Viking er klare for ligafasen i Meisterligaen for første gong i klubben si 127-årige fotballhistorie.
Onsdag kveld møter dei den tradisjonsrike Bundesliga-klubben Stuttgart sør i Tyskland.
Dagen etter møter Bodø/Glimt toppklubben Bayern München – også dei i det fotballgale landet.
For første gong sidan 1999 har Noreg to lag med i verdas gjævaste klubbturnering.
Skryt av norsk fotball
Stuttgart-trenar, Sebastian Hoeneß, skryt av Viking og norsk fotball på pressekonferansen dagen før kampen.
– Viking var langt unna Champions League for eit par år sidan, men det er eit lag som har overraska. Dei er veldig godt organisert, dei vann mot Dinamo Zagreb og blei seriemeistrar i fjor, seier Stuttgart-trenaren.
– Ville Viking overlevd i første Bundesliga, spør ein av journalistane på pressekonferansen?
– Det er eit vanskeleg spørsmål, men eg vil svara ja. Me har også sett kva som skjedde med Bodø/Glimt i Meisterligaen.
NRK ber trenaren vurdera statusen til norsk fotball, med suksessen til landslaget i VM – og to lag i Meisterligaen, Viking og Bodø/Glimt.
– Mi vurdering er veldig positiv. Det var skikkeleg moro og sjå det norske landslaget i VM og laget har ikkje berre Haaland, men også tre-fire andre toppspelarar som er veldig bra og spelar i dei største ligaene.
– Noreg er eit lite land, men har mange gode fotballag. Det viste Bodø/Glimt i fjor, seier Stuttgart-trenaren.

Viking trente tysdag kveld på MHPArena i Stuttgart før den historiske kampen i Meisterligaen onsdag.
Foto: Arild Eskeland / NRK
Viking-trenaren: – Me er ein liten nasjon
Viking-trenar Morten Jensen synest dette er sjenerøst sagt av trenaren for den tyske Bundesliga-klubben.
– Eg er også imponert over norske lag og landslaget. Me må ikkje gløyma at me er ein liten nasjon som har gjort det utruleg bra, seier Jensen på Viking sin pressekonferanse i Stuttgart.
Jensen legg likevel ikkje skjul på at Viking møter ein stor klubb i ein stor og stolt fotballnasjon.
– Stuttgart er både ein tøff og kul klubb.
– Norsk fotball er på ein god stad. Kva er dine tankar om hovudgrunnen til den gode utviklinga og kva skal til for at den skal halda fram?
– Det enkle svaret er godt og hardt arbeid over tid, spelarutvikling og korleis me trenar med eigen spelestil, seier Jensen, og legg til:
– Trenarkompetansen har også blitt større, det er meir skulerte trenarar frå klubblag til landslaget. Me må halda fram med og jobba og vera audmjuke. Dei fleste land ønsker å vera med i Champions League.
– Kva er Viking sine sjansar mot Stuttgart?
– Me må ha variasjon, vera modige, forsvara oss godt og bruka våre styrker. Dei som alle andre lag har svakheiter. Det er moglegheiter, men det blir ein tøff kamp, seier Viking-trenaren.
– Alle er klar over at me møter eit topp internasjonalt lag. Me må våga og representera oss sjølv og Viking på ein god måte. Det er ein historisk kamp og me gler oss mykje, supplerer Viking-kaptein Zlatko Tripić på pressekonferansen.

Viking-kaptein Zlatko Tripić på pressekonferansen i Stuttgart.
Foto: NRK
Heksegryte ventar Viking
Stuttgart spelte sist i Meisterligaen i sesongen 2024/25.
Ifølge trenar Sebastian Hoeneß er det ikkje mange år sidan også Stuttgart var langt unna verdas gjævaste klubbturnering.
– Dei siste tre-fire åra har me jobba veldig mykje. Me har kjempefans, ein toppmoderne bane og har utvikla oss. Det er også ein utruleg fotballgalen by, også i dårlege tider. Det gir optimisme.
Stuttgart og Viking hadde tysdag ettermiddag og kveld sine siste treningar før Viking sin historiske Meisterliga-debut på Stuttgart sin heimebane MHPArena.
Den har ein kapasitet på 60.000, men i internasjonale kampar som Meisterligaen er kapasiteten om lag 55.000.

Stuttgart gjennomførte ei lett treningsøkt tysdag før kampen mot Viking i morgon.
Foto: Arild Eskeland / NRK
Stuttgart-fansen er kjent for å laga stemning og lyd frå seg på tribunen.
Gradestokken viste tysdag ettermiddag rundt 30 grader, men på kampstart i morgon er det venta rundt 18 grader.
Det er venta rundt 5–600 vikingsupporterar til bilbyen i Sør-Tyskland.
Kamptidspunktet onsdag kveld i Stuttgart er klokka 18.45.
Klokka 21 torsdag møter Bodø/Glimt Bayern München på bortebane i deira første kamp i ligaspelet i Meisterligaen denne sesongen.

Stuttgart sin heimebane MHPArena har ein kapasitet på 60.000, men i internasjonale kampar som Meisterligaen er kapasiteten om lag 55.000.
Foto: Arild Eskeland / NRK
Publisert
Oppdatert


