– Han var veldig intens.
Det seier Viking-trenar Morten Jensen om Aston Villa sin profilerte manager Unai Emery etter Viking sitt 1-3-tap i Birmingham onsdag kveld.
Emery er historisk som den einaste manageren i historia som har vunne Europaligaen heile fem gongar. Tre med Sevilla, éin med Villarreal og éin med nettopp Aston Villa forrige sesong.
Undervegs i kampen mot Viking onsdag kveld fekk Jensen observere Emery på nært hald, og kanskje endå nærare enn han hadde rekna med på førehand.

TETT INNPÅ: Trenarane trong ikkje å skrike for å høyre kvarandre.
Foto: Dylan Martinez / REUTERS,NTB
Innbyttarbenkane og trenarane si tildelte sone på Villa Park er nemleg plasserte heilt inntil kvarande, i motsetning til det som er normalen på store arenaer.
Men i Birmingham er det fascinerende nok bare éin meter mellom dei.
– Han var intens og gjer alt for å hjelpe laget sitt til ei kvar tid. Så forhåpentlegvis får vi truffe han så vi kan ta ein prat etter desse pressekonferansane. Det håper eg og ser fram til, seier Jensen til NRK.
– Det var jo litt spesielt med benkane her. Det er ikkje så ofte det er éin meter mellom kvar benk?
– Nei, det har eg ikkje opplevd før. Det var endå tettare enn det på Lassa (Alustar Arena), Vidar si bane, så det var ganske tett. Men her stod vi oppå kvarandre, seier Jensen.

INTENS: Slik blir Unai Emery beskriven av Viking-trenar Morten Jensen (i bakgrunnen).
Foto: Beate Oma Dahle / NTB
Ein annan som stussa over det same er NRK sin fotballekspert Carl-Erik Torp.
Han har både spelt sjølv og følgt toppfotballen i mange år som ekspert, men kan ikkje hugse ein stadion med mindre plass mellom innbyttarbenkane.
– Eg synest eigentleg det er rart at det ikkje blir stilt strengare krav til avstand. Det finst detaljerte reglar for absolutt alt i toppfotballen, nøyaktige krav til garderobar og korleis spelarar skal opptre, men her sit trenarane ein halv meter frå kvarandre og høyrer kvart einaste ord som blir sagt, seier Torp.
Overfor NRK er Emery mest opptatt av å rose Viking etter 3-1-sigeren. Spanjolen fortel at dei gjorde alt anna enn å ta lett på oppgåva mot stavangerklubben.
– Eg har veldig, veldig stor respekt for dei. Vi har analysert dei og førebudd oss, og Meisterligaen er veldig vanskeleg. Alle lag er i Meisterligaen fordi dei fortener det, seier han til NRK.
Viking-trenar Morten Jensen var på si side ganske ambivalent etter 3-1-tapet. Det er særleg den svake førsteomgangen som irriterer han, men han er samtidig stolt over måten laget reiste seg på etter pause.
Jensen innrømmer samtidig at dette blei ein vekkar og ei slags aha-oppleving når det gjeld det fysiske nivået på dei beste laga i Europa.
– Ja, det var ganske brutalt i førsteomgang, både i nærkampane og ikkje minst på dødball. Så det var eit par nivå opp. Eg er sjølvsagt skuffa over at vi ikkje klarte å handtere det betre, seier han til NRK.
Han beskriv Aston Villa som eit lag med ekstreme atletar i form av fart og kraft.
– Vi fekk køyrt oss ein del i bakrom då dei sette fart på i kontringane sine. Det var imponerande å sjå den krafta dei hadde i seg, seier han.
Bodø/Glimt valde å ta konkrete grep for å beherske det fysiske nivået i Meisterligaen. Aspmyra-laget fortalde for to sesongar sidan at dei bevisst skrudde opp mengda styrketrening for å ta nye steg.
– Kva må de gjere for å ta det neste steget på dette nivået?
– Vi må klare å handtere situasjonane betre. Det får du med trening og erfaring, men ein del av desse er jo litt fødde atletar også. Dei har handla spelarar som er ganske så kjappe. Vi har Henrik Heggheim som er éin av våre raskaste, og dei har Alysson, som sprang frå han med ball. Så det var rett og slett imponerande å sjå den fysiske krafta dei hadde og den individuelle kvaliteten dei hadde i laget, seier Jensen.
Sjølv om det enda med eit heiderleg tap i Birmingham, var det tredje kamp på rad Viking gjekk av bana i Meisterligaen med tre baklengsmål i sekken.
– Korleis skal de klare å tette igjen?
– Det er den store bøygen. I Meisterligaen blir det scora enormt mange mål og det er både individuell og kollektiv kvalitet i laga med ball. Så vi slepp nok ikkje unna med så mange «clean sheets» i denne turneringa her, men heldigvis har vi den kvaliteten i oss at vi nesten alltid scorar. Så får vi sjå om vi klarer å score fleire enn vi slepp inn, då blir det vel ein del poeng, seier han.
Henrik Bjørdal, som var skuffa etter å ha blitt plassert på benken mot Villa, meiner Viking må ta lærdom av dei tre kampane dei har lagt bak seg i Meisterligaen til no.
– I dei to første kampane så slepp vi inn tre mål på få minutt. Sjølv om motstandaren scorar, så må du avbryte momentumet. Du kan ikkje få tre kjappe i sekken. Vi må vere kompakte og matche dei i duellspelet. Det er masse læring. Eg føler vi er på god veg, seier han til NRK.
No ventar ein tøff heimekamp i Eliteserien mot Tromsø for stavangerlaget. Neste kamp i Meisterligaen blir spelt 4. november mot Sabah.
Publisert
Oppdatert


