– Du kan spele på vårt lag, seier 16 år gamle Kevin Hallquist Fludal, til ein yngre gut som er på veg inn i den gamle gymsalen.
Han er ein av fire ungdomsvakter som rullerer kvar veke. Dei skal aktivisere, lytte til og vere med dei yngre ungdommane som kjem.
– Eg synest dette er heilt supert. Folk gler seg til å komme, noko eg gjorde sjølv då eg var på den alderen. Då er det kjekt å vere ein rollemodell for dei yngre.

Innefotball er eitt av mange tilbod for ungdommen som møter opp på Kolnes Grendahus i Karmøy.
Foto: Håkon Kummermo / NRK
Ungdomsklubben Gilli på Kolnes er avhengige av tilskotsmidlar frå kommunen for å kunne drifte. I 2026 har det blitt bestemt at dei får ein fjerdedel av midlane dei har søkt om.
Derfor står jobben til Kevin no i fare.
Det same gjer jobben til Anne Marie Webster, som har 20 prosent stilling i ungdomsklubben.

Anne Marie Webster er livredd for at Gilli må kutte i tilbodet, eller i verste fall legge det ned.
Foto: Håkon Kummermo / NRK
– Min jobb tillèt meg å sjå ungdommen, og kven som har kva behov. Det betyr at eg kan gripe inn i konfliktane og behova deira på ein måte som foreldre ikkje alltid kan.
– Eg har sett nervøse og engstelege born få ei rolle her. Det har ein utruleg stor verdi.
Klubben søkjer stadig om tilskot frå offentlege og private aktørar, slik at dei har råd til husleige, straum, vaktar og aktivitetar.

Kari Lindøe Hunsbedt seier det økonomiske presset til klubben gjer vervet hennar svært stressande.
Foto: Håkon Kummermo / NRK
– Me driv denne klubben i ein evig økonomisk frykt. Me kjem ikkje til å slutte, men me må rekne med endringar, seier kasserar i ungdomsklubben, Kari Lindøe Hunsbedt.
Budsjettet til Gilli ungdomsklubb strekk ikkje til lenger enn fire månader. Om dei ikkje får støtte snart, vil ungdomsvaktene vere det første tilbodet dei må fjerne.
Ei nasjonal utfordring
Ifølgje ei spørjeundersøking som Telemarksforsking har gjort for NRK, melder 39 prosent av norske kommunar om kutt i kulturbudsjettet deira. I 2025 meldte 44 prosent om det same.
I undersøkinga melder 43 prosent av norske kommunar om kutt til frivillige organisasjonar, og 47 prosent melder om kutt i stillingar innan kultur.
Line Elise Holmboe er ein av forskarane bak undersøkinga, og seier at tala er dramatiske.
– Me er ikkje på veg ut eit stup, men det er dramatisk for dei det gjeld, og det vil sjølvsagt merkast ut hjå folk. Det er heller ikkje noko som tyder på at budsjetta skal auke igjen med det første.
-
Lubna Jaffery (Ap)
Kultur- og likestillingsminister
Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap) skriv til NRK at regjeringa har prioritert fritidsklubbar og førebyggande ungdomsarbeid gjennom fleire støtteordningar.
Ho legg også til:
– Når det gjeld prioriteringar innanfor dei enkelte kommunane, er det noko kommunane sjølve må gjere og svare for.
– Me kan ikkje trylle
Karmøy kommune blei nyleg nedgradert frå grønt til gult nivå i KS sin økonomiske oversikt. Noko som speglar seg i forslaget frå kultursjef John Arve Hveding om kva organisasjonar som får driftstilskot.
– Det er nye tider, og me må prioritere midlane. Me ønskjer at dette skal vere ein god plass å vakse opp, samstundes er det ein stram økonomi no.

Med 5 millionar kroner mindre til kultur i 2026, må Karmøy kommune gjere tøffe prioriteringar.
Foto: Håkon Kummermo / NRK
Kultursektoren i kommunen må kutte rundt 5 millionar kroner i år. 1,9 million blir kutta i tilskot til frivillige organisasjonar.
– Det er ein stor verdi å ha eit førebyggande nettverk i eit lokalmiljø, og me gjer det me kan for å hjelpe dei, men kan ikkje trylle fram pengar me ikkje har.
Publisert


