– Eg hadde akkurat gått ut frå ein bar, så ser eg eit hovud stikka opp frå kanten av kaien. Eg går bort og ser at det er ein mann. Då spring eg bort og tar tak i armen hans.
Charlotte Eikesdal fortel om dramatikken ho opplevde i Haugesund sentrum natt til torsdag etter å ha vore i ein bursdag tidlegare på kvelden.

Det er ikkje er lenge sidan det var ein liknande episode i Haugesund.
Foto: Thomas Halleland / NRK
Ho gjekk åleine langs Indre kai då ho oppdaga mannen i sjøen.
Han prøvde å komma seg opp via bildekka som heng langs kaien, utan å klara det.
– Eg ropte på hjelp. Då kom det fire personar for å hjelpa. Me fekk dratt opp mannen og ringde politiet. Etterpå tok me ei jakke rundt mannen for å varma han.
– Truleg omkomme utan bistand
Det var rundt klokka 02.05 natt til torsdag politiet blei varsla om hendinga. Både politi og ambulanse rykka ut til staden.
Kroppstemperaturen til mannen blei målt til 33 grader. Normal kroppstemperatur hos vaksne ligg vanlegvis mellom 36,0 og 37,5 grader.
– Politiet rosar innsatsen til meldar og følget som hjelpte med å få mannen opp av vatnet. Ifølge politipatruljen ville mannen truleg omkomme utan bistand, seier operasjonsleiar Victor Fenne-Jensen i Sør-Vest politidistrikt.
Ein mann ramla i sjøen ved Indre kai i Haugesund sentrum natt til torsdag.
Etterlyser redningsstigar
Charlotte Eikesdal set pris på gode ord frå politiet, men vil at folk skal bli meir observante på ting som skjer langs kaiane.
– Det var i går eg innsåg kor lett det er å oversjå folk. Det var heller ingen redningsstigar i nærleiken, og det burde det vore fleire av.
– Truleg har du berga eit liv i natt. Korleis kjennest det?
– Det er kjempebra. Heilt fantastisk. Men eg blei veldig sett ut, og det var ikkje noko kjekk oppleving.

Eikesdal vil at folk skal bli meir observante på ting som skjer langs kaiane.
Foto: Thomas Halleland / NRK
To gonger på kort tid
Eikesdal peikar også på at det ikkje er lenge sidan det var ein liknande episode i Haugesund.
I september forsvann ein 21-åring sporlaust etter å ha sist blitt sett på kaien i Haugesund. Det blei sett i gang ein omfattande leiteaksjon, og seinare blei ein mann funnen død som var den sakna Sverre Søvik.
– Det skjer ikkje ofte folk ramlar ut i sjøen frå kaien, men nå har det skjedd to gonger på kort tid. Politiet prøver å halda folk vekke frå kaiområdet, spesielt på nattetid i helgene, seier vaktsjef ved Haugesund politistasjon, Håvard Høiland.

Dei blei sett i verk omfattande søk etter ein sakna 21-åring i Haugesund i slutten av september.
Foto: Thomas Halleland / NRK
Publisert


