Skuleåret er i gang for norske elevar.
No satsar regjeringa 1 milliard på leseløftet, som skal gjere barn og unge betre på å lese.
Men kva med skrivinga?
– Eg trur det er meir skrivefeil no enn før, seier Sofie Røreng Øverland.
Ho går i 10. klasse på Kannik ungdomsskole i Stavanger, og fekk skjermen i handa allereie tidleg på barneskulen.
Sofie Røreng Øverland går i 10.klasse på Kannik skole.
Foto: Fride Audunsdotter Westvik
Medelev Kristine Hatleskog Fandrem merkar at skjermen gjer noko med skrivekompetansen.
– Når du har eit retteprogram på Chromebooken, føler eg at du ikkje treng å tenkje så mykje over å skrive rett, seier ho.
Det er sjeldan at 10.klassingane vel å skrive for hand.
Foto: Fride Audunsdotter Westvik/NRK
Klassekameratane er einige.
– Du treng ikkje å vere så god til å skrive no. Du kan berre be kunstig intelligens rette teksten for deg, seier Brim Benoni-Størseth.
Brim Benoni-Størseth meiner sjølv at han skriv slurvete.
Foto: Fride Audunsdotter Westvik
10.-klassingane opplever også at mange ikkje bryr seg om å skrive rett.
– Når eg skriv meldingar til vener på dialekt, bryr eg meg ikkje om skrivefeil. Det har ikkje så mykje å seie, fortel Sverre Galta.

Både Sverre Galta og Brim Benoni-Størseth vel helst å ikkje skrive for hand.
Foto: Fride Audunsdotter Westvik / NRK
Lågare skrivekompetanse
Rektor ved Kannik ungdomsskole i Stavanger, Finn Lea, er uroa for skriveutviklinga til elevane han tek i mot.
– Dette har vi sett lenge hos oss på Kannik. Vi ser at skrivekompetansen er merkbart lågare enn han var tidlegare, seier Lea.
Han peikar på at skulekvardagen i høg grad er prega av skjermbruk og tastatur, noko som gjer at elevane treng ein annan type skriveopplæring og oppfølging enn før.

