– Det er ei bra arbeidsveke, seier Simen Holvik til NRK om sin eigen prestasjon.
Akkurat det kan ein vel på mange måtar vere veldig einig med Holvik i.
For etter seks døgn, eller 144 timar om du vil, med nærast kontinuerleg løping, stoppa 49-åringen på 940,874 kilometer i VM i seksdagarsløp.
I tillegg til at han nå kan kalle seg verdsmeister, er også distansen både norsk og nordisk rekord.
Da NRK snakkar med han nokre timar etter målgang, har han ennå ikkje hatt tid til å sove etter VM-bragda.
– Nå er eg vel litt trøytt. Eg har vore i dopingkontroll, og så hadde vi ein øl og pizza med hjelparane mine. Nå blir det godt å legge seg, seier Holvik til NRK.

HOLVIK: Her tar Simen Holvik til seg litt næring undervegs i løpet.
Foto: Tiril Lindberg / Tiril Lindberg
1047 rundar
VM i seksdagarsløping har tradisjonar heilt tilbake til 1870-talet i både England og USA.
2026-utgåva blei arrangert på ein campingplass i Balatonfüred i Ungarn.
Der fekk deltakarane ein runde på 898,2 meter å springe på. Temperaturen har tidvis vore opp mot 30 varmegrader.
– Det er noko heilt unikt å legge frå seg telefonen, stoppe verda, komme seg inn i bobla i seks dagar. Det er noko veldig primitivt og godt, seier Holvik.
Han fortel at han undervegs har hatt hjelp av sitt eige team på fire personar som har hjelpt han med næringsinntak, søvn og kanskje viktigast: å skilje verkelegheit frå fantasi.
– Innimellom fekk eg litt problem med å skilje draum frå verkelegheit, for du klarer ikkje alltid heilt å forstå kva som er ekte, fordi du har så lite søvn. Så dei er der for å passe på at du er tilbake i verda, på eit vis. Det er viktig, seier Holvik.

PAUSE: Undervegs måtte det nokre pausar til. Holvik sov på det meste 2,5 timar per døgn.
Foto: Tiril Lindberg / Tiril Lindberg
49-åringen fortel at han på det meste tok seg tid til 2,5 timar søvn i løpet av eitt døgn.
– Det er jo ei veldig påkjenning, så ja, ein pressar jo kroppen til det maksimale, seier Holvik.
Les Holvik si sterke historie om korleis han begynte med løping her:
Fire maratonar om dagen
NRK sin friidrettskommentator Jann Post er mektig imponert over det Holvik har fått til.
– Det er ein ekstremt imponerande prestasjon, rett og slett. Han er seig, både i hovudet og i kroppen. Han kan halde det gåande i ei æve. Eg er ikkje overraska over at han klarer det, seier Post.
Magnus Thorud er ein av Holvik sine støttespelarar. Han er også raus med orda for å beskrive prestasjonen.
– Dette her er jo ekstremsport, utan tvil. Det er spinnvilt. Heilt spinnvilt, seier Thorud til NRK.
Jann Post er einig.

VARMT: Med temperaturar opp mot 30 grader var det tidvis steikande heitt på campingplassen i Ungarn.
Foto: Tiril Lindberg / Privat
– Dei fleste synest jo det er nok å springe éin maraton éi helg. Her snakkar vi fire maratonar om dagen i seks strake dagar. Du får ikkje i deg nok næring, du får ikkje nok søvn, så det er utruleg krevjande at du klarer å halde det gåande både mentalt og reint muskulært.
Holvik tok sigeren i herreklassen i løpet i Ungarn med dei 940 kilometrane sine. Likevel var det ein person som løp enda lenger: Megan Eckert frå USA sprang heile 1024,319 kilometer, sette ny verdsrekord og blei altså verdsmeister i kvinneklassen.
Rett på jobb igjen
Sjølv om Holvik har sove minimalt dei siste dagane og 940 kilometer er tilbakelagde, så har han ikkje tid til å kvile særleg lenge.
Allereie torsdag morgon var han tilbake på jobb for det amerikanske IT-selskapet han jobbar for.

SLIT: Det er vel inga overdriving å beskrive Holviks prestasjon som eit slit.
Foto: Tiril Lindberg / Privat
– Eg har jo berre fem–seks veker ferie, så det var ikkje noko meir igjen i år, seier Holvik og ler.
– Du driv deg sjølv hardt?
– Nei, eg kjenner det ikkje sånn. Det gir meg mykje. Det finst verre ting ein kan halde på med, tenker eg.
Publisert


