– Er det du som er trollet?
Mor Ingvild Skare Thygesen og dei tre barna Koll, Askel og Ylva lever seg inn i eventyret «De tre bukkene Bruse».
Kulissane er også bokstavleg talt eventyrlege på fjellgarden i Røldal i Vestland.
Den gamle låven i naturleg trefarge er dekka med torvtak og utsmykka med rutete vindauge.
På bakken er graset så vidt blitt grønt.
Himmelen er knallblå og dei høge fjelltoppane er pynta med kvit snø.
– Det spesielle med bygdene her oppe er nærleiken til vidda og fjellet. Me brukar naturen og det er derfor me vil bu her, seier trebarnsmor Skare Thygesen.
I fjor haust flytta ho til mannen sin familiegard i Røldal, like ved E134 Haukelivegen som er ein av vegane mellom aust og vest i landet.
Her driv dei med gardsturisme og utleige av jakt- og fiskerettar.

Ylva Skare Thygesen (10), Koll Rabbe Thygesen
(2) og Thor Rabbe (12) trivest med uteleik i Røldal.
Foto: Magnus Stokka / NRK
Ingen bading eller båtliv
Men bak den tilsynelatande idyllen, skjuler det seg eit sinne og frustrasjon.
Mange i Røldal er rasande på landets største kraftutbygging på 40 år til ein prislapp på 7–8 milliardar kroner (sjå faktaboks og kart).
Nye kraftverk og hyppigare regulering av Røldalsvatnet vil gjera det umogleg for folk å bruka vatnet til aktivitetar både sommar og vinter, meiner fleire.
Vatnet ligg kloss ved der dei fleste om lag 400 innbyggarane i bygda bur, og blir samanlikna med Sognsvann i Oslo og Vangsvatnet i Voss.
– Utbyggarane påfører oss lokalt store ulemper i vår kvardag og viser ingen vilje til å utbetra dei ulempene som dei tenar uhorveleg med pengar på, meiner Skare Thygesen.
Kraftproduksjonen har gitt tydelege fotavtrykk ved Røldalsvatnet. Dronefoto: Arild Eskeland.
32-åringen fryktar det også blir verre å ta seg inn til jakt- og friluftsområdet Valldalen, der ho er grunneigar, med pumpekraftverk.
Det er vegen inn til Hardangervidda og fjellet for mange i Hardanger.
Ho trur folk vil slutta å bruka fjellet dersom utrygg is gjer snøskuter uforsvarleg.
– Eg veit det er mange som har lyst til å bu her på grunn av moglegheitene i fjellet. Men dei drep bygdene sakte, men sikkert, dersom desse blir innskrenka.
Her ønsker Lyse og Hydro å bygga fem nye kraftverk (dei raude prikkane).
Ho får støtte av svigerinna Sylvia Rabbe Hagen (42) som er oppvaksen på garden.
– Tappinga av Røldalsvatnet gjer at det blir lagt igjen mykje bås, så det freistar ikkje å bada. Det går heller ikkje an å ha båtar på vatnet fordi du veit ikkje om vatnet vil vera høgt eller lågt neste dag, seier 42-åringen.

Sylvia Rabbe Hagen er oppvaksen i Røldal og har lite til overs for inngrepa kraftutbygginga gir.
Foto: Magnus Stokka / NRK
– Heilt sprøtt
I dag er Røldalsvatnet regulert med opp mot 17 meter.
Men avstanden frå land og ned til vatnet kan bli fleire titals meter, ifølge Hagen.
Det er også lange avstandar når NRK er på besøk.
Det er tørrlagde område som ser ut som ei stor strand.
Men i praksis er det jord som er utvaska på grunn av nedtapping og kraftproduksjon.
– Det er utrygge massar, og det vil bli verre med planane om pumpekraftverk. Det er mangel på båtopptrekk for å trekkja opp båtar frå vatnet, og det er også farleg å fiska frå land, seier Hagen engasjert.
– Kor sint er du?
– Ein kan jo grina eller le av dette. Det er berre heilt sprøtt at det skal halda fram slik det blei bygd på 60-talet, og at det til og med skal bli verre. Det er ikkje rettferdig.

Skilt om utrygg is på Røldalsvatnet. Reguleringa av vatnet gjer at det blir lite brukt til fritid og rekreasjon, både sommar og vinter.
Foto: Magnus Stokka / NRK
Fryktar bygda døyr ut
Nils-Vetle Medhus (30) er kommunestyremedlem for Senterpartiet i Ullensvang, kommunen Røldal er ein del av.
– Vatnet er ikkje ein naturleg samlingsplass slik det er mange andre plassar i Noreg der du har eit vatn som ligg tett på.

