hadde møtt opp i Stavanger domkyrkje for å skrive i kondolanseprotokollen fredag.
– Vi har mista ein pappa, ein far, ein bestefar og ein bauta. Han var ein samlande konge, som alltid har stilt opp for landet og folket sitt. Ikkje berre når det har vore dårlege dagar, men også når det har vore gode dagar.

Janken Stokkeland tørkar tårer utanfor domkykjra.
Foto: Ole Andreas Bø / NRK
Ho kjem spesielt godt til å hugse dei fine, humoristiske kommentarane til kongen.
– Spesielt då dei opna plattforma Troll. Han spøkte med at ho var kalla opp etter dronninga, for ho var jo eit troll. Det er dei humoristiske kommentarane, dei fine talane han har halde og den varmen han har spreidd rundt seg.
Skuleelevane Matheus Åre Koll og Bo Næss Klemetsdal tok turen til Stavanger domkyrkje saman med skulen for å leggje ned blomar og vise si respekt.
– Han var ein hyggeleg fyr og tenkte på alle andre, seier Matheus Åre Koll.
– Eg synest det var trist, men det var fint å sjå at det var så mange som brydde seg, seier Bo Næss Klemsdal.

Matheus Åre Koll og Bo Næss Klemsdal ved domkyrkja i Stavanger.
Foto: Henrik Storm Henriksen / NRK
Ingeborg Skarre Stensland er ein av mange som drog til domkyrkja for å gje sine kondolansar.
– Eg følte for å vise takksemda mi for kongen vår. Han har vore eit førebilete og ein trygg person gjennom heile livet.

Ingeborg Skarre Stensland er i Stavanger domkyrkje for å vise takksemd.
Foto: Henrik Storm Henriksen / NRK
– Dette var ein veldig tung dag med djup sorg. Han har betydd så mykje for landet vårt. Eg sit med både sorg og takknemlegheit for det han har betydd for oss, seier fungerande biskop i Stavanger bispedøme, Rune Stensnæss Engedal, til NRK.
Han skildrar ein konge som har vore viktig for landet i både gleder og sorger.
– Han har vore veldig tydeleg til stades og sett ord på ting me har trengt som nasjon. Han har vore eit samlande punkt for oss når ting har vore vanskeleg. Det er eg både veldig imponert over og takknemleg for.
Han fortel at kongen har betydd mykje for Den norske kyrkja.
– Sjølv om det ikkje er ein statskyrkje lenger, har kongen ynskje om å vere tydeleg til stades. Når det er vanskelege tider, når det er terror eller ulukker, og når det er store meirkehandlingar, så har han vore saman med oss, seier Engedal.

Fungerande biskop i Stavanger bispedøme, Rune Stensnæss Engedal.
Foto: Ruth Einervoll Nilsen / NRK
Ordførar i Stavanger Tormod W. Losnedal drog til domkyrkja for å minnast kongen.
– Eit kapittel i Norgeshistoria er kome til vegs ende. Gjennom sin livslange gjerning for landet viste kong Harald at han etterlevde sitt valspråk «Alt for Noreg». I dag minnest me hans innsats for Noreg, samstundes som me sørgjer over hans bortgang, seier ordførar Tormod W. Losnedal.

Ordførar i Stavanger, Tormod W. Losnedal i Domkyrkja.
Foto: Ruth Einervoll Nilsen / NRK
– Eg har hatt gleda av å treffe han ved to høve. Ein gong heime hjå han og ein gong heime hjå meg. Han var eit veldig godt vertskap, og veldig god å ha på besøk. Eg kjem til å hugse han som varm og lun. Han var veldig flink til å sleppe andre til og inn. Eg vil hugse han som ein fantastisk konge som representerte dette landet på ein god måte.
Han minnest spesielt godt den fantastiske talen kongen heldt til heile folket då han snakka om kven nordmenn er og kva Noreg skal vere som land.
Var i Stavanger i fjor
– Men det sterkaste minnet er den fantastiske markeringa me hadde med heile kongefamilien til stades i fjor då Restauration segla til Amerika. Då delte eg litt tid med kongeparet i bilen. Det er nokre flotte menneske.

Kongefamilien på trappa til domkyrkja i Stavanger i fjor.
Foto: NTB
Sist kongen var i Stavanger var under 200-års markeringa for utvandringa til Amerika. Då var heile kongefamilien samla i Stavanger.

Kongeparet i Stavanger, juni 2025.
Foto: Øystein Otterdal / NRK
Betydd mykje for olja
ONS-leiar og tidlegare ordførar i Stavanger, Leif Johan Sevland, tok imot meldinga om bortgangen til kongen med sorg.
– Det var eit flott menneske som no har gått bort. Det eg tenkjer mest på, er då eg såg han med familien sin. Korleis han såg på dei, kor mykje han tenkte på dei og kor glad han var i dei. Dei har mista ein som har vore verkeleg viktig i liva deira.

Kong Harald besøkte oljemessa ONS i Stavanger i 2012. Her saman med Leif Johan Sevland
Foto: Kent Skibstad / NTB,NTB
Sevland dreg òg fram tydinga Kong Harald har hatt for oljeeventyret i Noreg.
– Han har betydd uendeleg mykje. Han har vore på omtrent dei plattformene som det går an å besøkje. Han hadde ein kunnskap og ein forståing om tinga på havdjupet som dei færraste av oss har innsikt i.
-
Lars Martin Hunstad / NRK
Anders Opedal
– Gjennom eit langt liv i teneste for folket og landet har kong Harald vist eit beundringsverdig engasjement, og vore djupt respektert som ei samlande kraft. Vi vil minnast kong Harald med stor respekt og takknemlegheit, seier administrerande direktør i Equinor, Anders Opedal.
Som på vegne av Equinor utrykkjer si medkjensle i sorga.
-
Ole Andreas Bø
Tore Renberg
“ Takk, gode mann, du har vore ein stor lukke for landet vårt, vandrande frå gard til gard, sjåande menneska inn i auga. Så høyrde eg det. Kabinen som vart fylt av halsar som måtte kremte, nasar som måtte snufse. Føter som urolig flytta på seg. Konge, kvil i fred, me likte deg så veldig godt.” skriv Renberg på Facebook.
-
Simon Elias Bogen / NRK
Ole Ueland
− Kongen har gjennom eit langt liv vigd seg til Noreg og det norske folket. Han har vore ein samlande og inkluderande konge for landet vårt, og har møtt menneske over heile Noreg med varme, nærleik og eit sterkt engasjement, seier fylkesordførar Ole Ueland.
-
Marte Skodje
Thorstein Harbo Soma
– Dette var utruleg trist, vi har hatt ein fantastisk konge, seierThorstein Harbo Soma.
Harbo Soma er kokk og har servert kongen middag nokre gonger. Det var aldri skummelt.
– Han hadde ein humor som var heilt utruleg. Han var tryggleiken sjølv. Auraen rundt han var så god.
-
Ole Andreas Bø
Klaus Mohn
Universitetet i Stavanger flaggar på halv stong i samband med bortgangen til Hans Majestet Kong Harald.
– På vegner av UiS vil eg uttrykkje medkjensla vår. Det er mange studentar og tilsette som i dag sørgjer over bortgangen til Kongen, seier rektor Klaus Mohn.
Publisert
Oppdatert