Finn Lea, er rektor ved Kannik ungdomsskole i Stavanger.
Foto: Fride Audunsdotter Westvik / NRK
– Vi treng midlar og ressursar for å få dette til. Eg skulle ynskje vi blei forplikta til å utfordre elevane meir på skriving, seier han.
LES OGSÅ: Skulen opplever at skriveferdigheitene til elevane stuper, og må sjølv ta grep for å lære ungdommane å skrive.
Sjølv om Lea er positiv til regjeringa si milliardinvestering, meiner han tiltaket berre løyser halve problemet.
– Lesinga gjer at dei ser korleis orda blir skrivne, men dei set seg ikkje nødvendigvis ned og skriv av den grunn. Det er den reelle skrivetreninga vi ville ha sett meir fokus på, meiner rektoren.
Varslar om nasjonal skrivekrise
Situasjonen på ungdomsskulen i Stavanger er ikkje unik.
Medan regjeringa rullar ut ein massiv leselyststrategi og lovar over ein milliard kroner til «Leseløftet» dei neste fire åra, meiner fagmiljøa at skrivinga blir stemoderleg behandla.
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) får no kritikk frå fagfolk, som meiner skrivinga hamnar i skuggen av regjeringa si lesesatsing.
– Det er eit akutt behov for å gje lærarane hjelp og støtte, og setje nasjonale retningslinjer, elles kjem dette til å gli fullstendig ut.
Det seier Kjell Lars Berge, professor i tekstvitskap ved Universitetet i Oslo, som åtvarar sterkt mot dette kunnskapshòlet.
Han peikar på at ein no står overfor ei nasjonal skrivekrise.
– Vi hadde nasjonale skriveprøver fram til 2016, då låg 40 prosent under forventa nivå. Sidan har utviklinga gått nedover i alle andre ferdigheiter, og det er lite sannsynleg at skriveferdigheitene har gått opp, seier Berge.
-
Kjell Lars Berge,
- Professor i tekstvitskap ved Universitetet i Oslo.
- Doktorgrad i anvendt språkvitskap ved NTNU.
Berge har saman med Skrivesenteret og Landslaget for norskundervisning sagt ifrå til regjeringa om at noko bør gjerast med det dei definerer som ei nasjonal skrivekrise.
– Skrivinga er gløymd
Saman med Venstre kravde dei at regjeringa utviklar nasjonale læringsstøttande utvalsprøvar i skriving, som kunnskapsministeren har sagt nei til.
– Eg opplever at skrivinga er gløymd.
Det seier Liv Cahtrine Krogh, styreleiar i Landslaget for norskundervisning.
– Kvar gong ein tenker at det står dårleg til med lesing, så bør ein tenke at det står dårleg til med skriving. Vi ønsker oss at skrivinga får langt meir merksemd, seier Krogh.
-
Liv Cahtrine Krogh
- Styreleiar Landslaget for norskundervisning.
- Førstelektor Universitetet i Sørøst-Norge.
Ho peikar på at lesing og skriving heng tett saman. Noko Arne Johannes Aasen, senterleiar for Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking, støttar.
– Vi har ganske gode data på at ei integrert lese- og skriveopplæring gjer elevane til betre lesarar og til betre skrivarar. Det gjeld særleg på barnetrinnet, seier Aasen.
-
Arne Johannes Aasen
- Senterleiar for Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforskning ved NTNU.
- Nestleiar for NFR-prosjektet «Funksjonell skriving i de første skoleårene».
Kunnskapsministeren deler bekymringa
Kunnskapsdepartementet avviser at dei ikkje tek situasjonen på alvor.
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) understrekar at regjeringa deler bekymringa frå fagmiljøa.
– Det er ein svært alvorleg situasjon i norsk skule der elevane våre korkje les, reknar eller skriv godt nok. Vi har sett inn fleire tiltak for å snu dette, men vi er på langt nær ferdige, seier Nordtun.
Kunnskapsministeren utelukkar ikkje kravet frå fagfolka om å på nytt innføre nasjonale skriveprøver for å kartleggje situasjonen. Sjølv om ho tidlegare har sagt nei til forslaget om å innføre ei slik prøve.
– Ei nasjonal skriveprøve kan vere ein del av løysinga, men her må vi tenkje fleire verkemiddel for å auke læringa til elevane våre både når det gjeld lesing, skriving og rekning, seier kunnskapsministeren.

Kunnskapsminister, Kari Nessa Nordtun (Ap)
Foto: Tobias Sakrisvold Martinsen / NRK
Venstre reagerer: – Uforståeleg
Svara frå Kunnskapsministeren vekkjer reaksjonar hos Venstre-leiar og tidlegare kunnskapsminister Guri Melby.
– Kunnskapsministeren har hatt fleire år på seg til å ta dette på alvor. I staden vel ho å sjå vekk frå det fagmiljøa ropar varsku om, seier Melby.
-
Guri Melby
- Leiar for Venstre.
- Tidlegare Kunnskapsminister frå 2020-2021.
Hu legg til:
– Ei slik utvalsprøve vil vere eit representativt utval av samla nasjonal kunnskap, som vert omsett i ressursar heile sektoren kan bruke, seier Melby. Intervjuet med Melby vart gjort før kong Harald sin død.
Tilbake til Kannik ungdomsskole, der det no er friminutt.
Dei fire klassekameratane håpar at skriving blir teke på alvor.
– Det er negativt dersom vi ikkje klarar å skrive gode tekstar, noko som vi eigentleg treng resten av livet, seier Sofie Røreng Øverland.
10.klassingane er samde om at dei alle kunne vore meir nøye når det gjeld skriving
Foto: Fride Audunsdotter Westvik/NRK
Hei!
Har du tankar om saka du har lest, eller innspel til andre ting eg bør sjekke ut? Send meg gjerne ein e-post!
Les også gjerne andre saker eg har skrive tidlegare.
Publisert
Oppdatert