Kommunestyremedlem Nils-Vetle Medhus (Sp) i Ullensvang meiner kommunen får lite og ingenting igjen av å gi naturressursar til kraftutbygging.
Foto: Magnus Stokka / NRK
Han fryktar også dei nye kraftplanane og det han kallar «jojo-køyring».
Altså at vatnet kan auka kraftig opp og ned same dag.
– Du får hardare erosjon, noko du ser resultata av alt i dag. Det er ikkje så mykje å slå i bordet med for ein turistplass.
– Fryktar du bygda vil døy ut?
– Ja, på sikt gjer eg det. Det trur eg dei fleste er innforstått med. Eg opplever at me er eit gnagsår for kapitalen, seier Sp-politikaren.
Kokepunktet
Konfliktnivået har nådd kokepunktet når det gjeld store kraftutbyggingar i Noreg.
Eit synleg bevis på det er alle plakatane som heng langs E134 gjennom Røldal med skrifta: «Hydro/Lyse-avtalen er eit ran!».
Ordføraren i Ullensvang er blant dei som har refsa avtalen, og meiner staten bryt ein 60 år gammal avtale om dei store vasskraftverka i Røldal og Suldal (les meir i sveip under).
Det er bakteppet til den massive motstanden mot Noregs største kraftutbygging på 40 år (sjå faktaboks).
Ei hovudkonflikt handlar også om Noregs nest største villreinstamme, som er utryddingstruga i området.
Når vassmagasina blir fylt opp og tappa ned, blir isen fort utrygg for villreinen som brukar magasina som ferdselsveg vinterstid.
– Det blir veldig kritisk for villreinstammen dersom planane blir noko av, har verneområdeforvaltar Alf Odden uttalt ved fleire høve.
Regjeringa vil bygga ut vasskrafta
Energiminister Terje Aasland (Ap) er fullt klar over støyen rundt dei rekordmange søknadane om vasskraftutvidingar her til lands.
– I mange av kraftsakene er det interessemotsetnader. Det viktige er gode prosessar frå starten av.

Energiminister Terje Aasland (Ap).
Foto: André Bendixen / NRK
Ifølge statsråden treng Noreg meir kraft og effektoppgraderingar i vasskraftanlegga, slik som i Røldal og Suldal.
– Eg meiner me har sjansen til å bygga ut meir kraft. Men me må klara å utvikla meir kraft på den eine sida, samtidig som me tar vare på naturen. Det samspelet trur eg går an å løysa på ein god måte.
– I Røldal fryktar fleire bygda blir øydelagd av krafta og har lita framtidstru. Kva inntrykk gjer det på deg?
– Eg trur nettopp det å ha tilgang på kraft for å utvikla lokalsamfunnet og Distrikts-Noreg betre enn tidlegare, er ein føresetnad. Dette vil vera med på å skapa ny vekst i regionen, ikkje det motsette.
– Blir mindre bygdesamfunn ofra for at staten Noreg skal få meir vasskraft?
– Nei, på ingen måte. Me er nøydde til å utvikla dei vasskraftanlegga me har. Men me må gjera det på ein god måte, seier energiministeren.
Lyse-sjefen: – God prosess
Det er Lyse og Hydro som står bak milliardprosjektet i Røldal og Suldal.
Direktør i Lyse Kraft, Bjørn Honningsvåg, forstår delvis frustrasjonen til folk i Røldal.
– Eg kan forstå at dei ikkje har fått innfridd sine forventningar i samband med det såkalla heimfallet som skulle inntre i 2022. Samtidig treng me å oppgradera kraftverka i Røldal og Suldal.

Direktør i Lyse Kraft, Bjørn Honningsvåg.
Foto: NRK
Lyse-sjefen meiner utbyggingsplanen er balansert, men at den skal justerast ut frå høyringssvara som har kome inn.
– Dei største inngrepa blei tatt for 60 år sidan. Det største enkeltinngrepet i Røldal i samand med den nye utbygginga er deponering av tunnelmassar.
– Har du noko å beklaga?
– Me har forsøkt å ha tidleg dialog, men kanskje kunne me vore endå betre på det. Uansett er vår dør alltid open for dialog. Generelt synest eg me har hatt ein god prosess.
Les resten av svaret til Lyse under.
Arbeidsplassar og bustadbygging
Det finst også fleire som er positive til den store kraftutbygginga i Røldal. Dei jobbar gjerne i krafta sjølv eller har familie som gjer det.
I Suldal er ordførar Mats Drange (Ap) opptatt av at ein lærer av den krevjande prosessen til andre kraftprosjekt.
Han understrekar at milliardprosjektet også gir nye arbeidsplassar og moglegheiter til å få fart på bustadbygginga i kommunen.
– Kraftselskapa må skjøna at dersom dei skal få lokal tilslutnad til oppgraderingar, må dei sørga for at vertskommunane sit igjen med noko som ikkje berre handlar om inntekter, men også om samfunnsutvikling.

Suldal-ordførar Mats Drange (Ap) meiner kraftutbygginga kan gi samfunnsutvikling i kommunen, spesielt på Nesflaten og Øvre Suldal.
Foto: Arild Eskeland / NRK
Ingvild Skare Thygesen, som driv med gardsturisme i Røldal, er likevel uroa for fjellbygdene si framtid.
– Men dei som styrer landet seier me treng meir vasskraft?
– Eg er positiv til utbygging av meir vasskraft, men det må skje i samspel med naturen og oss som lever her lokalt.
Publisert


