Ei ny undersøking blant tilsette i oppdrettsselskap, reiarlag, fiskeslakteri og på båtar brukt i oppdrettsnæringa viser ei tydeleg bekymring for helse og sikkerheit.
To av tre tilsette er bekymra for at arbeidet påverkar helsa negativt. Like mange seier dei har opplevd nestenulykker dei siste to åra, viser undersøkinga frå Sintef Ocean.
Geir Offerdal har sidan 2019 hatt ansvar for havbrukssektoren i Norsk Sjømannsforbund.
Han trekkjer fram spesielt dei som jobbar på servicefartøy knytt til havbruksnæringa. Tilsette her jobbar som regel for sjølvstendige selskap som leigast inn av oppdrettsselskapa.
Her seier meir enn fire av fem tilsette at dei har opplevd nestenulykker dei siste åra i HMS-undersøkinga.
– Fryktar at vi skal miste fleire
I samtaler med medlemmar er det dei minste servicefartøya som blir trekt fram til å ha dei største utfordringane.
– Vi har opplevd dødsulykker i næringa, og vi fryktar at vi skal miste fleire eller at det blir alvorlege skadar, seier Offerdal.
Medan ein på større fartøy har meir arbeidsrom rundt seg, har ein ikkje dette på dei minste fartøya.
– Det er mykje utstyr, og varierande grad av kvalifikasjonar til å bruke alt utstyret. Spesielt med kranene blir ein då særleg utsett for klemskadar, seier Offerdal.

Rådgjevar Geir Offerdal i Norsk Sjømannsforbund. Sidan 2019 har han hatt ansvar for havbrukssektoren i sjømannsforbundet. Det er også der han har utdanninga og yrkesbakgrunnen sin frå.
Foto: Norsk Sjømannsforbund
Uroa for skadar og ulykker
– Undersøkinga seier noko om kva problem som eksisterer i næringa, og kven det er som potensielt rammast hardast, seier forskar Trine Thorvaldsen.
Sidan dei gjennomførte den førre HMS-undersøkinga i 2023, er det i dei store linjene lite som har endra seg.
– Vi ser verken ein nedgang på bekymringar for helse eller dei som fortel at dei har opplevd nestenulykker. Vi hadde kanskje håpa at det var blitt litt betre, seier ho.
-
Trine Thorvaldsen
- Seniorforskar i SINTEF Ocean
- Har jobba med arbeidsmiljø, sikkerheit og HMS i havbruksnæringa i om lag 15 år
Det dei tilsette er mest redde for er belastningsskadar på grunn av tungt fysisk arbeid.
Og på spørsmål om arbeidet har ført til helseplager, svarer litt over 30 prosent at dei har smerter i rygg, nakke, skulder eller arm.
Deretter kjem frykta for ulykker.
Nesten halvparten svarar at dei er bekymra for å bli utsett for ei ulykke på jobb.
Sjølv om eit fleirtal meiner at selskapet dei jobbar i tek sikkerheit på alvor, svarar om lag ein av tre at det er høgt arbeidspress og at produksjonen kan gå framfor sikkerheit.
– Omsynet til fiskar har ein høg viktigheit i oppdrettsnæringa. Mykje handlar om å halde fisken frisk, og at den ikkje skal rømme. Nokre gongar kan HMS kome litt i skuggen av dette, seier Thorvaldsen.
– Har ikkje endra seg stort
Claus Jervell i Fellesforbundet er ikkje overraska over funna i undersøkinga.
Dei representerer nær 4000 medlemmar som jobbar med den levande fisken, frå settefiskanlegga og fram til dei blir slakta.
– Dessverre har ikkje biletet endra seg stort sidan førre undersøking. At risiko- og bekymringsbiletet er så stort, tydar på at det ikkje blir gjort nok for å forbetre arbeidsmiljøet, seier han.
Arbeidet og måten drifta skjer på i havbruksnæringa krev eit stort fokus på sikkerheitskultur. Operasjonar, som avlusing, skjer døgnkontinuerleg med fleire aktørar i aksjon samtidig.
– Det er veldig mange risikofaktorar i næringa. Då hjelp det ikkje at sikkerheita er bra til kvardags. Det må vere så bra at det også står seg når den verkeleg blir utfordra, seier Jervell.

Claus Jervell, som har ansvar for havbruk i Fellesforbundet, meiner funna i undersøkinga er alvorlege.
Foto: Fellesforbundet
Ville helst sett forbetringar
Rune Dyrvik i Sjømat Norge skriv til NRK at dei hadde håpa på betre resultat i undersøkinga.
– Vi er glad for all kunnskap som styrker HMS-arbeidet. God HMS-kultur blir bygd over tid og slike undersøkingar er viktige sidan det gir oss og bedriftene kunnskap i HMS-arbeidet, skriv fagsjefen for arbeidsliv.
Han fortel at dei skal gå gjennom funna med Sintef denne veka.
– Kva har bransjen gjort for å betre sikkerheita?
– Det blir gjort mykje godt arbeid i bedriftene og HMS er eit område som har mykje merksemd. Det er ein bransje med mange risikoområde som del av arbeidet, skriv Dyrvik.

Fagsjef for arbeidsliv, Rune Dyrvik, i Sjømat Norge seier dei helst skulle sett klare forbetringar frå den førre HMS-undersøkinga.
Foto: Sjømat Norge
Fleirtal trivst
Dei fleste som er spurt, heile 86 prosent, svarar trass alt at dei er fornøgde med jobben, og at dei ser føre seg ei framtid i næringa. Nær to tredjedelar seier at dei ser føre seg å jobbe i næringa òg om fem år.
– Det er veldig bra at folk trivst på jobben. Det er positivt for næringa, seier Jervell.
Deler erfaringar
Undersøkinga er ein del av eit større prosjekt, som har som mål å gjere det tryggare å jobbe i havbruksnæringa.
Sintef har laga ei nettside der dei samlar opp erfaringar med ulykker i havbruksnæringa.
– Selskapa som ønskjer deler interne hendingar på ein måte som ivaretek personvernet, men gir læring. Målet er at ein i bransjen skal kunne lære av kvarandre sine hendingar, og ikkje berre sine eigne, seier Thorvaldsen.
Hendingane som er samla inn er varierte.
Her finn vi mellom anna hendingar der ein tilsett starta sirkelsaga litt for tidleg, og blei sendt til legevakta. Ein gummihanske sette seg fast i ein drill, så fingrane blei med rundt. Ein tilsett sklei på is inne på eit slakteri, og tok seg for på eit produksjonsband slik at han kom i klem.
– Fleire ser verdien i å dele for å lære. Ein skal ikkje fordele skyld, sidan det løyser ingen ting, men det viser eit engasjement og ønskje om forbetring, seier Thorvaldsen.
Publisert


